Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Ny i universitetsstyret

Førsteamanuensis Tormod Wallem Anundsen ved Fakultet for kunstfag er valt til ny medlem i universitetsstyret for fast tilsette i undervisnings- og forskarstillingar for perioden fram til 31. juli 2023.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Tormod Wallem Anundsen, foto
I UNIVERSITETSSTYRET: Tormod Wallem Anundsen er nytt styremedlem for universitetets fast tilsette i undervisnings- og forskarstillingar.

Det er klart etter at haustens suppleringsval no er over. Suppleringsvalet vart halde fordi ein av dei to representantane til valkretsen, universitetslektor Paul Ragnar Svennevig, tiltredde stillinga som instituttleiar ved Institutt for ingeniørvitskap tidlegare i haust, og då ikkje lenger kan representera valkretsen i universitetsstyret

37 prosent stemte

Valkretsen Anundsen representerer har 697 stemmeføre. Av desse stemte 259, noko som gir ein stemmeprosent på 37 prosent. Andre representanten til valkretsen i universitetsstyret er professor Gro Renée Rambø frå Fakultet for humaniora og pedagogikk.

Tre kandidatar stilte til val. Stemmefordelinga ved slutten av valet fredag såg slik ut:

Tillitsreform

Tormod Wallem Anundsen gjekk til val for å bidra til ei tillitsreform – enten ho blir igangsett av departementet, eller at ein set i gang på UiA. Han er òg opptatt av tilrettelegging og rammevilkår til dei tilsette til universitetet, og han vil arbeida for at UiA speglar eit samfunn med eit stadig aukande mangfald.

Les meir om Tormod Wallem Anundsen her!