0
Hopp til hovedinnhold

Ny bok set etiske konfliktar under debatt

Ytringsfridom, fleirgifte, 22. juli, fengselssjukepleie og barnevern er blant temaa som vert drøfta i boka. Redaktørane ønskjer debatt om etiske verdikonfliktar. 

Skjermbilde av forside på bok

– Vi vil at boka inspirerer lesaren til etisk refleksjon og samtale, og gjerne i det offentlege rom. Derfor kan også alle som vil, laste ned boka gratis, seier Terje Emil Fredwall

Han er førsteamanuensis ved Universitetet i Agder (UiA), og saman med UiA-professor Odin Lysaker har han redigert boka Verdier i konflikt. Etikk i et mangfoldig samfunn. som vart lansert i mai. 

Boka inneheld 12 artiklar, signert 12 forskarar frå ulike fagområde og fagtradisjonar som samfunnsfag, sosialt arbeid, psykisk helsearbeid, diakoni, teologi, religion, filosofi og etikk. 

Førsteamanuensis Terje Emil Fredwall håper mange vil lese boka om verdikonfliktar.

Førsteamanuensis Terje Emil Fredwall håper mange vil lese boka om verdikonfliktar.

Åtte av artiklane er skrivne av forskarar ved UiA.

Etisk mangfald

– Etisk mangfald rår i det moderne Noreg. Folk trur og meiner ulikt, og vi tar ulike val om etiske verdiar. I eit samfunn med mange ulike verdiar må vi møte andre perspektiv på ein respektfull og nysgjerrig måte, seier Lysaker.  

Redaktørane peiker på globalisering og teknologisk utvikling som typiske trekk ved dagens samfunn. Personlege verdiar kan stå mot samfunnsverdiane, og verdiar og levemåtar hos minoriteten og majoriteten i samfunnet kan støyte mot einannan. 

– I boka går vi inn i ei fleire område der verdiar til individ, grupper eller institusjonar står mot einannan. Også i arbeidslivet kan verdiar i ulike yrke og fagtradisjonar utfordre einannan om det som er det gode liv, seier Fredwall.  

Samfunnsorientert etikk

Artiklane drøftar tema som hat og tilgiving, rolla kyrkja har i den offentlege debatten, flyktningkrisa i 2013-15 og ufordrageleg språkbruk i det offentlege rom.

UiA-professor Paul Leer-Salvesen drøftar i sin artikkel om tida er inne for å tillate at folk kan vere gift med fleire enn éin partnar samtidig. Den namngjetne filosofen Martha Nussbaum er ein av dei som tidlegare har gått inn for fleirgifte. 

Leer-Salvesen meiner at staten ikkje bør leggje seg opp i kven folk vel å bu saman med, men argumenterer likevel imot å tillate fleirgifte (polygami), mellom anna ut frå argument om likestilling mellom kjønna.  

Solveig Botnen Eide, også ho forskar ved UiA, drøftar om barnets beste kan stå i kontrast til familiens beste, og om statens beste er i konflikt med barnet og familiens beste. Desse spørsmåla drøfta ho i lys av dei dommane som har gått imot det norske barnevernet i Den europeiske menneskerettsdomstolen.

Professor Odin Lysaker argumenterer for at dei overlevande etter 22. juli-terroren skulle hatt s høve til å uttrykkje sinne i det offentlege rom.

Professor Odin Lysaker argumenterer for at dei overlevande etter 22. juli-terroren skulle hatt s høve til å uttrykkje sinne i det offentlege rom.

Sjukepleie i fengsel

Fredwall bidreg sjølv med ein artikkel om livet bak murane, skriven saman med UiA-kollega Inger Beate Larsen. Dei drøftar korleis sjukepleiarar ved ni høgtryggleiksfengsel i Noreg opplever å arbeide i samarbeid med fengselsleiinga og betjentar, og om møta mellom sjukepleiarane og dei innsette. 

