0
Hopp til hovedinnhold

Regionalt næringsliv treng fleire bein å stå på

Regionar med mangfaldig næringsliv står best rusta for vekst og nyskaping. Det kjem fram i ei ny doktorgradsavhandling ved Handelshøyskolen ved Universitet i Agder.

Ann Camilla Schulze-Krogh har studert samhandlinga mellom det offentlege og private og disputerte nyleg for doktorgraden ved Universitetet i Agder. Foto: Aust-Agder utviklings- og kompetansefond.

Forskaren Ann Camilla Schulze-Krogh har særlig sett på kva for effektar offentleg støtte og tiltak har for utviklinga av næringslivet i ulike landsdelar.

Schulze-Krogh hadde fleire års erfaring frå offentleg sektor med næringsutviklingsprosjekt i Oslo og Akershus og Agder-fylka da ho fann ut at tida var inne for eit teoretisk djupdykk i teori og praksis rundt næringslivsutvikling.

– Eg ønskte å sjå nærare på korleis statlege tiltak og bidrag frå fylker og andre offentlege ordningar påverkar bedrifter og næringslivsutviklinga i ulike regionar, seier ho.

Forskaren har mellom anna stilt slike spørsmål: Kva skal til for å utvikle næringslivet i ein region, og kva for rolle speler regional politikk?

– Eg ønskte særleg å sjå på kva det er som bidrar til omstilling og korleis næringslivet tek imot dei tiltaka virkemiddelapparatet tilbyr, seier Schulze-Krogh.

Ho har vore ein offentleg ph.d.-kandidat og stipendet hennar har vore finansiert av Noregs forskingsråd og Aust-Agder fylkeskommune

Samspelet offentleg og privat

Schulze-Krogh har studert samspelet mellom offentlege hjelpetiltak og omstillingsevna til næringslivet i ulike landsdelar som Agder-fylka, Hordaland, Rogaland og Finnmark. Ho har vore særleg oppteken av å finne det som bidrar til vekst og omstilling og korleis offentlege tiltak for næringslivsutvikling vert tekne i bruk i ulike bedrifter og regionar.

Virkemiddelapparatet er den nemninga statlege organ bruker når dei snakkar om offentlege hjelpe- og støttetiltak retta mot næringslivet i ulike delar av landet. Eit døme på eit slik virkemiddel er VRI.

Den nyslåtte doktoren har mellom anna sett på korleis VRI-satsinga har fungert. VRI har gått over fleire år (2014-2018) og er ein av dei store statlege satsingane i regi av Forskingsrådet. Satsinga har hatt som mål å fremje nyskaping i norsk nærings- og arbeidsliv basert på forsking og samarbeid mellom det offentlege og næringslivet.

– VRI har fungert, men det har gitt ulike resultat i ulike landsdelar. Men virkemiddelapparatet må ikkje berre støtte eksisterande industri, men også bidra til at det vert starta og utvikle ulike typar bedrifter i den enkelte regionen, seier forskaren.

Avhengig av bedriftene

– Bedrifter har ulikt utgangspunkt. Selskap som byggjer arbeidet sitt på analytisk kunnskap har bruk for forskingsbasert kunnskap og har hatt god nytte av VRI. Selskap tufta på meir symbolsk kunnskap, slik som turisme og opplevingsbasert industri, treng andre hjelpetiltak, seier Schulze-Krogh.

Fleire bedrifter i Agder leverer produkt og tenester til olje- og gassektoren og har hatt god nytte av VRI-satsinga. Det same har bedrifter innan oljesektoren i Rogaland.

Finnmark er ein relativ tynn region med svakt utvikla forskings- og utviklingsmiljø. Bedrifter i Finnmark fekk likevel godt  utbytte av VRI ved at dei måtte ut av regionen for å finne forskingsaktørar å samarbeide med.

– Slik vart dei tilført ny kunnskap som var til god hjelp for utviklinga av deira bedrifter, seier Schulze-Krogh.

