0
Hopp til hovedinnhold

No kjem neste generasjon kunstig intelligens for industrirobotar

Toppforskingssenteret i mekatronikk og WISENET ved UiA har gått saman i eit nytt robotprosjekt. Dei har fått 16 millionar frå Noregs forskingsråd for å utvikle robotar som kan lære og samarbeide med kvarandre og med menneskelege operatørar. 

Bilde av prosjektgruppa
I prosjektet DEEPCOBOTS skal forskarar frå fleire fagbakgrunn på UiA saman arbeide for å utvikle samarbeidande robotar til bruk i industrien på Sørlandet. Øverst til venstre: professor Geir Grasmo, instituttleiar ingeniørvitskap, Ilya Tyapin, frå Institutt for ingeniørvitskap, professor Linga Reddy Cenkeramaddi frå Institutt for IKT, professor Jing Zhou, prosjektleiar frå Institutt for ingeniørvitskap, professor Baltasar Beferull-Lozano frå Institutt for IKT (med høflegheit, medlem av Institutt for ingeniørvitenskap).

– Vi skal utvikle robotar som ved hjelp av såkalla djup-læring-algoritmar skal bli sjølvlærande, seier Jing Zhou, professor i mekatronikk på Institutt for ingeniørvitskap ved UiA. 

Det betyr at robotane ikkje berre er førehandsinnstilte for å utføre bestemte operasjonar, men at dei også er i stand til å lære undervegs og gjere nye operasjonar ut frå det. 

Prosjektet heiter Collective Efficient Deep Learning and Networked Control for Multiple Collaborative Robot Systems (DEEPCOBOTS). Zhou er prosjektleiar. 

Toppforskingssenteret i mekatronikk ved Institutt for ingeniørvitskap og WISENET Senter frå Institutt for IKT ved Fakultetet for teknologi og realfag skal arbeide saman om dei nye industrirobotane. Toppforskingssenteret i mekatronikk er eit av seks toppforskingssenter på UiA, mens WISENET er anerkjent av det nasjonale TOPPFORSK-programmet til Noregs forskingsråd. 

Partnarar i prosjektet er Mechatronics Innovasjon Lab (MIL), Omron Electronics Norway, ABB Norway, Universitetet i California San Diego (USA), KTH Royal Institute of Technology (SVE) og Universitetet i Navarra (SPA).

Samarbeidande robotar

Robotar blir meir og meir etterspurd for å løyse komplekse oppgåver i industribedrifter på Sørlandet. 

Jing Zhou

Jing Zhou er leiar av Toppforskingssenteret i mekatronikk og prosjektleiar for DEEPCOBOTS.

– Industrien har eit aukande behov for å automatisere operasjonar og arbeide tryggare. Det er spesielt etterspurnad etter eit tryggare og meir effektivt samarbeid mellom robotar og menneskelege operatørar, seier Zhou. 

Dei nye robotane må både kunne samarbeide både imellom og med menneskelege operatørar. 

– Med læreprosessen vi kallar djup-læring og avanserte algoritmar skal robotane lære av kvarandre undervegs i arbeidsprosessar. Dette vil føre til eit tryggare samarbeid mellom robotar og menneske i industrien. I tillegg skal dei oppnå høgare produktivitet og effektivitet, seier Zhou. 

Djup læring er nytt for robotar

Dagens metodar med djup læring gir ikkje nødvendig tilpassing og tryggleik i komplekse arbeidssituasjonar. I tillegg bruker dei lang tid og er ikkje mogleg å bruke saman med sanntids robotapplikasjonar. 

– For å kunne designe ein ny generasjonen med datadrivne styringssystemar vil vi fremje fleire område. Dette inkluderer djup-læring for samarbeidande robotar og menneskelege operatørar som samhandlar samtidig med kvarandre, seier professor Baltasar Beferull-Lozano, leiar av WISENET ved Institutt for IKT (med høflegheit, medlem av Institutt for ingeniørvitenskap). 

Nåverande løysingar vurderer ikkje utveksling av informasjon mellom fleire robotar, til dømes om tidligare handlingar og erfaringar for å betre læringa. 

– I prosjektet vil opplæringa av robotane byggje på dei erfaringane robotane har gjort, og dei erfaringane andre robotar har gjort. Dette krev sensorsignal frå fleire plassar samtidig. Sensorane gir informasjon til overvaking, styring og læring til dei trådlaust samankopla robotane, seier Beferull-Lozano.

Forskingsrådets program for betre IKT-løysingar

Prosjektperioden for DEEPCOBOTS er frå 2020 til 2025. Planen er at prosjektet skal ha tre doktorgradsstipendatar og ein postdoktor. 

Prosjektet er finansiert av Noreg forskingsråds program for IKT og digital innovajon, IKTPLUSS. Programmet gir finansiering til prosjekter som gir ny kunnskap og teknologi som fremmer produktivitet og effektivitet.  

UiA har også prosjektene CAREWELL og INDURB som er finansert gjennom IKTPLUSS-programmet til NFR.