0
Hopp til hovedinnhold

Ny STA-leiar vil styrke Grimstad som studentby

– UiA sitt største fortrinn er at det er ein stad der studentar møtest på tvers, der vegen til tilsette er kort, og der praksis er i fokus, seier Olea Magdalene Norset ved Fakultet for samfunnsvitenskap. Onsdag vart ho val til ny leiar i STA.

Olea Magdalene Norset, foto
STA-LEIAREN: Olea Magdalene Norset er ny leiar i Studentorganisasjonen i Agder. (Foto: STA)

– Det blir utruleg spennande! Med to års fartstid i organisasjonen føler eg meg nokså trygg på kva eg trer inn i, og gleder meg til utfordringane som vil komme. I tillegg blir det eit litt forskjellig år med tanke på koronasituasjonen, men det ser eg på som ei moglegheit for ei unik erfaring, seier den nybakte studentleiaren.

Som ho sjølv nemner, er ho ikkje heilt fersk i det studentpolitiske arbeidet i Agder. Ho har gjort seg ferdig med to av tre år ved bachelorstudiet i samfunnsplanlegging og kommunikasjon, men har hatt permisjon i år for å arbeide full tid i vervet som nestleiar i Studentorganisasjonen i Agder (STA), ein posisjon ho har hatt sidan hausten 2019.

Vil ha kommunalt studentråd i Grimstad

 Kva er dei viktigaste sakene for deg i året som kjem?

– For meg vil det vere viktig å komme godt i gang med arbeidet med eit kommunalt studentråd i Grimstad. Dette er no på plass i Kristiansand, og eg meiner Grimstad kan utvikle seg til ein endå tydelegare og synlegare studentby i Noreg med eit godt studentråd.

– Elles så har situasjonen med covid-19 skapt mykje uvisse for både linjeforeiningar, studentaktivitetar, og studentar elles, seier ho.

– Det vil derfor vere viktig for meg å sikre at studentengasjementet på UiA blir halde oppe og blir vidareutvikla, det er ein stor del av dette som utgjer eit godt læringsmiljø på UiA. Med tanke på studentar som einskildindivid skal rettane og interessene våre setjast på dagsorden både under og etter pandemien. Eg er ganske sikker på at dagens situasjon vil ha ringverknader, og då må vi på banen for å sikre at det framleis er mogleg å vere student med lik tilgang og moglegheiter for alle.

Medlemmene i nytt STA-styre, skjermbilde fra nettmøte

NYTT STA-STYRE: Frå venstre: Leiar Olea Magdalene Norset, nestleiar Linda Marie Leirpoll, fagpolitisk ansvarleg Eline Øverbø Roaldsøy, læringsmiljøpolitisk ansvarleg Tina McDougall og kommunikasjonsansvarlig Anders Magnus Berg.

Tre klare fortrinn ved UiA

Olea Magdalene Norset er opphavleg frå Ørland kommune i Trøndelag, og kom til Agder og UiA først og fremst fordi ho lét seg freiste av eit spennande studium.

– Eg valde UiA på grunn av studiet, det var enten her eller Tromsø. Sørlandet var det som var mest ukjent for meg så eg såg òg på det som ei utfordring.

 Kva er UiAs største styrke, sett frå ditt og studentanes ståstad?

– Eg meiner det er tre tydelege styrkeområde:

Studentmedlemmer i nytt Universitetsstyre, skjermbilde fra nettmøte

UNIVERSITETSSTYRET: Frå venstre: Fast medlem Camilla Ulstad Kristiansen, fast medlem Kristoffer Svendsen, 1.vara Christina Yasmin El-Mrabet og 2. vara: Jakob Mæland. (Skjermdump)

– Studiar møtest på tvers. Enten om det er i ein fagleg setting med felles emne og prosjekt eller sosialt, slik som i kantina og i fellesareal. Uansett så møter ein medstudentar som gjer noko anna enn seg sjølv og det gjer ein nye kjenningar og utfordrar tankane og meiningane våre.

– Kort veg mellom student og tilsett. Dette gjer det meir givande som student å ta del i akademia. Enten som forskingsassistent, aktiv student i forelesning eller for å bidra til utvikling av emne og studieprogram gjennom tilbakemeldingar.

– Praksis i fokus. Dette gjeld jo i størst grad for profesjonsutdanningane, men vi ser òg meir og meir av det innan disiplinstudiane noko som er veldig positivt og ettertrakta av studentar.

Overtar 1. juli

Benedicte Nordlie, foto

Benedicte Nordlie

Olea Magdalene Norset overtar formelt som STA-leiar i. juli. Då overtar ho etter Benedicte Nordlie, som har vore studentane sin leiar i to år. Valet av ny leiar skjedde i valforsamlinga til studentorganisasjonar 20. mai, og vart halden digitalt.

Avtroppande studentleiar Benedicte Nordlie seier at ho er nøgd med årets valforsamling, og synest det er gledeleg med alle engasjerte studentar som har stilt til val.

– Gitt omstendet vi er i, synest eg valforsamlinga gjekk strålande. Vi står i ei krevjande tid, så det er positivt å sjå at så mange ønske å dra studentstemma vidare til hausten, seier ho.

 Reell kamp om plassane

I valforsamlinga onsdag vart det i tillegg til ny leiar òg valt representantar til det andre STA-styret, til Universitetsstyret på UiA og til universitetet si eignaheitnemd.

– I fleire av verva har det vore reell kamp om plassane, og dette viser at studentar ser viktigheita av å engasjere seg. Vi er heldige som går på eit universitet som ønsker å ta med studentar i viktige diskusjonar og avgjerder, derfor er det utruleg bra at studentane ønsker å ta del i det, seier Benedicte Nordlie.

På grunn av koronasituasjonen vil andre representantar veljast i ekstraordinær valforsamling til hausten.

Nytt STA-styre:

Det nye STA-styret ser slik ut for studieåret 2020 – 2021:

  • Leiar: Olea Magdalene Norset
  • Nestleiar: Linda Marie Leirpoll
  • Fagpolitisk ansvarleg: Eline Øverbø Roaldsøy
  • Læringsmiljøpolitisk ansvarleg: Tina McDougall
  • Kommunikasjonsansvarlig: Anders Magnus Berg

Studentane i Universitetsstyret:

Universitetsstyret 2020/2021:

Fast: Camilla Ulstad Kristiansen (erstattar Mathilde Tomine E. Giske)

Fast: Kristoffer Svendsen (erstattar Robin Amir Rondestvedt Moundnib)

1.vara: Christina Yasmin El-Mrabet

2.vara: Jakob Mæland