0
Hopp til hovedinnhold

Menneskeliknande robot til UiA

Universitetsstyret godkjente denne veka søknad om kjøp av ein menneskeliknande robot til bruk i forsking og undervising på Universitetet i Agder. 

Foto av robothånd
Onsdag 13. mai innvilga universitetsstyret midlar til å kjøpe ein menneskeliknande robot til bruk i undervising og forsking ved UiA campus Grimstad (foto: iStockphoto).

– Vi er veldig glade for dette vedtaket i universitetsstyret. Det gir ein god plattform for eit styrka samarbeid mellom teknologimiljøet og helsemiljøet på universitetet, seier Anders Johan Wickstrøm Andersen, dekan på Fakultet for helse og idrettsvitskap. 

Anders Johan Wickstrøm Andersen er dekan på Fakultet for helse og idrett.

Anders Johan Wickstrøm Andersen er dekan på Fakultet for helse og idrett.

Søknaden om ein menneskeliknande robot er sendt inn av Fakultet for teknologi og realfag og Fakultet for helse og idrettsvitskap. Saka blei behandla i universitetstyret onsdag 13. mai. Fakulteta søkte om 2,125 millionar kroner til ein såkalla antropomorf cobot ein menneskeliknande robot som kan samarbeide med andre menneske og andre robotar. 

Coboten skal bli brukt ved I4Helse, senteret for innovasjon og tenesteutvikling innan helse og omsorg ved UiAs campus i Grimstad. Planen er at slike menneskeliknande robotar mellom anna skal utføre oppgåver i helse- og pleie- og omsorgssektoren. Ein slik cobot blei demonstrert då I4Helse opna i august 2019.

UiA er eit av få universitet i Noreg som har kommunale helseteneste lokalisert på campus. Coboten blir viktig i samarbeidet mellom fakulteta og med Grimstad kommune som er sentral samarbeidspartnar til I4Helse. 

Nybrottsarbeid

– Coboten vil vere med på å komplettere laboratoria i I4Helse-bygget, både for studentar, forskarar og næringsliv. Den vil vere med å synleggjere at vi held fram satsinga på e-helse, og set UiA på kartet innan robotassistert helse, seier Wickstrøm Andersen. 

Studentar ved begge fakulteta vil gjennom undervisning bli introdusert til coboten og cobotteknologi. Målet no er å bestille roboten så fort som mogleg og ha han klar for undervisning og forsking til hausten. Ifølgje Wickstrøm Andersen vil coboten styrke kvaliteten i sjukepleiar- og vernepleiarutdanninga. 

– Han vil gi studentane konkret erfaring med cobotar og gi dei opplæring i korleis denne forma for teknologi kan betre helsetenestene i kommunane, seier Wickstrøm Andersen. 

Dagens koronasituasjon gjer cobot-teknologien ekstra aktuell. Menneskeliknande robotar går tett på pasienten og gi fysisk assistanse utan fare for smitte.  

– Foreløpig er det ikkje aktuelt med robotar på dette prisnivået i ein kvar heim, men ein må halde fram å forske og undervise på teknologien og samhandlinga mellom robotar og pasientar. Bruk av cobotar i helsesamanheng er ennå nybrottsarbeidd, men ein slik cobot vil vere med å gi framtidsretta undervising og forsking – ulikt noko anna tilbod i Noreg, seier Wickstrøm Andersen.