Sjukepleiarane er tilsette av kommunen, men har arbeidskvardagen i fengselet. Dei kjem på arbeid i fengselet med ein profesjonsetikk som seier at dei skal lindre liding og fremje helse. 

– Sjukepleiarane skal jobbe i en institusjon der sikkerheten står høgt i kurs, der kvardagslivet er gjennomregulert og der staten seier at dei innsette skal oppleve straffa som eit vonde. Fram til no har det vore skrive lite i sjukepleiarrolla i norske fengsel. Vi har derfor vore nysgjerrige etter å undersøkje slike spenningar, seier Fredwall.  

22. juli, hat og tilgiving

Lysaker har skrive ein studie om 22. juli med utgangspunkt i utsegner i ulike media frå nokre av dei som overlevde terroren på Utøya. Nokre av dei uttrykkjer at dei ikkje har fått gi uttrykk for sitt hat mot terroristen etter åtaket.  

Lysaker går inn for at kjensler kan ha ei relevant rolle i det offentlege ordskiftet, både fordi det er viktig for den som er alvorleg såra av andre, men også fordi hat-kjensler kan vere eit steg på veg mot forsoning med fortida, gjenreising av sjølvkjensla til den som er krenkt og tilgiving.  

– Kjensler er moralsk og politisk relevante fordi dei er fellesmenneskelege, og kjensler er dessutan relevante for moralske vurderingar. Det går rett nok ei grense når kjensler fører til  brot på menneskeverdet, eller når hatefulle kjensler går over til å verte hat-ytringar, seier Lysaker.  

Aktivt etikk-miljø 

UiA har dei seinare åra utvikla eit større miljø rundt filosofi og etikk. Årets bok er den tredje artikkelsamlinga frå forskingsgruppa i etikk ved universitetet. Den første konsentrerte seg om psykisk helse og den andre om samfunnsetikk.  

Felles for etikk-bøkene frå denne forskingsgruppa er at dei er opptekne av moralske problemstillingar i arbeidsliv og samfunnsliv, og av det offentlege rom der samfunnsliv vert diskutert og politikk vert gjennomført.  

FAKTA

Odin Lysaker og Terje Emil Fredwall (red.)

Verdier i konflikt

Etikk i et mangfoldig samfunn

Cappelen Damm, 2020

Odin Lysaker (UiA): Burde dei overlevande etter 22. juli-terroren i større grad hatt høve til å uttrykke kjensler som sinne og hat i det offentlege rom? 

Jan Olav Henriksen (UiA og MF): Er det mogleg å bruke det religiøse mangfaldet i samfunnet som ressurs til å byggje ned konfliktar og skape sterkare fellesskap? 

Terje Fredwall og Inger Beate Larsen (UiA): Korleis opplever sjukepleiarar å jobbe og gi helsefagleg oppfølging til innsette i norske høgtryggleiksfengsel? 

Solveig Botnen Eide (UiA): Kva for verdispenningar kjem fram når prinsippet om barnets beste i norsk barnevern vert analysert? 

Paul Leer-Salvesen (UiA): Skal personar i Noreg ha lov til å vere gift med fleire enn éin person? 

Hans Grelland (UiA): Kvifor vert identiteten vår sett i spel i møte med ein ny eller annleis kultur?   

Håvard Løkke (UiA): Kva gjer vi med uforskamma språkbruk i Noreg?  

Kjetil Fretheim (MF): Kan dei som jobbar i Den norske kyrkja gå inn for eit bestemt syn om når og kor mange flyktningar Noreg skal ta imot? 

Inger Marie Lid (VID): Skal vaksne med utviklingshemming ha høve til å bestemme fritt når det gjeld fritid og intime relasjonar? 

Grethe Nedland (Høgskolen i Innlandet): Korleis kan vi handtere verdikonfliktar når til dømes byråkratar skal utarbeide forslag til prinsipp for norsk klimapolitikk? 

Arne Johan Vetlesen (UiO): Kommenterer artiklane i etterordet.