Mangfald eller spesialisering

Avhandlinga viser også at landsdelar med eit einsidig og spesialisert næringsliv stiller svakare i krisetider. Agder og Rogaland har til dømes spesialiserte industriar som er dominerande innanfor sine område. Slike landsdelar vert sårbare når det er lågkonjunktur og behovet for omstilling vert påtrengjande. 

– Spesialiserte bedrifter bidrar gjerne med framsteg og nyskapande produkt- og tenesteutvikling innanfor sitt felt, men dette er ikkje nok for å skape vekst og utvikling i ein landsdel. Særleg vanskeleg er det å omstille landsdelar med eit spesialisert næringsliv i krisetider. Regionar med variert næringsliv er flinkare til å omstille seg, seier Schulze-Krogh.

Hordaland er døme på ein landsdel med eit variert næringsliv, eller tjukk innovasjonsevne, som forskarane kallar det. Det motsette er eit einsidig næringsliv med tynn innovasjonsevne.

Samarbeid med andre bransjar

– Dei bedriftene som tidleg søkjer mot andre bransjar og sektorar, klarer seg best gjennom kriser, til dømes i oljesektoren, seier Schulze-Krogh.

Dette med å sjå etter samarbeid med bedrifter i andre bransjar, kallar forskarane for tverr-sektoriell innovasjonsevne.  

– Bedrifter med ein medviten og tverr-sektoriell strategi knytt til produkt, system, tenesteutvikling og rekruttering utviklar ein breiare marknad og får fleire bein å stå på. Bedriftene som er flinkast til å samarbeide med andre bransjar, held til i regionar med eit variert næringsliv, område med såkalla tjukk innovasjonsevne, seier ho.

Forskaren understrekar at kommunar, fylker og virkemiddelapparatet i tida framover må leggje enda meir vekt på den tverr-sektorielle tenkjemåten.

– Når ny omstillingspolitikk vert utforma og nye virkemiddel utvikla for å stimulere til vekst og utvikling, er det heilt nødvendig at ein legg vekt på korleis ulike bransjar kan samarbeide om utviklinga, seier ho.

Eksisterande og nytt næringsliv

Forskaren er no tilbake i næringslivsavdelinga i Aust-Agder fylke og veit meir om kor skoen trykker når det gjeld vekst og utvikling. Ho peiker på at offentlege tiltak må vere tilpassa regionale vilkår og næringslivets i landsdelen.

– Men viss ein ønsker vekst og utvikling, er det ikkje nok å støtte eksisterande næringsliv. Det offentlege må også vere villig til å støtte næringsliv som ønskjer å utvikle seg i andre retningar enn det eksisterande, seier ho.

Ho understrekar at nøkkelen for vekst og utvikling i ulike regionar er eit betre samarbeid mellom forskarar, rådgjevarar i det offentlege og næringslivstoppane i landsdelen. Forskaren meiner det er offentleg sektor som har mest å gå på her.

Offentleg sektor må endre seg

– Det er den offentlege sektoren som må endre seg mest for at politikk og støttetiltak skal verte tilpassa eksisterande og framtidige bedrifter. Det er rådgjevarar og politikarar i fylker og kommunar  som må skaffe seg kunnskap om det som motiverer toppleiarar i næringslivet til omstilling, seier Schulze-Krogh.

Ho peiker på regionreforma og endringa av kommunestruktur og oppgåver til kommunar og fylker som eit viktig bidrag til at offentlege tiltak retta mot næringslivet vert enda meir målretta. 

– Regionreforma skal gi betre samarbeid for større område. Det gir oss eit betre høve til å utvikle ein fleirsidig næringslivsstrukturar i fleire regionar. Da kan vi enklare tilpasse offentlege støtteprosjekt mot eksisterande industri og ny næringslivsutvikling, seier Schulze-Krogh.

Ann Camilla Schulze-Krogh

Regional Industrial Development

The role of firms and regional policy learning

Doktorgradsavhandling ved Handelshøyskolen ved Universitetet i Agder, 2018

Send studiet på mail