Ny doktoravhandling viser at bruken av plantevernmiddel starta mykje tidlegare enn vi før har trudd.
– Allereie tidleg på 1900-talet tok norske bønder i bruk kjemiske middel for å temje naturen og halde ugras, sopp og insekt under kontroll. Problemet er at kjemikalia også skadar andre levande og nyttige organismar, seier Anne Jorunn Frøyen.
Ho er konservator ved Jærmuseet i Rogaland, og disputerte nyleg for doktorgraden ved Universitetet i Agder.
Doktorgradsavhandlinga hennar dreiar seg om bruken av plantevernmiddel i norsk jordbruk i perioden 1875-1995, med bønder i Rogaland som døme.
– Plantevernmiddel kallar eg gift. Dei skulle fungere som gift, og det gir ikkje mening å kalle giftstoff som tungmetalla bly og arsen for plantevernmiddel, seier Frøyen.
Studien hennar er den første som viser at det vart vanleg å bruke gift i jordbruket her i landet allereie tidleg på 1900-talet.
– Det har vore ei vanleg oppfatning at slik bruk av gift oppstod etter den andre verdskrigen, men eg viser at det var vanleg blant bønder i Rogaland og andre stader i landet allereie i 1920, seier forskaren.
Giftene fruktdyrkarar brukte på frukt og bær var ulike saltar og tungmetall, men også nikotin. Svovelsyre var mest vanleg mot ugraset.
Cyanamid produsert i Odda vart òg flittig brukt av jordbrukarane.
– Cyanamid var opphavleg eit gjødselprodukt, men i pulverform vart det brukt mot ugras. Pulveret vart kalla for Trollmjøl, og det seier jo sitt, seier ho.
Avhandlinga er innretta som ein miljøhistorisk studie. Miljøhistorie vaks fram innanfor historiefaget utover 1970-åra i takt med ny merksemd omkring miljøspørsmål.
Etter den tid har fagområdet bidratt med ny historisk kunnskap og nye historiske perspektiv.
– Miljøhistorie dreiar seg om samspelet mellom mennesket og naturen. I miljøhistorisk perspektiv er det til dømes mogleg å sjå organismar, bakteriar, gras, ugras, insekt og dyr som historiske aktørar, slik eg har gjort i mi avhandling. Dei har også si historie, og påverkar vår historie, seier Frøyen.
Parallelt med den nye bruken av gift tidleg i det førre hundreåret har forskaren funne at det vart etablert to nye syn på naturen:
På den eine sida hadde du villnaturen som ordnar og balanserer seg sjølv; på den andre sida det kunstige jordbrukslandskapet som mennesket må temje og balansere.
– Dermed kunne ein argumentere med at sidan jordbruket er kunstig natur, måtte ein ta i bruk kunstige middel for å verne om han, seier Frøyen.
Ordbruken og førestillingane om dei to naturtypane medverka til at giftstoffa vart sett på som forståelege og nødvendige reiskapar i jordbruket.
Frøyen seier at skiljet mellom dei to naturtypane også eksisterte i 1995. I avhandlinga har ho lagt vekt på å vise korleis ordbruken har styrt tankane og førestillingane om jordbruk og miljøgifter. Ugras vart omtalt med militære ord og bilde (metaforar). Dermed vart ugraset ein fiende som stod klar til å marsjere inn i åkeren og øydeleggje.
– Slik vart det ein kamp mot ugraset, og kampen spreidde seg frå åkeren til andre område som på leikeplassar, i grøftekantar og rundt lyktestolpar. Den dag i dag fjernar vi ugras frå slike stader med gift, seier forskaren.
Ho meiner at noko av det viktigaste studien hennar viser, er at det ikkje er nok med naturvitskapleg kunnskap for å handle meir natur- og klimavennleg.
– I tillegg må vi endre dei førestillingane vi har om natur og jordbruk. Vi må endre språk og førestillingar. Slik vi tenkjer og snakkar om naturen, slik behandlar vi han, seier Frøyen.
Anne Jorunn Frøyen har følgt doktorgradsprogrammet ved Fakultet for humaniora og pedagogikk ved Universitetet i Agder.
Dette er nokre av dei viktigaste funna frå doktorgradsavhandlinga «Fyll jorden og legg den under dere, Jordbruk, gift og natur i Norge frå 1875 til 1995»: