Amerikanarane i Midtvesten legg vekt på både utdanning og danning av studentane. Begge delar er viktig i eit land med ein president som tenkjer i svart-kvitt og anten eller.
Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
November 2018: Decorah, Iowa. Fargo, Nord-Dakota. Moorhead, Minnesota. Det er tolv minusgrader og snø i bygatene. Vêret i Midtvesten er omtrent som det kan vere i Noreg på denne tida, skiftande frå minus og iskaldt til plussgrader og mildt.
Det står 14 medarbeidarar frå Universitet i Agder (UiA) og frys i hovudgata West Water Street utanfor Hotel Winneshiek i Decorah sentrum, Iowa. Dei har teke ulike ruter over til USA, men dei fleste har reist omkring ti timar med fly Kjevik–Amsterdam–Minneapolis og køyrt tre timar i bil frå Minneapolis i Minnesota til byen Decorah.
Til frukost vert dei møtte av eit svært norsk flagg ved disken på Magpie Coffeehouse. Det høyrest ut som heime når servitøren seier «ver så god og et» på gebrokkent norsk og serverer kaffi og omelett. Servitøren er ein av studentane som følgjer norskkurset på Luther College i Decorah.
– Det er ikkje nok å lære studentane fag, dei skal vekse personleg også, sa David Wahlberg, kommunikasjonssjef ved Minnesota State University Moorhead.
– Vi trur på studentane våre. Vi lærer dei å lese og tenkje betre. Verda er ikkje anten svart eller kvit, det meste er nyansar i grått, sa visedirektør Kevin Kraus da han presenterte Luther College for dei reisande frå UiA.
Statane Minnesota, Iowa og Nord-Dakota er blant dei norskaste i USA. Derfor held dei enno norskkurs for amerikanske studentar ved Luther College.
Til dette området kom mange av nordmennene som emigrerte til USA på 1800-talet og seinare. Den norske forfattaren Kristofer Janson var prest i Minneapolis og budde fleire år i Minnesota. Der fekk han fleire gonger besøk av nordmannen Knut Hamsun, som hadde to lange opphald i Midtvesten.
Den dag i dag møter du norske namn og nemningar på bedriftsbilar, butikkskilt og i annonsar og avisartiklar i denne delen av USA. Luther College vart etablert av norske utvandrarar i 1861, og enno held dei den norske tradisjonen ved like, både på høgskulen og elles i byen Decorah.
«If you build; They Vel-kommen» er temaet for nordiskfesten over nyttår. Språket er ikkje heilt stødig, men entusiasmen er det ikkje noko å seie på. Dei er stolte av dei norske aneane sine, og norske gjester blir litt stolte dei også. «Lutefisk og lefse, uff da», seier amerikanarane, og så smiler dei.
Minnesota State University Moorhead navigerer etter visjonen «Life Transformed». Både ved Luther College og universitetet i Minnesota legg dei like mykje vekt på danninga som utdanninga, og den tenkinga er ikkje framand for dei med mest erfaring frå internasjonalt samarbeid ved UiA.
– Dei av studentane våre som har vore utanlands, vert openbert fagleg tryggare og flinkare til å snakke og skrive engelsk, men dei vert også tryggare og meir sjølvsikre reint menneskeleg, seier Jan Erik Mustad.
Mustad er førstelektor i engelsk ved Universitet i Agder (UiA) og Storbritannia-ekspert. Saman med Janne Strøm-Fladstad, rådgjevar ved internasjonalt kontor på UiA, har han arrangert tur til USA og Luther College og Minnesota State University Moorhead for UiA-kollegaer.
Mustad har samarbeidd med høgskulen i Iowa og universitetet i Minnesota sidan 2011. No er målet å etablere kontakt mellom UiA og dei amerikanske utdanningsinstitusjonane på fleire fagområde. Pedagogikk, matematikk, helsefag, friluftsliv, kunstfag, nordisk, mediefag, barnehagelærarutdanninga, lærarutdanninga og engelsk er blant fagområda som har representantar med på turen.
– Luther College og universitetet i Minnesota er interesserte i det forskings- og utviklingsarbeidet vi gjer ved UiA, og dei ser gjerne for seg å utvikle samarbeidet med fleire fagområde enn engelsk, seier Mustad.
Han håper det kan kome nye avtalar etter besøket, både om studentutveksling og utveksling av fagfolk mellom UiA og dei amerikanske utdanningsinstitusjonane.
– På same viset som studentar får erfaring frå andre land og utdanningsinstitusjonar ved utvekslingsprogram, kan det vere interessant for ein pedagog, matematikar eller musikar å kome seg til eit anna land og delta i undervisnings- og forskingsprosjekt der, seier Mustad.
For vitskapleg tilsette kan det dreie seg om forskingsopphald med eller utan undervisningsplikt i eit par veker eller meir, alt avhengig av kva dei samarbeidande universiteta vert samde om.
– Det finst Erasmus-stipend også for vitskapleg tilsette, men elles ingen faste ordningar for utveksling av dei vitskaplege. Det vert ordna individuelt mellom fagfolka frå universiteta som samarbeider, seier Mustad.
