0
Hopp til hovedinnhold

Ny teknologi skal hjelpe eldre å bu heime lenger

IKT-miljøet på UiA har fått 16 millionar kroner frå Noregs forskingsråd for å utvikle ny teknologi til bruk i norsk helsevesen.

Bilde av eldre kvinne med mobiltelefon
I prosjektet CareWell går forskarar med ulik fagbakgrunn saman om å utvikle ein ny metode som vil gjere det mogleg for eldre å føle seg trygge og bu heime så lenge som mogleg (foto: Colourbox).

– Folk vil helst klare seg sjølv og halde seg heime så lenge som mogleg. Vi skal utvikle teknologi som gjer at eldre kan kjenne seg trygge og bu heime lenger enn før, seier professor Matthias Pätzold ved Institutt for IKT på UiA

Pätzold leiar forskingsprosjektet CareWell, Cooperative Human Activity Recognition and Localization for Healthcare and Wellbeing.  Her skal dei ved hjelp av radiosensorar kjenne att og lokalisere alle aktivitetar heime hos brukarane. 

– Data frå sensorane kan seie noko om det er vanleg eller uvanleg åtferd heime hos brukaren, seier Pätzold.  

Bilde av Matthias Pätzold

Matthias Pätzold er professor i mobil kommunikasjon og leiar for forskingsprosjektet CareWell.

Tidlegare har Pätzold og hans kollegaer i forskingsprosjektet WiCare brukt frekvensar fra radiosensorar for å fange opp om ein brukar ramlar. I CareWell utvidar dei bruksområdet og skal få sensorane til å fange opp fleire typar aktivitet.

Svakheiter i nåverande løysingar

Behovet for nye løysingar på dette feltet er stort, ifølgje forskaren. Ikkje minst fordi nødknappar og smartklokkar ikkje er optimale. Slike verktøy er i bruk i helsevesenet mange stader, men har ifølgje Pätzold mange svakheiter

– Nødknappar er ineffektive om brukaren ikkje når dei eller klarer å utføre handlinga. Ei klokke er lett å gløyme eller ignorere å ta på seg. Og videoovervaking er utfordrande med omsyn til personvern, seier Pätzold. 

Ved hjelp av frå akustikk- og radiobølger vil Pätzold og prosjektgruppa lage eit system som måler aktiviteten hos brukarane. Det blir sett opp sensorar i romma, og data frå desse sensorane vil seie noko om korleis aktiviteten til brukaren er. 

– Målet er å kjenne att og lokalisere eit stort sett av ulike brukaraktivitetar. Dette er mogleg med den kommande femte generasjonen av mobile kommunikasjonssystem (5G) kombinert med signal frå radio- og lydsensorar, seier Pätzold.

Målesystemet vil kunne seie noko om kor mykje støtte brukaren treng eller kjenne att om brukarar ramlar. Dette vil gjere det enklare å få tilrettelagt nødvendige hjelpemiddel til brukaren. 

– I tillegg vil brukarane oppleve det tryggare å vere heime aleine i tilfelle noko skulle skje, seier Pätzold. 

Forskingsrådets program for betre IKT-løysingar

Prosjektperioden for CareWell er frå 2020-2023. I tillegg til Pätzold og samarbeidspartnarane, skal prosjektet knyte til seg to nye doktorgradsstipendiatar og tre postdoktorar. 

Samarbeidspartnarar i prosjektet er NTNU Gjøvik, Aalto Universitet (FIN), Universidad Autónoma de San Luis Potosí (MEX), SUPER RADIO AS, Tingtun AS, FTB Volmarstein (GER) og Lillesand kommune. 

CareWell er finansiert av Noreg forskingsråds IKT- og digital innovajonsprogram, IKTPLUSS. Programmet finansierer prosjekt som gir ny kunnskap og utvikling av teknologi som fremmar produktivitet og effektivitet. 

WISENET senter ved Institutt for IKT har saman med toppforskingssenteret i mekatronikk ved Institutt for ingeniørvitskap prosjektet DEEPCOBOTS. Dette er også finansert gjennom IKTPLUSS-programmet til NFR.