0
Hopp til hovedinnhold

Nytt bookingsystem skal forenkle kvardagen til studentane

Sensorar som fangar opp bevegelse er ein del av løysinga når studentane på UiA får eit nytt system for reservering av grupperom. Systemet skal gjere det mykje enklare å booke og få oversikt over ledige rom. 

Studentane på UiA får eit nytt digitalt system for reservering av grupperom. Bevegelsessensorar signaliserer om rommet er ledig eller oppteken.

– Det er god kapasitet av grupperom på UiA. Utfordringa har vore at for mange rom står tomme sjølv om at dei er reservert, seier Kevin B. Z. Adriaansen, prosjektleiar for det nye grupperomsystemet.

Kevin B. Z. Adriaansen er prosjektleiar for det nye grupperomsystemet.

Kevin B. Z. Adriaansen er prosjektleiar for det nye grupperomsystemet.

Det er i dag cirka 200 grupperom fordelt på campus Kristiansand og campus Grimstad. Av desse står 30 % tomme sjølv om dei står som reserverte. 

I det nye systemet vil reserverte grupperom automatisk bli frigjort etter 10 minutt om ingen møter opp. Systemet skal vere ein brukarvennleg digital plattform, der bevegelsessensorari grupperomma sender signal til systemet. 

– Bevegelsessensorarfangar opp om det er folk i grupperommet. Då vil systemet vite om dei reserverte romma faktisk er i bruk. Reserverte rom der det ikkje er nokon vil bli frigjort, seier Adriaansen.

Visualisert med fargekodar

Bookingsystemet vil bli visualisert med fargekodar i sanntid. 

Studentane vil lett kunne sjå dei romma som er ledige ved fargen grøn. Raude rom er reserverte rom der det oppheld seg folk. Dei oransje vil bety at romma er booka, men at det ikkje er nokon der ennå. 

– Bevegelsessensorane og fargekodesystemet vil gjere bookinga mykje meir effektivt. Reservasjonane vil bli kansellert om ein ikkje møter opp i tide, seier Adriaansen. 

Kampsak for studentane

Studentorganisasjonen i Agder (STA) er glade for at studentane nå vil møte eit meir heilskapleg system som legg til rette for dei behova studentane har.  

– Det nye bookingsystemet er eit gledeleg gjennomslag for STA i studentpolitikken. Sjølv om dette har tatt litt tid, viser det at det nyttar å seie i frå og engasjere seg, seier Benedicte Nordlie, leiar av STA. 

Benedicte Nordlie er leiar av Studentorganisasjonen i Agder (STA).

Benedicte Nordlie er leiar av Studentorganisasjonen i Agder (STA).

 – Vi håper at studentane får tiltru til systemet når det blir sett i gang i august. Systemet skal bli meir brukarvennleg og frigjere ein del grupperom ved å vise ledige rom, seier Nordlie. 

Løysinga skal stå ferdig til studiestart august 2019. Denne våren vil løysinga bli utvikla og prøvd ut av ei testgruppe frå studentparlamentet.

Send studiet på mail