0
Hopp til hovedinnhold

– Me får eit betre innblikk i vår framtidige jobb

På barnehagelærarutdanninga på UiA nyttast barnehagelærarar som refleksjonspartnarar for studentane tidleg i utdanninga. Målet er å komma tettare på arbeidskvardagen i barnehagane.

Bilde av studentpresentasjon.
Studentgruppa framfører prosjektet sitt. Foran til høyre sitter barnehagelærar Marine Ommundsen og følgjer med.

Den første studentgruppa har nettopp presentert si oppgåve om leik i naturen for sine medstudentar. No skal dei få tilbakemelding frå ein faglærar og ein barnehagelærar.

– Dykk har verkeleg beskrive godt sansane eit barn nyttar når det leiker, og kva dei kan lære av leiken. Godt jobba, seier barnehagelærar Marine Ommundsen.

Til vanleg arbeider ho i Eplehagen barnehage i Vågsbygd. Det gir studentane god innsikt i yrket dei snart skal inn i.

– Betre kunnskap

– Ho gir oss veldig konkrete tilbakemeldingar, og får oss til å sjå annleis på faget. Det kan til dømes vere lett for oss som ikkje har jobba i yrket å undervurdere kva eit barn kan forstå. Der kan barnehagelæraren gi oss betre kunnskap, slik at eit opplegg for barn frå 4-6 år også kan nyttast for treåringar, til dømes, seier student Tomas Malmberg.

Bilde av studentane Kevin Aleksandersen og Tomas Malmberg.

Kevin Aleksandersen (t.v.) og Tomas Malmberg set stor pris på hjelpa frå barnehagelæraren.

Samarbeidet med barnehagelærarane  starta i 2016, og har til nå involvert 20 forskjellige barnehagelærarar. Formålet er å skape gode læringsmoglegheiter for studentane, og kople teori og praksis. Barnehagelærarane er på universitetet på timebasis, rundt to arbeidsdagar totalt per semester, og deira oppgåve er å rettleia studentane med oppgåvene, og vere refleksjonspartnarar. 

Bru mellom teori og praksis

– Det er spennande å kunne bidra, og å visa studentane at sjølv om ein har ein grad så er du ikkje nødvendigvis ferdig. Min jobb på universitetet og i barnehagen krev at eg held meg fagleg

Bilde av barnehagelærar Marine Ommundsen og universitetslektor Dag Øystein Nome.

Barnehagelærar Marine Ommundsen og førsteamanuensis Dag Øystein Nome.

oppdatert. Dette gjer praksisen betre, og eg syns det er givande å vere med å bygge bru mellom teori og praksis, seier Ommundsen.

Førsteamanuensis Dag Øystein Nome er faglærar for barnehagelærarstudentane. Han set stor pris på samarbeidet med Ommundsen.

– Dette er ein kjempefin måte å halde faget relevant på. Å sjå teori og praksis saman er avgjerande, og det er kjempebra at vi nyttar barnehagelærarar på denne måten allereie i starten av bachelorstudiet, seier Nome.

– Dette samarbeidet håpar vi kan utvikle seg og halde fram så lenge studentane har eit godt utbytte av det. Vi har planar for dette opplegget neste år også, seier Kirsti Wolden Dvergsnes, rådgjevar ved barnehagelærarutdanninga på UiA.