Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Oppdatert norsk språkhistorie i fire band

Det nye bokverket om norsk språkhistorie er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire universitet. Frå Universitetet i Agder har professor Michael Schulte delteke.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bøkene, foto
Norsk språkhistorie band I-IV skal kunne brukast av alle.

Det har tatt 10 år å skrive Norsk språkhistorie bind I-IV. Verket er bygt på ny forsking om norsk språk. Eit av hovudspørsmåla forskarane har prøvd å svare på, er korleis språkendring går føre seg og kvifor språket i det heile teke endrar seg.

Michael Schulte, foto

Michael Schulte har vore med sidan starten av prosjektet.

– Språket er i stadig endring, og vi har prøvd å vise korleis det har endra seg opp gjennom tidene, seier Michael Schulte.

Han er runolog og professor i nordisk språkvitskap ved Universitet i Agder (UIA), og har vore med på dette forskings- og bokprosjektet heilt frå starten.

Professor Helge Sandøy ved Universitetet i Bergen (UiB) tok initiativ til bokprosjektet. Saman med Agnete Nesse frå UiB, er Sandøy hovudredaktør for verket.

I 2007 høyrde Sandøy eit foredrag Schulte heldt, Språkhistorie nedenfra. Sandøy såg etter støttespelarar, og spurde professor Schulte om å bli med.

Også fagfolk frå Universitetet i Oslo, Universitetet i Stavanger, Universitetet i Tromsø, NTNU og Nasjonalbiblioteket har delteke med innsikter og artiklar til den nye språkhistoria.

Til saman har 38 forfattarar skrive artiklar.    

– Verket er uformelt på den måten at alle forfattarane har fått bruke sin eigen skrivemåte, frå nynorsk til riksmål, bokmål og radikalt bokmålt. Difor er det både i språk og innhald eit verk som har mange stemmer, seier Schulte.

Oppdatert referanseverk

Det er ein anna tidsånd no i vår digitale tid enn for berre nokre tiår tilbake. Difor har også forskarane lagt vekt på korleis vi bruker språket i sms-ar, på internett, mobiltelefonar og i dei mange nye mediekanalane.

– Det har vore viktig å oppdatere kunnskap og kjeldemateriale om norsk språkutvikling. Bokverket reviderer og supplerer språkhistoria vår med nye perspektiv på fleire område, seier Schulte.

Band IV har fått tittelen Tidslinjer og tar for seg språkhistoria frå dei eldste runefunna og fram til dagens bruk av norsk i skrift og tale.

Schulte har vore ein av forfattarane i dette bandet, og har skrive to av kapitla, «Den eldste tiden (-700)» og «Vikingtiden (700-1050)».

Eit nyttig verk for alle

Michael Schulte, foto

Michael Schulte professor i nordisk språkvitskap og runolog.

– Norsk språkhistorie er eit bokverk som alle med interesse for norsk språk og kultur skal kunne lese, anten du er forskar, student eller berre interessert i historie og språk, seier Schulte.

Slik presenterer forlaget målet med bokverket:

  • Beskrive og forklara utviklinga av norsk språk, frå dei tidlegaste tider vi kan dokumentere eksistensen av norsk fram til i dag både i tale og skrift.
  • Beskrive både indre og ytre språkhistorie. Indre språkhistorie handlar om grammatikk som endrar seg, og ytre språkhistorie ser på korleis samfunnsendringar har påverka språkutviklinga.
  • Inkludere ikkje-norske språk, blant anna samisk, kvensk, teiknspråk, latin i Noreg og norsk romani.
  • Bidra til refleksjon om språk, språkleg variasjon og språkendring.
  • Gi innsikt og forståing for norsk identitet gjennom tidene.

Fleire redaktørar

Dei fire bøkene i Norsk språkhistorie har fått kvar sin undertittel og har eigne redaktørar:

  • Band I, Mønster er redigert av Helge Sandøy og tar for seg grammatikk og tekst.
  • Band II, Praksis er redigert av Brit Mæhlum, tar for seg språket i bruk og handlar om dialekthistorie og historia til andre språk i Noreg.
  • Band III, Ideologi, er redigert av Tove Bull, tar for seg tenking om språk, om språk og identitet og om språkhistorieskriving.
  • Band IV, Tidslinjer, er redigert av Agnete Nesse. Boka er delt inn i historiske periodar og gir eit samanhengande overblikk over språkhistoria frå dei eldste tider og fram til i dag.  

Universiteta har sjølv finansiert bokverket, med støtte frå Fritt ord og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO). NFFO har også støtta Schulte med skrivestipend.