0
Hopp til hovedinnhold

Musikk spelar ei rolle i norsk utanriks- og bistandspolitikk

Ein ny studie frå UiA-forskar Solveig Korum viser mellom anna at musikk kan bidra til å nå fleire av FNs berekraftsmål.

Gruppa Band Lalon frå Bangladesh på scenen under Jaffna Music Festival
Gruppa Band Lalon frå Bangladesh på scenen under Jaffna Music Festival. Gruppa deltok i regionale turnéprogram i Sør-Asia gjennom Rikskonsertane. (Foto: Solveig Korum)

Kunst, kultur og musikk har tradisjonelt vore flittig brukt som verktøy i norsk utanrikspolitikk og i bistandsarbeidet sidan 1990-åra. Utanriksdepartementet lanserte den første norske strategien for feltet i 2005.

Solveig Korum er seniorrådgjevar i avdeling for forsking og utvikling hos Kulturtanken i Oslo. Ho har forska på bruk av musikk som verktøy i norsk utanriks- og bistandspolitikk.

– Årsaka til at ein har valt å bruke pengar på dette i land som Sri Lanka, Palestina og India, er nettopp at ein har tru på at kultur er viktig og at den kan bidra som endringsagent til ei ønskt utvikling. Men for å kunne skape kultur og ha tilgang på frie kulturelle ytringar, så må ein etablere visse infrastrukturar, seier Solveig Korum.

Solveig Korum

Solveig Korum arbeider i dag internasjonalt med sosial berekraft gjennom Kulturtanken. Her er ho i studio i samband med ei jobbreise til Bangladesh i desember 2021. (Foto: Sharmin Sultana Sumi)

Korleis kan musikk endre verda?

Ho disputerte tidlegare i år for doktorgraden ved Universitetet i Agder med avhandlinga Music in international development: The experience of Concerts Norway (2000-2018). Her såg Korum mellom anna på korleis Rikskonsertane har bidratt til å bygge opp musikalske infrastrukturar i ulike land i det globale sør.

Ho forska særskilt på oppdraga til Rikskonsertane for Utanriksdepartementet i Palestina, India og Sri Lanka. I tillegg undersøkte Korum kva ringverknader desse prosjekta hadde for verksemda til Rikskonsertane i Noreg.

– Typisk festtale-retorikk er gjerne at musikk kan endre verda. Og ja, musikk kan endre verda, men kva endring er det vi ser for oss, for kven og korleis er endringa berekraftig? Her kan det vere svært ulike oppfatningar i det globale nord og det globale sør, seier Solveig Korum.

Mangfald er avgjerande

– Mykje handlar om å bygge relasjonar gjennom musikk og å forstå kvarandre. Det er også ramma for mi analyse, der eg har sett på tre langsiktige, UD-finansierte prosjekt mellom 2000 og 2018, seier Korum.

Ifølgje Korum er det heller ikkje alltid slik at vestlege, resultat-orienterte bistandsmodellar utan vidare kan fungere i møtet med den intuitive og praksis-styrte kunstverda.

– Kulturutveksling og samfunnsbygging gjennom kultur må skje på eit meir likeverdig nivå enn tradisjonell bistand, understrekar ho.

Nettverk, kunnskap og føresetnader som institusjonar og organisasjonar i kulturfeltet kallar ho for viktig kulturell infrastruktur. Desse premissa gjer skaping og ytring av kunst, kultur og musikk mogeleg og etter kvart også effektive for utvikling av samfunn og individ.

– Kulturell infrastruktur og kunnskap hos aktørar i feltet gir rom for at folk kan ytre seg og vere mangfaldige. Ved å styrke mangfaldet av kulturelle tradisjonar og ytringar, skaper ein eit ytringsrom som er viktig for verda i dag, blant anna for å sikre at fleire kan delta i demokratiet. Monokultur fører til utarming, derfor er mangfald avgjerande for ei meir berekraftig verd, seier Korum.

