Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Nye solceller på Campus Kristiansand

500 kvadratmeter med solceller er nyleg tatt i bruk på taket av Bygg K.

Katharina Reionn Bjørnestøl og Jan Erik Gauslaa
Miljørådgjevar Katharina Reionn Bjørnestøl frå UiA og Jan Erik Gauslaa frå Statsbygg framfor det nye solcelleanlegget. (Foto: Magnus Nødland Skogedal)

I løpet av november vart det installert eit solcelleanlegg på to av taka av bygg K, der Fakultet for kunstfag held til ved Campus Kristiansand.

Utbygginga er i tråd med campusutviklingsplanen for Universitetet i Agder. I planen er UiA som grøn campus eit av hovudområda. Grøne energiløysingar er blant tiltaka for å nå målet om at «Campus skal styrkje UiA si økonomiske, miljømessige og sosiale berekraft», heiter det i planen.

Installeringa av solceller på bygg K er eit ledd i Statsbygg-prosjektet JaTak.

Statsbygg har kartlagt alle sine 2300 bygningar med tanke på å produsere energi på tak. omkring 250.000 kvadratmeter er godt eigna til solceller. Statsbygg planlegg òg å installere solceller på bygg 19.

I løpet av eitt år kan solcellene på bygg K spare inn eit C02-utslepp på ca. 10 000 kilo. Forventa energiproduksjon er på ca. 80 000 kWh/år. På Campus Grimstad har Universitetet allereie 1500 kvadratmeter solceller på tak og 21 energibrønnar.