Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Ny bok om samfunnsutviklinga går rett på problema

– Skal vi løyse dei store samfunnsoppgåvene, nyttar det ikkje å servere enkle svar. Vi må inn i kompleksiteten, seier professor. 

Det er når kvardagspolitikarane i by og bygd skal bestemme kvar vindmølla og bomstasjonen skal stå at det verkelege slaget står, seier professor Jørn Cruickshank på bildet.
– Det er når kvardagspolitikarane i by og bygd skal bestemme kvar vindmølla og bomstasjonen skal stå at det verkelege slaget står, seier professor Jørn Cruickshank.

– Ja, vi har ønskt å vere problemorienterte, seier professor Jørn Cruickshank ved Universitetet i Agder (UiA). 

Og med den utsegna om problemorientering ramlar kanskje du kjære lesar ut av denne artikkelen allereie her.   

Men heng med.  

Professor Jørn Cruickshank ved Universitetet i Agder (UiA) meiner at faget samfunnsgeografi faktisk er løysingsorientert.   

Og løysingsorientert høyrest bra ut, nesten som ein visjon om ei betre framtid.  

Problemet er derimot – og der var «problemet» igjen –  problemet er at i det verkelege liv heng problem og løysing saman.  

Samfunnsproblem treng løysingar 

Saman med professor Jørund Aasetre, har Cruickshank redigert boka «Innføring i samfunnsgeografi».  

Professorane Jørund Aasetre og Jørn Cruickshank er redaktørar for den nye boka «Innføring i samfunnsgeografi».

Professorane Jørund Aasetre og Jørn Cruickshank er redaktørar for den nye boka «Innføring i samfunnsgeografi».   

Gjennom 324 sider og 14 kapittel presenterer 20 av landets fremste samfunnsgeografar døme på ulike problem i samfunnet som treng løysingar. Mange av utfordringane er dilemma der valet ser ut til å stå mellom pest og kolera.   

– Vi har prøvd å vise korleis samfunngeografisk tenking og forsking kan bidra til løysinga på fleire område, seier Cruickshank.  

Spørsmål om bruken av naturressursar, byar og bustadområde vert dagleg debattert i media. Den nye innføringsboka gir ifølgje professoren fleire innfallsvinklar til slike utfordringar. 

Presenterer døme og analysar 

I staden for å vektlegge ord og omgrep og teori og metodar, har Cruickshank og hans medredaktør lagt vekt på gode døme og smarte analysar.  

– Vi lurer inn omgrep og teoriar undervegs, seier han.  

Forskarane analyserer mellom anna uheldige effektar av global kjøttproduksjon. Dei beskriv korleis vi kan skape grøne arbeidsplassar i den industritunge Vestlands-regionen. Og dei viser kva som skjer når allmenningen til lokalbefolkninga i Skjåk vert gjort om til ein nasjonalpark.  

Dårleg tent med enkle analysar 

– Utfordringane i det moderne samfunnet er komplekse, anten vi snakkar om energimangel, sosiale forskjellar eller global oppvarming. For ein samfunnsvitar er det freistande å møte kompleksiteten ved å forenkle, men samfunnet er ikkje enkelt, seier Cruickshank.   

Ifølgje professoren er det for enkelt til dømes å behandle kapitalisme berre som ein trussel mot kulturen. Det er òg ei forenkling å slå fast at vi må produsere meir energi sidan vi manglar energi.  

– Samfunnet er dårleg tent med ein samfunnsvitskap som byr på for enkle diagnosar. Vitskapen overlet da dei verkeleg viktige sakene til dei aktørane i samfunnet som allereie har makt, både sentralt og lokalt, seier han.   

Kvar skal vindmølla stå? 

Ta problemet med korleis vi skal løyse klimakrisa, korleis vi som samfunn til dømes skal vege globale omsyn mot lokale utfordringar. Her kan ein lett gå for enkelt fram. Det er forholdsvis lett å utvikle og vedta globale berekraftsmål. Det krev heller ikkje mange krefter å adoptere desse måla på nasjonalt og lokalt nivå.  

Til og med modellar og rettleiarar for korleis vi kan nå måla er det forholdsvis lett å lage. Og kommunebyråkraten kan kjekt nikke bekreftande til planane frå sentrale styresmakter.  

– Det er når kvardagspolitikarane i by og bygd skal bestemme kvar vindmølla og bomstasjonen skal stå at det verkelege slaget står. Det er da vi må vege lokal kultur og omsynet til lokal verdiskaping mot omsynet til klima og globale energibehov, seier han.  

Samfunnsgeografien melder seg ikkje ut av denne kompleksiteten, men prøver i staden å skape oversikt og sortere mellom problem og moglege løysingar. 

Samfunnsgeografen som del av løysinga 

Cruickshank meiner at samfunnsgeografane slett ikkje treng å overlate den avvegande jobben til politikarar og lokale pressgrupper.  

– Det er i samspelet mellom globale fenomen og lokale ressursar og kulturar at kampen står, og på det området må vi alle manøvrere klokt, seier han.  

Her meiner han geografifaget kjem inn. Samfunnsgeografi på sitt beste kan få fram kunnskap som hjelper oss til å forstå litt meir av kompleksiteten og hjelpe oss å manøvrere smart.  

– Samfunnsvitaren kan dykke inn i kompleksiteten, skissere bakgrunn og problemstillingar og bidra til å sortere utfordringar og peike på moglege løysingar, seier han. 

«Innføring i samfunnsgeografi» er ei lærebok for lærarstudentar og geografistudentar ved universitet og høgskular og lærarar i vidaregåande skulen.  

Men professoren set seg ikkje på bakbeina om byråkratar, politikarar og andre samfunnsaktørar også vil setje seg inn i stoffet. Samfunnsgeografen aleine skal ikkje løyse samfunnsproblema.  

– Samfunnsproblema må vi løyse i fellesskap, seier Cruickshank.