0
Hopp til hovedinnhold

– Open tilgang er framtida

UiA har nyleg vedteke ny open access-policy. Den skal bidra til at enda meir UiA-forsking blir tilgjengeleg for allmennheita.

Illustrasjonsbilde

Open tilgang – mykje omtala som «open access» – betyr at forsking blir gjort tilgjengeleg for dei breie lag av befolkninga. Eit vedtak i UiAs forskingsutval stadfestar at alle UiAs vitskapelege publikasjonar skal bli tilgjengeleg på denne måten i framtida.

Igor Goncharenko, foto

Igor Goncharenko

– Open tilgang tyder eigentleg fri online-tilgang til vitskaplege resultat, seier Igor Goncharenko.

Han er open tilgang-ansvarleg ved UiA og har styrt arbeidet med den nye policyen. Men kvifor er det viktig med open tilgang?

– Allmennheita betalar skatt, og staten finansierer forsking med desse pengane. Da bør dei ha tilgang til den forskinga dei sjølv har bidratt til å finansiere. Dei skal få moglegheita til å lese ho og å nyttiggjera seg ho. Samtidig må vi ikkje gløyme at vi er heldige som sit her i Noreg, kor vi har mange ressursar knytt til forsking – til dømes tilgang til databasar og kostbare tidsskrift. For forskarar i land med dårlegare økonomi er open tilgang heilt vesentleg, fortel Goncharenko.

For den enkelte UiA-forskar, som nå er nøydd til å leggje ut alle sine publikasjonar, gir også open tilgang moglegheiter:

 – Forskarar er jo ofte opptekne av å bli sitert av andre forskarar. Open tilgang gjer det enklare å bli sitert, sidan forskinga er meir tilgjengeleg. Det er nesten som ei form for marknadsføring. Og dess tidlegare forskinga er tilgjengeleg, dess meir sitert, og dermed anerkjent, blir han, seier Goncharenko.

Krav for finansiering

Forskingsfinansiering er også i endring, med nye finansieringskjelder som har ulike krav til publiseringa av forskinga dei betalar for. Desse dreier også mot open tilgang, og da må forskarane, tidsskrifta og universiteta tilpassa seg.

Både Noregs Forskingsråd og European Research Council krev til dømes open tilgang av resultat knytt til prosjekt dei finansierer. Kunnskapsdepartementet seier også at all offentleg finansiert forsking i Noreg skal ha open tilgang, og nasjonale mål og retningslinjer seier at poenggivande forsking må vere tilgjengeleg for at universiteta skal få middel basert på poenga forskarane produserer.

Leiinga ved UiA er ikkje i tvil om viktigheita av dette arbeidet:

– Open tilgang er eit særs viktig forskingspolitisk tema for tida, seier Hans Kjetil Lysgaard, viserektor for forsking og tverrfaglege satsingar ved UiA.

Hans Kjetil Lysgård, foto

Hans Kjetil Lysgård

– UiA har i haust underteikna DORA-erklæringa som legg vekt på at forsking skal vurderast ut frå den kvaliteten han har og ikkje ut frå kor han er publisert. I det ligg og grunnlaget for Plan S som frå 1. januar blir eit førande prinsipp for publisering av resultat frå prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd. Dei legg vekt på at forsking skal vere ope tilgjengeleg same kor han er publisert. Det arbeidet vi no gjer med open tilgang til forsking må ein difor sjå i lys av desse viktige forskingspolitiske endringane, avsluttar han.

Mange moglegheiter

Universitetsbiblioteket sit på mykje kompetanse og infrastruktur når det gjeld å assistera forskarar med å gjere publikasjonane deira opent tilgjengelege.

Det finst til dømes eit fond med midlar som kan nyttast til publisering i opne tidskrift. I viten-arkivet AURA kan forskarar leggje ut sine eigne arbeid. Biblioteket rettleier også forskarar i publisering i dei ulike forlaga UiA har avtalar med, og om open publisering, opphavsrett og anna.

– Det er ei utfordring at ulike forlag har ulik praksis når det kjem til open tilgang. Ein del tidsskrift har open tilgang på alt dei publiserer, andre baserer seg på abonnement. Forskarane skal få publisera i dei tidsskrifta dei ynskjer, og vi har ulike ordningar for å gjere dei artiklane som ligg bak betalingsmur opent tilgjengeleg, og å betale for publisering i opne tidsskrift, seier Goncharenko.

Han seier det kan vere mykje å setje seg inn i for den enkelte, og at det er viktig å huske at UiA har tenester som kan hjelpe.

Goncharenko er ikkje er i tvil om at dette er vegen vidare for vitskapleg publisering:

– Vi kan eigentleg konkludere med ei gong: Dette er framtida!

Vil du vite meir om korleis UiA arbeidar med open tilgang, eller lære meir om kva for slags moglegheiter og tenester som finst ved UiA? Ta turen til universitetsbibliotekets nettstad.