0
Hopp til hovedinnhold

Økonomidirektøren i humaniora-utval

Regjeringa har sett ned ei ekspertgruppe som skal sjå på korleis Norge kan behalde små humaniora-fag som er truga av nedlegging. Kjetil Hellang, økonomidirektør ved UiA, er ein av dei fire som skal finne ut korleis ein kan sikre at små fagmiljø kan overleve.

Økonomidirektør Kjetil Hellang

Økonomidirektør Kjetil Hellang

- Eg trudde dei hadde ringt feil, og lurte på kven dei eigentleg skulle snakke med då departementet ringde, seier Hellang. – Først da dei sa at dei trengde nokon med budsjettkompetanse forstod eg at dei var på rett spor.

Ekspertgruppa, som blir leia av professor i økonomisk historie ved Universitetet i Oslo, Einar Lie, skal vurdere om dei små faga skal få ei eiga finansieringsordning som gjer at dei kan overleve sjølv om få studentar vel å studere dei. Ekspertgruppa skal ikkje ta stilling til konkrete fag som eventuelt skal være del av ordninga.

- Universiteta får ulik finansiering for ulike studieprogram. Dyre studium som medisin får til dømes mykje høgare tilskot enn teoretiske studiar. Ved UiA har vi til dømes utøvande kunstfag som har særskild høg finansiering, seier Hellang.

Kjersti Fløttum, professor i fransk språk ved Universitetet i Bergen og Julie Sommerlund, prodekan for omverdensrelasjonar frå København universitet er dei øvrige medlemene i ekspertgruppa.

- Første møte er 17. desember. Etter det gruppeleiar Einar Lie legg opp til, vil vi konkludere tidleg neste haust, seier Kjetil Hellang.

Les meir hos Kunnskapsdepartementet, i magasinet Forskningspolitikk og i nettavisa Khrono.

Send studiet på mail