Folkemusikarar frå Rajasthan i India

Folkemusikarar frå Rajasthan i India deltok i regionale turnéprogram i Sør-Asia gjennom Rikskonsertane. (Foto: Solveig Korum)

Relasjonsbygging skaper endring

Gode relasjonar går igjen i avhandlinga som ein viktig føresetnad for å kunne samarbeide godt på tvers av land og på tvers av profesjons-miljø innan kunst og kulturliv. Korum meiner at relasjonsbygginga som skjer i samband med kulturelle bistandsprosjekt kan vere eksempel til etterfølging også for andre satsingsområde innan berekraft globalt:

– Kulturfeltet og musikk legg til rette for haldningsendring, verdiendring og auka grad av medvit om korleis andre menneske lever og ser på verda, seier ho.

Korum peikar på at kulturelle uttrykk og samarbeid også fremjar det sanselege. Vi forstår ikkje berekraftmåla eller tanken på utvikling berre med hovudet, men også med hjartet, magen og heile sanseapparatet. 

– Musikk og kultur kan bidra til å oppnå enkeltmål, men kan også setje i gang handlingar og verdiar som fremjar alle berekraftmåla.

Feltarbeid

Rikskonsertane bidrog til å opprette eit nasjonalt musikk- og kulturarkiv på Sri Lanka. Her viser senterets leiar, Dilip Kumara, og hans assistent deler av arkivet til Korum under feltarbeidet i 2018. (Foto: Solveig Korum)

System-paradokset

I doktorgraden framhevar Korum at resultata i nokre av prosjekta ho granska ikkje alltid nådde sitt høgaste potensial som følgje av byråkrati og målstyring frå oppdragsgjevaren UD. Ved å presse bistandsprosjekta på musikkfeltet inn i ein generell, lineær og resultatfokusert modell, blei målet om å skape likeverd nærmast det motsette.

– Og dette er eit paradoks: Sjølv om ein søkjer å oppnå likeverd og mogelegheitene ligg der i kulturen, så er systema i bistanden ofte veldig hierarkiske.

– Eg meiner at systema – særskilt i mitt case frå Sri Lanka – var til hinder for den utviklinga ein såg føre seg og ville arbeide for. I avhandlinga skisserer eg derfor ein alternativ tankegang for prosjektstyring der musikken har som mål å bidra til sosial endring, seier ho.

Ifølgje Korum, er reduksjonen i utanrikspolitiske midlar det største hinderet for framveksten av nye, berekraftige prosjekt. Dette gjer arbeidet med bygging av fruktbare og langsiktige musikalske strukturar og relasjonar vanskelegare. Ho påpeikar også kor viktig dette er under og etter ein pandemi som skaper større skiljeliner i verda:

– No verkar det som at det er nye tider med den nye regjeringa, og eg håpar at dei positive signala materialiserer seg i form av ei auka satsing. Eg håpar også at mine forskingsresultat kan bidra til å informere måten ein riggar prosjekta og brukar midlane på framover.

frå Jaffna Music Festival

Bildet er frå Jaffna Music Festival, som blei starta av Rikskonsertane saman med lokale partnarar på Sri Lanka. - Minoritetane sine musikalske uttrykk og ritual frå heile øya fekk her ein viktig visningsarena, seier Solveig Korum. (Foto: Solveig Korum)

Jobbar internasjonalt

Korum sin veg vidare etter doktorgraden har gått inn i arbeidet med sosial berekraft i Kulturtanken – Den kulturelle skolesekken Norge og også internasjonalt. Ho er utnemnd av Kulturdepartementet til å vere norsk representant for kultursektoren i det nordiske berekraft-prosjektet Sustainable Lifestyles in the Nordic Countries.

Prosjektet løftar kultursektoren i samhandling med miljø, likestilling, utdanning, matsikkerheit og mange fleire berekraft-parameter.

For tida er Korum i Bangladesh i samband med ein konsert-turné for bandet Chirkutt.

– Grunnen til at eg er her i Bangladesh no, er nettopp dei relasjonane eg fekk her som prosjektleiar for Rikskonsertane for ti år sidan.

­– Gode, varige samarbeid og sterke venskap gjer at vi framleis arbeider saman musikalsk, trass i at det ikkje finst økonomiske midlar frå det norske systemet lenger. Bangladesh var ikkje ein del av grunnlaget i doktorgraden, men det at eg sit her no, er jo eit resultat av at den relasjonsorienterte tilnærminga har fungert, seier Korum.