Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Pilotprosjekt i psykisk helse

Institutt for psykososial helse og SiA helse har etablert eit nytt helsetilbod for studentar. Studentane skal drive det sjølv, og hjelpe andre studentar.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Tore Dag Bøe ved Institutt for psykisk helse, Linda Irene Karlsen hos Abup og student Linda Irene Karlsen er fornøgde med pilotprosjektet. Dei håper det kan drives vidare.

Førsteamanuensis Tore Dag Bøe ved Institutt for psykososial helse, Linda Irene Karlsen hos Abup og student Jorunn Wennesland er fornøgde med pilotprosjektet. Dei håper det kan drives vidare.

Det er eit gratis drop-in tilbod for dei som treng nokon å snakke med, og som blir drive av fire studentar på vidareutdanninga Brukerorienterte arbeids- og praksisformer.

Bak drop-in tilbodet på Campus Grimstad står Institutt for psykososial helse, SiA helse (Studentsamskipnaden i Agder) og Abup (Avdeling for barn og unges psykiske helse på Sørlandet sykehus HF). Linda Irene Karlsen er familieterapeut på Abup. Stian Braathen er klinisk sosionom, spesialist i barne- og ungdomspsykiatri, familieterapeut og samtaleterapeut hos SiA helse. Dei gjev studentane oppfølging.

Studentane har kompetanse

Alle studentane som er med må ha ei grunnutdanning innan helse- og sosialfag og arbeidserfaring med menneske i minst to år. Studentane er sjukepleiar, velferdsviter, sosionom og vernepleiar. Tre av dei skal ha praksis på Abup, og blir med når Karlsen har terapi med pasientar, medan ein av studentane har leiaransvar for prosjektet.

Studentane jobbar saman to og to når dei har samtalar på drop-in tilbodet, og samtalane er på eit lågterskel nivå.

Vanlegvis er studentane på Brukerorienterte arbeids- og praksisformer observatørar når dei har praksis. I dette prosjektet får dei eigenerfaring, og synest dei får lære meir når dei er aktive.  Medstudentar har hatt lyst til å vere med når dei har sett kva desse studentane har lært. Jorunn Wennesland er ein av studentane som driv drop-in tilbodet.

– Eg har lært om reflekterande prosessar og ulike kommunikasjonsmodellar, som er ein del av studiet, men også å samarbeide med den andre medstudenten. Vi har ulike roller under samtalen og drøftar dette med kvarandre etterpå for eigenlæring. Eg vil bli ein god terapeut, og då må eg lære mykje om mi rolle.

Studentar som har hatt samtalar har sagt at dei har hatt nytte av det, og nokon vil gjerne kome fleire gongar.  

God oppfølging og rettleiing

Studentane som driv tilbodet får god oppfølging.
– Eg har felles rettleiing med alle fire, der vi drøftar samtalane fagleg. Studentane kan ta kontakt med meg eller Stian Braathen når som helst, seier Karlsen.

Studentane er fornøgd med samtalane, og meiner dei er med på å utvikle dei som psykiske helsearbeidarar, og førebu dei på nye situasjonar som kan oppstå i samtalar.

Drop-in tilbodet er eit pilotprosjekt som starta i august og er over til sommaren. Det skal vurderast grundig. Institutt for psykososial helse, SiA helse og Abup ønsker å drive det vidare, og håper også å få eit samarbeid med kommunen, sjukehuset og Abup. Då kan Studentdrevne samtaler både avlaste helsetenesta og fleire studentar kan få praksis. SiA helse har eit godt helsetilbod, men det er ofte ventetid på samtalar. Dette tilbodet kan bidra til å korte ned ventetida.