0
Hopp til hovedinnhold

Matteundervising og hjelpesenter flytta til internett

Førelesarar og rettleiarar i matematikk er få tastetrykk unna. No har undervisinga og MatRICs drop-in-senter for matematikkhjelp flytta ut i dei digitale kanalane. 

Bilde av Slik ser det ut for studentane når undervisarar formidlar matematikk til dei med digitalt teiknebrett. MatRIC har kjøpt inn fleire av desse teiknebretta for at undervisarar skal kunne halde fram å levere god digital undervising til studentar heimefrå.
Slik ser det ut for studentane når undervisarar formidlar matematikk til dei med digitalt teiknebrett. MatRIC har kjøpt inn fleire av desse teiknebretta for at undervisarar skal kunne halde fram å levere god digital undervising til studentar heimefrå.

- Det digitale drop-in-tilbodet er raskt, dei er flinke og vi får god hjelp via video, seier Charlotte Krispinussen Jacobsen, student på første året i økonomi og administrasjon. 

Charlotte Krispinussen Jacobsen er student på første året i økonomi og administrasjon.

Charlotte Krispinussen Jacobsen er student på første året i økonomi og administrasjon.

Då campusane ved Universitetet i Agder (UiA) stengte dørene 12. mars på grunn av koronasituasjonen, mista Krispinussen Jacobsen og fleire studentar tilgang til MatRICs drop-in-senter. 

Senteret er eit ressurs- og støttesenter i matematikk der studentane på UiA kan få hjelp hjelp til å løyse matematikkoppgåver opptil 20 timar i veka. I Kristiansand ligg senteret i bygg 48, rom 103; i Grimstad i grupperom A2 045. Men no er desse stengt fram til UiA opnar igjen. 

- Eg likar betre fysisk oppmøte, men dette er eit veldig godt alternativ no som campus er stengt, seier Krispinussen Jacobsen. 

Drop-in-tilbodet er for studentar ved lærarutdanninga og dei som tar fag som matematikk, økonomi og administrasjon og ingeniørfag. 

Opningstida er mellom 09-15 på kvardagar, men studentane kan sende inn spørsmål heile døgnet. Rettleiarane svarar enten på melding eller tar kontakt via video i Teams eller Skype så raskt dei er ledige.

Digital tavle

Ein av rettleiarane på drop-in er Tor Kristian Grandalen. Han er student på UiA og går fjerde året på masterutdanninga i matematikk. I tillegg til studiet er han hjelpelærar i matematikk på Dahlske vidaregåande skule i Grimstad. 

Tor Kristian Grandalen er matematikkstudent og tilsett på UiA for å rettleie studentar via MatRICs drop-in-teneste.

Tor Kristian Grandalen er matematikkstudent og tilsett på UiA for å rettleie studentar via MatRICs drop-in-teneste.

Med elevane på vidaregåande har han allereie bygga opp eit supplerande opplegg for digital undervising. Der brukar han One Note frå Officepakka og teiknebrett kopla til projektor i klasserommet. 

Erfaringa med dette drar han no nytte av og brukar den same plattforma med studentane på UiA. I One Note, som er ein stor digital ringperm og notatblokk, kan studentane sende inn og sjå andre spørsmål og svar som er sendt inn. 

Grandalen fortel at mange studentar bruker tilbodet og at han får fleire spørsmål kvar dag.

- Det digitale opplegget er veldig bra. Eg koplar til teiknebrettet mitt og delar skjerm med dei. Då kan eg vise utrekningar og forklare visuelt for dei på mi digitale tavle, seier han.  

Studentane er nøgde med opplegget og opplever at det er brukarvennleg.  

- Vi gjer så godt vi kan i desse tider. Dette fungerer bra for meg og eg er tilgjengeleg for studentane stort sett heile veka. Men vi ser fram til at UiA opnar campus igjen, seier han. 

Matematikkundervising i endring

Då undervisingsforma på UiA endra seg til å bli digital gjorde MatRIC og Institutt for matematiske fag straks tiltak for å kunne halde fram å levere god undervising til studentane. For emna som har særleg behov for tavleundervising, har det kravd omstilling og fleksibilitet – både frå undervisarar og studentar. 

MatRIC gjekk til innkjøp av seks ipad-er med tilhøyrande penn. Denne kan undervisarane, i likheit med Grandalen, kople til datamaskinen sin og bruke som ei digital tavle. 

Fleire undervisarar har tatt i bruk verktøyet. Dette har fungert bra ifølgje Torstein Nilssen. Han er førsteamanuensis på Institutt for matematiske fag og underviser i statistikk.  

- Ipad-en med penn er eit godt teikneverktøy og ein bra måte å kommunisere matematikk med studentane på, seier Nilssen. 

Tar opp undervisinga

Nilssen brukte ikkje teikneverktøyet før han måtte undervise studentane heimefrå. Sjølv har han funnet si eiga metode for undervising som fungerer bra for han og studentane hans. 

Torstein Kastberg Nilssen er førsteamanuensis på Institutt for matematikkvitskap på UiA.

Torstein Kastberg Nilssen er førsteamanuensis på Institutt for matematikkvitskap på UiA.

- Omkring 40 studentar tar kurset eg undervisar i. For at alle skal få med seg undervisinga filmar eg og tar det opp saman med det eg teiknar og forklarar på dataskjermen. Filmen blir lasta opp i Canvas slik at studentane kan sjå undervisinga når dei vil eller om igjen, seier Nilssen. 

Mange ser på filmane hans fleire gonger. Han held også timar live for mindre grupper. Då kan studentane enkelt spørje spørsmål undervegs.