0
Hopp til hovedinnhold

Nye UiA-emne førebur læraren på ny læreplan

Utdanning for ei berekraftig utvikling er eit gjennomgåande tema i UiA sin nye vidareutdanning i naturfag for lærarar i grunnskulen. 

Bilde av Vrimlehallen med mange lærarar
UiA sin portefølje for etter- og vidareutdanning aukar stadig. Framover kjem det fleire kurs som førebur lærarar på den nye fagfornyinga.

Hausten 2020 kjem den nye læreplanen (Fagfornyinga 2020). Tre fagområde blir tverrfaglege temaa i den nye læreplanen. Det gjeld 1) folkehelse og livsmestering, 2) berekraftig utvikling og 3) demokrati og medborgarskap.

Dei tverrfaglege temaa skal inngå i undervisning og læringsmål i alle faga på grunnskule, ungdomskule og vidaregåande skule. 

UiA sitt nye etter- og vidareutdanningstilbod (EVU) Naturvitenskaplige praksiser og tenkemåter i et bærekraftig perspektiv inngår i dette. Emnet er i regi av Skolelaboratoriet og Institutt for naturvitskap på UiA. 

– Ifølgje den nye læreplanen skal naturfagselevar i grunnskulen no lære meir om miljøutfordringar og berekraft. Vi må derfor sørge for å gi lærarane eit godt etterutdannings-tilbod slik at dei kan halde seg oppdaterte på fagfeltet, seier førsteamanuensis Jorunn Larsen, emneansvarleg ved UiA.

Førsteamanuensis Jorunn Larsen ved Institutt for naturvitskap på UiA.

Førsteamanuensis Jorunn Larsen ved Institutt for naturvitskap på UiA.

I den nye læreplanen i naturfag skal lærarar lære elevane handlingskompetanse. Elevane skal bli bevisste si eiga rolle i miljøet og lære om miljøutfordringar dei møter i kvardagen – til dømes plast. Dette skal dei reflektere over i undervisinga, og sjå korleis dei kan bidra i utviklinga. 

Utdannar for framtida

EVU-portefølgjen til UiA aukar stadig. Emnet i naturfag er berre eit av mange EVU-tilbod UiA tilbyr. Også andre undervisingsopplegg knytt til fagfornyinga og nye læreplanar er under planlegging. Mellom anna kan lærarar vidareutdanne seg i mat og måltid i barnehagen og rettleiingspedagogikk

Parallelt går også nasjonale tiltak for å auke lærarane sin kompetanse. Utdanningsdirektoratet (UDIR) har fleire ordningar saman med utdanningsinstitusjonar i Noreg, mellom anna UiA. 

Eit av desse er tiltaka er UDIR sin strategi «Kompetanse for kvalitet» der lærarar får tilbod om vidareutdanning i ulike fag fram mot 2025. Mellom anna kan ein ta emne i matematikk, fransk, KRLE, norsk, engelsk og musikk. Desse må ein søke om på Utdanningsdirektoratet sine sider. Det er UiA som leverer kursa i Agder. 

Fristar

Emna i naturfag, mat og måltid og rettleiingspedagogikk startar opp våren 2020. Søknadsfrist er 1. desember. 

Søknadsskjemaet for «Kompetanse for kvalitet» er tilgjengeleg 1. februar. Søknadsfrist er 1. mars.