0
Hopp til hovedinnhold

Ny fakultetsdirektør på UiA ser fram til samskaping

Hanne Graver Møvig (52) vil kombinere høge ambisjonar med smidig drift i rolla som direktør på Fakultet for kunstfag ved UiA.

Foto av Hanne Graver Møvig
Hanne Graver Møvig vil kombinere vekst, utvikling og stabilitet i sitt leiarskap ved Fakultet for kunstfag.

– Målet er klart: Det faglege avtrykket skal vidareførast, slik at vi held fram med å operere på eit høgt, fagleg nivå både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, seier Hanne Graver Møvig.

Den nye direktøren ved Fakultet for kunstfag legg ikkje skjul på engasjementet ho kjenner for samfunnsoppdraget til Universitetet i Agder om samskaping av kunnskap regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Hanne Graver Møvig vil kombinere vekst, utvikling og stabilitet i sitt leiarskap ved fakultetet. Å vidareføre eksisterande, gode nettverk og samarbeid står høgt på prioriteringslista:

– I tillegg til våre eigne miljø her på UiA, er det mange opplagde samarbeidspartnarar som det er heilt naturleg å jobbe tettare med, blant andre Kilden, Sørlandets Kunstmuseum, Cultiva og Kristiansand kommune. Eit viktig mål for meg, blir å vedlikehalde og styrke dei banda, seier ho.

Som nyrekruttert fakultetsrepresentant i den nye studenthussatsinga i gamle SKMU i Skippergata 24 B, vil Graver Møvig også ha eit nært samarbeid med sentrale kunstaktørar i regionen.

– Prosjektet er i full gang med å utvikle moglegheitene i eit digitalt innovasjonshus for studentar og for kunst- og kulturnæringane i regionen. Dette ser eg fram til å arbeide vidare med.

FAKTA/ Hanne Graver Møvig

Hanne Graver Møvig kjem frå stillinga som bibliotekdirektør ved Universitetsbiblioteket i Oslo (UiO). I 2015 var ho leiar for publikumstenestene ved UiO.

Ho har hatt flere leiarstillingar på UiA i åra frå 2005 til 2017. Graver Møvig har også vore sjef for fylkesbiblioteket i Vest-Agder frå 2011-2013.

Forsking og openheit

Hanne Graver Møvig starta i stillinga som fakultetsdirektør 1. oktober i år. Som ny leiar har ho hendene fulle med å skaffe nødvendig oversikt. Det er òg viktig for å kunne justere kursen dersom forholda krev det.

– Det viktigaste for meg no, er å legge til rette for smidig og produktiv drift og utvikling i tospann med dekan Marit Wergeland og instituttleiarane. Eg vil bruke tid på å setje meg grundig inn i dei store prosjekta våre her på fakultetet.

Blant desse er eit Kreativt Europa-prosjekt, der Fakultet for kunstfag har leiarskapet. Fakultetet er også bidragsytar i ulike prosjekt som er finansierte gjennom Noregs forskingsråd. Fleire spennande søknader er nettopp sendt i veg til Kapasitetsløftet, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) og Program for kunstnerisk utviklingsarbeid (PKU).

– Samtidig ser eg fram til å utforske korleis vi kan videreutvikle og legge til rette for tverrfagleg arbeid og samskaping, ikkje minst innan forsking. Vi opplever større krav til openheit når det kjem til deling, lagring og oppbevaring av forsking. Noreg er i ein leiande posisjon her, men endringstakta gjer at vi må vere tett på utviklinga, seier ho.

Menneska er nøkkelen

Samspelet mellom menneske, miljø og teknologi er retningsgjevande for Graver Møvig. Ho har bibliotek- og informasjonsfag, herunder IT og teknologi, som bærebjelkar i sin fagkrins. Dei siste åra har ho som bibliotekdirektør ved Universitetet i Oslo, jobba mykje med å bruke digitalisering som motor for transformasjon. Denne erfaringa ønskjer Graver Møvig å dra nytte av i rolla som fakultetsdirektør. Nøkkelen til suksess er menneska, ikkje teknologien i seg sjølv, seier ho:

– Digitalisering er drivaren, men det er menneska som gjer samskapinga mogeleg. Menneska – mine kollegaer, dei som studerer og arbeider her – er derfor det aller viktigaste både på kort sikt og lang sikt.

Gode vilkår for studentane

I 2021 er det 520 studentar immatrikulert ved Fakultet for kunstfag, fordelt på Institutt for klassisk musikk og musikkpedagogikk, Institutt for rytmisk musikk og Institutt for visuelle og sceniske fag. Fakultetsdirektøren ønskjer å bruke si rolle til å skape trygge og solide rammer for at studentane skal trivast godt både fagleg og sosialt ved UiA:

­– Studentane investerer trass alt mange år av liva sine her hos oss. Då er det viktig at vi sikrar dei beste vilkåra for godt fagleg og sosialt utbyte og at vi legg til rette for reisa vidare inn i arbeidslivet. Tverrfagleg samhandling og brukarvenleg infrastruktur er viktige stikkord også her, seier ho.

Konstruktive samarbeid på tvers av miljø eller strukturar er ifølgje Graver Møvig ein viktig føresetnad for resultatskapande samhandling.

– Vi er allereie flinke til dette. Samarbeidet med Fakultet for humaniora og pedagogikk i prosjektet Making Memories er eitt av fleire eksempel på det. Sterke team som spelar kvarandre gode er viktig for å setje den nye strategien til UiA ut i livet, og så langt er vi godt i rute her på Fakultet for kunstfag, avsluttar Graver Møvig.