I dag er omkring 15 prosent av alle norske studentar på utveksling til studiestader i utlandet gjennom studietida. Den same prosenten gjeld ved UiA.
Statsråd for forsking og utdanning, Iselin Nybø, vil auke dette til 50 prosent. Målet er i tråd med strategitankane til UiA om utveksling og global samhandling. Poenget er mellom anna at studentane skal få førstehands kjennskap til andre kulturar, auke den språklege kompetansen sin og verte trygge i framandspråk.
Studentutveksling dreiar seg vanlegvis om opphald frå tre månader til eitt år. Ved lærarutdanninga på UiA har studentar også hatt godt utbytte av å reise ut for å gjennomføre den obligatoriske seks vekers praksisperioden som lærar ved ein skule i USA.
Lånekassen har støtteordningar både for praksisperiode på seks veker i utlandet og for lengre utvekslingsperiodar.
– Studentar på utveksling og studentar heime får den same støtta frå Lånekassen. I tillegg kan utvekslingsstudentar søkje reisestøtte og støtte til skulepengar. Dei som vel å studere i Europa, kan også søkje Erasmus-stipend, seier Janne Strøm-Fladstad.
I regi av Luther College har lektorutdanninga for trinn 8-13 ved UiA hatt praksis på Decorah High School. UiA har også hatt fleire studentar frå Luther College som utvekslingsstudentar på Sørlandet. Cora Egherman var ved UiA i 2017, Peder Smith i år.
Frå Minnesota State University Moorhead har UiA hatt éin utvekslingsstudent, mens 14 studentar frå UiA har vore i Minnesota. To UiA-studentar har hatt seks vekers praksisplass via Minnesota State University Moorhead.
Framleis er det slettelandskap og mil på mil med jordbruksland, grasvollar og innsjøar i dette distriktet. Prærien her er uendeleg som havet, skreiv Hamsun. Dette er landsbygda og ein del av mais- og kornlageret til USA. President Trump har mange tilhengjarar her.
Men USA er meir enn Donald Trump, twittermeldingar og uforsonleg usemje, også i denne delen av USA. I lokalavisa Decorah Journal føreslår Rich Fromm å leggje vekk Trump-slagordet «Make America great again» og erstatte det med «Make America kind again».
Fromm meiner at demokratiet forvitrar når det offentlege ordskiftet ikkje respekterer at folk meiner ulikt. Å vere usamde er ikkje å vere fiendar, skriv han. Det fører i så fall til at politikarane ikkje respekterer einannan. Da kan dei vanskeleg møtast på halvvegen og inngå kompromiss. Slik vil demokratiet gå i stå og utviklinga stoppe opp, meiner han.
Det er trumpland, dette, det viser stemmetal frå vala, men Rick Fromm er ei motstemme som går inn for kompromiss. Amerikanarane i området verkar dessutan opne og inkluderande, trass i at dei no har ein president som ikkje fremjar den slags.
Mens fagfolk og administrativt personell frå UiA er på jakt etter moglege utvekslingsavtalar i Iowa og Minnesota, er lektorstudenten Ingrid Brekka allereie fastbuande i Iowa. Ho har for lengst gjennomført praksis i seks veker på ungdomsskular og vidaregåande skular i Decorah, i samarbeid med Luther College.
Som ein del av utdanninga skal alle studentar ved lektorutdanninga ved UiA ha praksis ved ein ungdomsskule eller vidaregåande skule. Brekka har både engelsk og norsk i fagkrinsen og ønskte seg til utlandet.
Vi møter henne på T-Bock`s Sports & Grill Bar i Decorah sentrum. Der møtte ho også første gong ein representant frå Luther College da ho kom til byen i januar 2017.
Ho meiner det er nødvendig å kome seg til engelsktalande land viss du vil verte ein trygg og god engelsklærar. Du må ut og få språket inn i øyre, kropp og sjel. Ifølgje Brekka kan seks veker vere nok til å finstille språkøyre og uttale. Hennar klare oppmoding er at alle bør kome seg ut, og i alle fall dei som skal undervise i engelsk.
– Eit opphald blant folk som taler engelsk, gir det siste vesle du treng for å verte trygg i framandspråket. Det får du igjen for når du skal stå i klasserommet og undervise elevar. Eg kjente meg tryggare i engelsk etter dei seks vekene med praksis, seier Brekka.
For lektorstudent Ingrid Brekka skulle det verte meir enn seks veker i USA. Da praksisperioden var over, vart ho spurd om ho ville arbeide som lærar på Luther College. Tilbodet sette lektorstudenten i eit dilemma, for ho var midt i arbeidet med masteroppgåva si.
Men for 23-åringen var det ein sjanse ho ikkje kunne seie nei til. Etter samråd med professorane ved UiA takka ho ja til Luther College. Frå hausten 2018 bur ho i Decorah og arbeider som lærar ved høgskulen. Studentane ho underviser er på hennar alder. Dei kallar ho professor.
