Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

– Me kan ikkje privatisere ansvaret for ei berekraftig utvikling

Kvifor tek det så lang tid å få eit berekraftig næringsliv når nesten alle bedrifter er samstemte om at det er nødvendig? Det har Karen Landmark forska på i si doktorgradsoppgåve.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Karen Landmark, foto.
Karen Landmark disputerte for si doktorgrad den 15. februar.

– Dette handlar ikkje om vilje eller klokskap, men endringa som må til i næringslivet krev også ein samfunnsendring, seier Landmark.

Ho har forska på kordan bedrifter som arbeider saman i klynger arbeider med berekraft og omstilling, og kva leiarane meiner om berekraft og nødvendigheita av handling. Den 15. februar forsvarte ho si doktorgrad med avhandlinga «Enabling corporate sustainability transition: The case of the Norwegian process industry».

Les meir om oppgåva her.

Vanskeleg å endrast radikalt

– Eg opplever at den tradisjonelle diskusjonen om bedrifters samfunnsansvar er litt forenkla. Den manglar å ta inn over seg eit større perspektiv, nemleg at berekraft er eit resultat av andre velfungerande system. Viss me skal snakka om ein verkeleg berekraftig omlegging av næringslivet, så handlar det om nye forretningsmodellar, nye innteningsmoglegheiter og andre områder som me må kutta heilt ut.

Det har vert skreve mye om dei etiske utfordringane til multinasjonale selskap. Nokon produserer sine varer i land kor dei ikkje har like strenge reguleringar for forureining eller helse, miljø og sikkerheit. Som eit svar på dette arbeidast det for at bedrifter må sjølv ta ansvar for at dei ikkje driftar miljøvennleg. Men på tross at de er auka oppmerksamheit på dette, ser vi stadige eksemplar på det motsette.

– Det vil ta tid å legge om drifta, og også tid før det blir nokon økonomisk gevinst  ved å gjere det.  Og slik det økonomiske systemet er lagt opp nå, med at dei kan tene pengar på nøyaktig same måte, er det vanskelegare  for bedrifter å endre seg radikalt.

Gapet mellom kunnskap og handling er sentralt for Landmarks forsking, og det var i denne samanhengen ho byrja å sjå på det økonomiske systemet i eit større perspektiv.

– Me må opna for debattar om politikk og systemkritikk. Kva slags reguleringar skal me innføre, kva slags påskjøning skal ligge til grunn, og kan me til dømes halde fram med statsstøtte av leiting etter olje og gass samtidig som me ønskjer eit grønt skifte? Litt satt på spissen; kva er vitsen i at eg skal sortere søppelet mitt heime når staten samtidig dumper gruveslam i fjorden?

Foto, industribygg

– Kan du tene pengar på same måten du alltid har gjort det, vil bedrifter gjere det heilt til dei blir tvungne til å gjere ting på ein annan måte, seier Landmark. Foto: Pexels.com

Høg kunnskap, lågt tempo

Landmark har studert Eyde-klynga og Agder-regionen, for å sjå på kva som fremmer og hindrar omstilling til berekraftig industri. Ho fann blant anna ut at leiarar som samhandlar i klynga enklare kan gjera berekraftige tiltak i si bedrift. Dette var blant anna på grunn av den tette dialogen dei har med kvarandre.

– Leiarar sitt med mykje kunnskap om dei globale utfordringane me står overfor, og det er ganske få som ikkje er samde i at noko må gjerast.  Lengre nedover i bedriftene er også kunnskapen høg, men det er ikkje like enkelt for dei tilsette å sjå samanhengen mellom si bedrift og kordan dei kan gjere ting annleis for å bli meir berekraftige. Det er ganske naturlig at folk på toppleiarnivå har eit anna fokus på dette, sidan det er dei som til dagleg arbeider med strategi for bedrifta.

I tillegg har Landmark sett på korleis berekraftsmåla til dei Forente Nasjonar og Parisavtala påverkar val av forretningsstrategi for bedrifter, og kordan globale strøymingar, tankesett og idear om berekraft verkar inn regionalt på dei.

Grønt skifte berre for rike?

«Vi fann at å ha eit felles langtidsmål som utfordra dei vanlege metodane blei sett på som bra, og det ga bedriftene eit felles fokus. Langtidsperspektivet bante og vegen for større fokus på grøn forsking og utvikling. Trykket utanfrå kjem frå globale avtalar, slik som Parisavtala og FNs berekraftsmål. Dette skapar eit moment for endring og ein følelse av at arbeidet hastar», skriv Landmark i oppgåva.

 – Omlegginga til eit berekraftig næringsliv er ein lang prosess, med lite økonomiske fordelar på kort sikt. Gjer dette at det berre er dei som har råd til å tape pengar som har moglegheit til å endra seg?

– Små og mellomstore bedrifter har ofte mindre ressursar  enn dei store, men heldigvis bur me i et land som har gode verkemiddel. Det diskuterast om nødvendigheita av å berre gå i null i nokre år, fordi bedriftene ikkje kan rekna med å ta ut overskot fordi omstillinga vil ta tid. Dei klokaste bedriftene vil finna moglegheiter i eit berekraftig samfunn, og levera produkt og tenester til det. Det er uendelege moglegheiter i ein sirkulær økonomi, men det er ikkje sikkert at det økonomiske argumentet er tilstrekkeleg. Kanskje vil vi ha glede av å spørje oss sjølv kva eit godt liv eigentleg er og kva som må til for å skape gode live for alle.

Staten må vere med

Landmark håper forskinga hennar kan gi nye perspektiv i den akademiske diskursen, som et ledd i arbeidet mot eit berekraftig samfunn.

– Det er viktig å ikkje miste motet med arbeidet, men me kan ikkje privatisere ansvaret for ei berekraftig utvikling. Viss bedriftene veit at staten er med på å ta noko av risikoen for ein omlegging, og at staten er tydeleg på kva slags marknader som blir satsa og kva slags insentiv dei kan forvente, på trur eg fleire vil gjere meir. Blir dette berre ein frivillig aktivitet vil det gå for treigt og ikkje monne tilstrekkeleg. Kan du tene pengar på same måten du alltid har gjort det, vil bedrifter gjere det heilt til dei blir tvungne til å gjere ting på ein annan måte.