0
Hopp til hovedinnhold

Naturmuseet stengjer dørene til 2023

Nødvendige oppgraderingar gjer at Naturmuseum og botanisk hage, stengjer hovudbygget i halvanna år framover. Parken og den botaniske hagen vil være åpen for publikum.

Agder naturmuseum og botaniske hage

I 2017 blei Agder naturmuseum og botaniske hage ein del av Universitetet i Agder. Universitetet forplikta seg då til å oppgradera bygningane, og no skal hovudbygninga få ny ventilasjon, nytt elektrisk anlegg og nytt brannvernutstyr. Bygningar og uteområde skal òg få betre universell utforming.

Pakkar ned stein og kvalskjelett

Første oktober byrjar dei å tømme hovudbygget for å gjere klar til ombygginga. Fleire av vandreutstillingane må bli demontert og mange av museets gjenstandar må bli pakka og lagrast med rett temperatur og luftfukt. Mellom anna må museets store kvalskjelett tas frå kvarandre. Alle tilsette må flytte til nye kontor.

- Som andre kulturinstitusjonar har me vore stengd i lange periodar gjennom koronaen. Det er ei utfordring å stengje på nytt, med tanke på det samfunnsansvaret me har som eit museum. Men me ser fram til å invitere publikum til fleire opplevingar i denne perioden, seier museumsdirektør Raul Ramirez.

Åpen park og botanisk hage

Rundt museet ligg det flotte parkområde med eksotiske plantar og trær, hønsehus, leikeapparat og natursti. Her finn du òg Sørlandets flottaste botaniske hage, med om lag to tusen slags planter. Både park og hage er opne heile året, ikkje minst for dei mange skuleklassane som kjem på besøk.  

- Barn skal oppleve, sanse, reflektere og delta aktivt i utforsking av naturen. Me trur det er vesentleg for at dei skal kunne ta aktivt del i arbeidet med å ta vare på kloden vår. Difor held me fram med  omvisingar i den botaniske hagen. Me har òg mange undervisningsopplegg tilgjengeleg via nettsida vår, seier Ramirez.

Opnar nytt drivhus til våren

Trinn ein i byggeprosjektet er allereie snart ferdig. Eit nytt veksthus til om lag 14 millionar kroner skal til våren husa eit minimuseum med utstillingar om botanikk, zoologi og geologi. Veksthuset skal òg bli brukt til arrangement, utstillingar, forelesingar, aktivitetar, kurs og anna formidling. Frukt og frø frå heile verda skal bli vist fram ute i den botaniske hagen. Det same skal museets store seinsamling.

- Her vil ein sjå stein og bergartar frå heile Agder, kutta og polert slik at steinens eigenart kjem fram, seier Ramirez.