– Hehe, dei kallar alle lærarane for professorar her på høgskulen, seier ho.
Som ein av få høgare utdanningsinstitusjonar i USA tilbyr Luther College framleis undervisning i norsk. På pensum står både Asbjørnsen og Moe og Henrik Ibsen. Primus motor for norskutdanninga er professor Maren Johnson. Ho arbeider for tida med ei avhandling om tv-serien Lillyhammer og forskar elles på norsk litteratur og kultur, og særleg Henrik Ibsen.
Saman med Maren Johnson underviser Brekka no amerikanske studentar i norsk.
– Studentane synest det er artig å verte undervist i norsk av ein ekte nordmann, seier amerikanaren Johnson på kav norsk.
Enno står lutherdom, nordmenn og kristendom sterkt ved Luther College. Her går tru og læring hand i hand. Du møter kristendom i undervisning og praksis, men du vert ikkje overmanna av det, sa visedirektør Kevin Kraus da han presenterte høgskulen for UiA-representantane.
Kraus sa at undervisninga skal utfordre studentane til å lese og tenkje betre. Her var det tydeleg at Midtvesten har fostra enda ei motstemme som er på lag med avisskribenten Rich Fromm og hans tankar om kompromiss.
– Det skal vere diskusjon her. Verda er i endring, og verda er ikkje anten eller. Vi utfordrar studentane våre til å tenkje sjølvstendig, og vi støttar dei undervegs, sa Kevin Kraus.
Kraus sa ikkje berre det han sa, men stod også bak det. Han kunne i det heile teke snakke for seg, Kraus, men så er han nok også retorisk skulert i tale- og skrivekunst.
Skrive- og talekunsten er også sentral i undervisninga av studentane ved Luther College. Høgskulen har lenge hatt den haldninga at studentane ikkje berre skal studere idrett, historie, politikk eller andre enkeltfag, men at dei også skal ha ei felles innføring i akademisk og kritisk tenking og skriving.
Dette felleskurset kallar dei paideia. Ordet er gresk og viser til den gamle greske danningskulturen der ein ikkje berre skulle utdanne studentar, men danne samfunnsborgaren og personlegdomen til studenten.
Kurset liknar på vårt eige ex. phil., men er likevel noko anna. Kurset er ikkje minst meir praktisk retta. Samtale, argumentering, kritisk tenking og skriving står meir sentralt enn det gjer heime hos oss.
David Faldet er professor i engelsk litteratur og kulturhistorie og ein av dei som underviser på kurset.
– Målet er ikkje berre å gi eit oversyn over filosofi-, idé- og vitskapshistoria, men å gi studentane nokre felles referansar dei kan nytte seg av i samtale og samarbeid med lærarar og studentar ved høgskulen, seier Faldet.
I år er det eit djupdykk i Homer som dannar det felles utgangspunktet. Studentane har fått brev frå skulen i sommar med beskjed om å lese Emily Watsons nye omsetjing av Odysseen før skulestart.
Gjennom året vert det arrangert fleire seminar om Homer. Religionsforskaren James Hoke har halde seminar om likskapen mellom Homer og apostelen Paulus. Herbjørn Gausta skal leie eit seminar under overskrifta «Finding the Hjemland». Det seminaret kjem nok til å dreie seg både om helten i Odysseen, dei norske utvandrarane og dagens folkevandringar.
– I dag er studentane vande med at det dei les, har overskrifter, mellomoverskrifter og uthevingar. Vi må nesten lære studentane å lese på nytt når dei kjem på høgskulen. Vi må lære dei å lese, tenkje kritisk og sjølv finne poenga i ein 200 siders roman der ingenting er utheva og markert grafisk, men der kvar side ved første augnekast ser like ut, seier Faldet.
Ein som vert blank i auga når samtalen kjem inn på paideia, er Sean Taylor. Han er historieprofessor ved Minnesota State University Moorhead, men har fått si grunnleggjande danning frå Luther College.
I 2011 var han gjesteprofessor ved UiA og sidan den gongen har han samarbeidd med Jan Erik Mustad om forskings- og utviklingsprosjektet «Reacting to the Past». Det er eit undervisningsopplegg med rollespel.
I staden for berre å lese historia vert historiske hendingar dramatiserte og sette i scene. Studentane vert tildelte kvar si historiske rolle, til dømes som forsvarar eller motstandar av at FN skal sende militære troppar for å stagge konflikten i Rwanda.
– Studentane må setje seg inn i stoffområdet slik at dei vert i stand til å argumentere for og imot ulike historiske utviklingstrekk, seier Taylor.
Prosjektet skal fremje historielæring, språklæring og kritisk tenking, og er eit samarbeid mellom Minnesota State University Moorhead, Luther College og UiA. Senter for internasjonalisering av utdanning (SiU) har gått inn og støtta forskings- og utviklingsprosjektet med 2,5 millionar kroner i ein fireårsperiode frå og med våren 2018.
– Rollespelet dreiar seg om å lære kritisk tenking og øve på å sjå ei sak frå fleire sider, seier Mustad.