Nord-tysk språkutvikling var nordisk - Universitetet i Agder
0
Hopp til hovedinnhold

Nord-tysk språkutvikling var nordisk

Nordisk var den førande parten i språkutviklinga i Norden og nordlege delar av Tyskland i urnordisk tid frå 150-750 år e. Kr. Det stadfestar professor Michael Schulte som er ute med ei ny bok om runeinnskrifter og den urnordiske språkperioden.

Michael Schulte viser fram sin nye innføringsbok "Urnordisch – Eine Einführung", foto

Michael Schulte presenterer oppdatert kunnskap om urnordisk i den nye innføringsboka: Urnordisch – Eine Einführung, Praesens Verlag, 2018. (Foto: Atle Christiansen).

– Bøyingsmønster og andre funn viser heilt klart at urnordisk var ei eiga språkgrein allereie rundt 100-200 e.Kr., seier Michael Schulte.

Han er professor i språkhistorie ved Universitetet i Agder (UiA), og gav i april ut ei ny innføringsbok om urnordisk på tysk: Urnordisch – Eine Einführung.

– No har eg skrive så mykje om urnordisk og norsk språkhistorie på norsk at eg følte det var på tide å skrive om dette på mitt eige morsmål, seier Schulte. 

Spesialområdet til den tyske språkforskaren på UiA er språkhistorie med særleg vekt på urnordisk og gammalnorsk, og her meiner språkforskaren det høver med ein lynrask repetisjon av språkhistoria.

Felles språkhistorie

Urnordisk er den språkhistoriske perioden frå omkring 150-750, mens gammalnorsken eller norrøn tid er åra frå 750-1370.

Norsk og tysk er begge ein del av den germanske språkfamilien som består av vest-germansk, nordisk og aust-germansk. Overordna høyrer dei til i den indoeuropeiske språkgruppa. Urnordisk var sams for heile Norden (unntatt Finland) og nordlege delar av Tyskland i den urnordiske språkperioden.

– Vår tidlege språkhistorie er ikkje berre norsk, men global, seier Schulte.

Det forklarer også kvifor boka allereie er teken godt imot på universiteta i tysk-talande land. Germanistar studerer stadig urnordisk, og no har dei fått ein heilskapleg presentasjon av det urnordiske språket der alt frå lydverk til bøyingssystem, setningslære og ordforråd for heile perioden vert gjennomgått og forklart.

Nordisk er opphavet

– Eitt av dei nye funna eg legg vekt på, er at urnordisk ikkje er eit språk som kjem frå vest-germansk, men at det er motsett, nemleg at dei skandinaviske språka er tidleg ute. Dei eldste innskriftene vi kjenner til frå urnordisk tid, er nordiske, og ikkje nordvestgermanske, slik ei gruppe internasjonale språkforskarar har tenkt før, seier Schulte.  

Det urnordiske skriftspråket kjenner vi frå runeinnskrifter som er funne på steinar, pyntegjenstandar, våpen og andre objekt. Folk på den tida snakka sannsynlegvis omtrent på den måten skriftspråket vart skriven, men dette veit ikkje forskarane noko klart om.

– Vi har omtrent 400 ord vi kjenner til frå urnordisk. Ut frå dei orda ser forskinga på samanhengar og utviklar teoriar om korleis språket var, og korleis det har utvikla seg, seier Schulte.

Kjønn som ordningsprinsipp

Språkforskarar er opptekne av språkendringar, og særleg prinsippa eller dei uskrivne reglane som ligg til grunn for endringane.

– Når lydar fell bort eller ordlydar endrar seg på andre måtar, vert språket forenkla, seier Schulte og viser til forenklande og språkeffektiviserande prinsipp som synkope og omlyd.

Eit nyare funn er at urnordisk tidleg peila seg inn mot eit kjønnsbasert språksystem.

– Det inneber at språkbrukarane tok til å nytte kjønn som ordningsprinsipp. Det vart innført ei systematisk markering av hankjønn med kort a-lyd og hokjønn med lang o-lyd i endingane. Dette er eit nytt system som slår gjennom i nordisk. Verken vestgermansk eller andre indoeuropeiske språk har dette systemet på det viset, seier Schulte.

Hogganvik-steinen i Mandal

Yvonne F. Willumsen, Michael Schulte og Arnfinn Henriksen viser fram Hogganviksteinen, foto.

Hogganvik-steinen vart funnen på ein bondegard i Mandal i 2009. Frå venstre: Yvonne F. Willumsen, Michael Schulte og Arnfinn Henriksen. (Foto: Jan Arve Olsen)

Ein bonde på Hogganvik skreiv seg inn i språkhistoria så seint som i 2009 da han skulle fjerne ei steinhelle frå tomta si. Han oppdaga det som først såg ut som merkelege krusedullar, men som viste seg å vere eit utval av dei 24 teikna i runealfabetet futhark frå urnordisk tid.

– Innskrifta på Hogganvik-steinen viser korleis runesteinar symboliserer status og makt allereie på 400-talet, seier Schulte.

«Dette er steinen til minne om KelbaþewaR», står det mellom anna på Hogganvik-steinen.

I tillegg til minneorda, har runeristaren identifisert seg sjølv og rista det forskarane tolkar som magiske lykkeønskingar og velsigningar. 

I innføringsboka har Schulte lagt vekt på nyare funn som Hogganvik-steinen, fleire funn i Danmark og forsking frå dei siste 10-15 åra.

Nye bokplanar

Språkforskaren er alt i gang med å planleggje ei utvida bok om det same emnet. Boka skal vere klar i 2019, og da både i engelsk og tysk utgåve.

Den tyske innføringsboka er også lagt merke til her heime. Nyleg vart Schulte invitert til å bli medlem av Det norske språk- og litteraturselskap, som har i underkant av 100 medlemmer og arbeider med å gi ut tekstar av litterær, språkleg og historisk verdi. Ei av dei siste utgjevingane er ei fullstendig utgåve av alle artiklane Aasmund Olavsson Vinje skreiv i Drammens Tidende i perioden 1851-59.  

– Dei vil kanskje bruke min kompetanse viss dei skal gi ut tekstar frå urnordisk og norrøn tid, seier Schulte.

Send studiet på mail