Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Pasientar ønsker betre informasjon

Pasientar med alvorleg kronisk sjukdom treng betre informasjon. Dette kjem fram i ein ny internasjonal studie av professor Gudrun Elin Rohde på Universitetet i Agder. 

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ny studie av professor Gudrun Elin Rohde frå Institutt for helse- og sjukepleievitskap på UiA viser at helsepersonell må bli betre til å kommunisere med pasientar med levercirrose.

Rohde er professor ved Institutt for helse- og sjukepleievitskap på UiA. I studien ser Rohde på informasjonsbehovet til pasientar, pårørande og helsepersonell knytt til sjukdommen levercirrhose; det irreversible endestadiet ved ei lang rekke kroniske leversjukdomar. 

– Vi ønskte å utforske korleis pasientane og familiane og opplevde helsetenestene, kommunikasjonen og korleis lindrande omsorg blir utført for pasientar med leversjukdomar, seier Rohde. 

Studien er ein såkalla systematisk review der forskaren baserer seg på 19 studiar med pasientar, pårørande og helsepersonell. 

Utfordringar med å kommunisere

Studien viser at helsepersonell har utfordringar med å kommunisere omfanget av sjukdomen for pasientar og familiar, og å starte lindrande behandling på rett tidspunkt. Allmennpraktikantane møter ofte pasientane først og synast det er vanskeleg å snakke med pasientane om alvoret knytt til sjukdomen. 

Levercirrose er ein alvorleg kronisk sjukdom. Levra dannar bindevev og blir hard. Dette fører til at levra ikkje fungerer skikkeleg, og blodtrykket rundt levra stig. De vanlegaste årsaka til sjukdomen er alkoholmisbruk og hepatitt.

– Spesialistane opplever også at dei manglar metodar for gjennomføring av gode samtalar med pasientar om prognosar og framtidsutsikter, seier Rohde.  

Rohde fortel at pasientar og familiane deira treng og ønsker meir informasjon om behandlingar dei får og korleis dei kan få hjelp til psykologiske og praktiske behov. 

Styrking av lindrande omsorg

Alle legar og sjukepleiarar som er involverte i pasientar med framskriden leversjukdom ser at lindrande og støttande omsorg har ei verdifull rolle, og kan styrke pasientomsorga.  

Helsepersonell skal nå få hjelp til å betre kommunikasjonen med pasientar for å tilfredstille behov som går utover dei medisinske. 

– Det er nå utarbeidd ei kommunikasjonsliste med cirka 20 spørsmål. Desse skal bli brukte mellom helsepersonell og pasientar slik at dei blir tryggare på arbeidet sitt. Målet er at dei skal få betra samhandlinga og kommunikasjonen med pasientar og pårørande, seier Rohde. 

Samarbeid med University College London

Studien er gjort i samarbeid med Marie Curie Palliative Care Research Department ved University College London (UCL). Samarbeidet starta da Rohde var gjesteforskar der våren 2017. 

Forskingsresultata til Rohde er nylig publiserte i tidskriftet Journal of Hepatology.

Forutan Rohde har medforfattarar til artikkelen vore seniorforskar Joseph T.S. Low, seniorforskar Bridget Candy, forskingssjukepleiar Sarah Davis, professor Paddy Stone frå UCL, lege og leverspesialist Aileen Marshall frå Sheila Sherlock Livet Unit, og lege Kathrine Pitterdou frå Whittington Health NHS Trust.