Bøker er hjerneføde, seiest det, men utan mat kan ikkje hjernen gjere seg nytte av den slags føde.
Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Denne kronikken ble først publisert i Fædrelandsvennen 10. november.
Hjernen, til liks med resten av kroppen, er heilt avhengig av mat for å fungere. Men ikkje kva mat som helst – det må vere god og næringsrik mat. Til dømes vil ei skive grovt brød med makrell i tomat, saman med eit glas mager mjølk, langt på veg dekke alle dei viktige næringsstoffa som kroppen og hjernen treng, også omega-3 feittsyrer, vitamin D og jod som vi veit mange får for lite av. Eit glas brus og ein skulebolle derimot, gir stort sett berre det som kallast tomme kaloriar i form av sukker og stive og lite av dei andre næringsstoffa.
I Noreg er vi så heldige at vi har eit eige fag i skulen der vi lærer å lage mat. Faget heiter mat og helse. I dette faget lærer elevane å lage god og næringsrik mat som er bra for både kropp og hjerne. Det er iallfall intensjonen.
Dessverre blir ikkje faget alltid undervist etter intensjonane i læreplanen. Ny forsking på faget mat og helse frå Universitetet i Agder, viser at det ikkje er samsvar mellom måla i læreplanen og måten faget blir undervist. Undervisninga har i liten grad endra seg sidan faget endra namn frå ‘heimkunnskap’ i 2006.
Kvifor er det slik at skulen ikkje greier å utnytte potensialet til eit så samfunnsnyttig fag som mat og helse? Det er ikkje noko klart svar på det, men det vi veit er at under halvparten av dei som underviser i mat og helse har utdanning i faget. Dette skyldast i stor grad haldningane til faget i skulen, «ei kvar husmor kan undervise i mat og helse».
Undervisninga blir ofte gitt til lærarar som manglar timar på arbeidsplanen sin. Mange av dei er glade i å lage mat og trivst godt med å undervise i faget. Det er ingen tvil om at dei fleste lærarane er dyktige og at dei gjer sitt beste for å lære barna å lage mat.
Men det er ikkje alltid nok. Å kunne lære bort å lage næringsrik mat som er bra for hjerne og kropp, og for miljøet med, krev god fagkunnskap. Slik kunnskap vil du tileigne deg når du tek utdanning i mat- og helsefaget.
Ein annan grunn til at potensialet i faget ikkje blir utnytta til fulle kan vere dårleg økonomi. Mange hugsar nok historiene om skular der barna teikna pannekaker i staden for å lage dei. Faget har også eit lavt timetal.
Det er vanskeleg å leve opp til dei ambisiøse måla i læreplanen når detersåfåtimaråtaav.Matog helse er i dag det minste faget i skulen, med 114 timar på barnetrinnet og 83 timar på ungdomstrinnet. Til samanlikning har til dømes kunst og handverk 477 timar på barnetrinnet og 146 på ungdomstrinnet.
No i haust er det innført nye læreplanar i skulen. Den nye læreplanen i mat og andre fag rikare og skape ny forståing på tvers av faggrenser. Til dømes kan det bli lettare å forstå brøkrekning for elevane når dei på kjøkkenet må måle opp 1⁄4 l mjølk til brøddeigen. På denne måten kan elevane oppnå djupnelæring innan den tematikken dei jobbar med. Målet må vere at to fag saman kan bli til noko større slik at 1+1 blir 3.
Ved Universitetet i Agder har vi prøvd å leggje til rette for dette ved å inngå eit tverrfagleg samarbeid mellom kjemi- og mat- og helseundervisninga ved universitetet. Saman har vi utvikla korte filmar som forklarar nokre av dei kjemiske prosessane som skjer med maten under matlaging. Filmane er retta mot ungdomsskuleelevar. Tanken er at elevane skal forstå atmaterkjemiogatdeterein kjemisk årsak til at noko skjer, til dømes at bakverket blir brunt når det blir steikt, eller at vi får majones ved å blande egg og olje. Slik kan vi oppnå djupnelæring.
Denne hausten har vi starta opp med eit masterprogram i mat og helse ved universitetet vårt. Frå før er det berre Høgskulen på Vestlandet som har eit slikt tilbod. Håpet er at eit tilbod om høgare utdanning innan mat- og helsefaget vil gi auka status og gi ei større satsing på faget i framtida.
Kanskje vil den nye læreplanen, saman med auka kompetanse hos mat- og helselærarane, føre til betre samsvar mellom undervisning og læreplan, og dermed betre utnytting av potensialet i faget.
Ved å styrke kompetansen til dei som underviser i mat og hel- se i grunnskulen, kan mat- og helsefaget også bli brukt som helsefremjande og førebyggande tiltak mot dårleg fysisk og psykisk helse i befolkninga. Mat er hjerneføde. Mat- og helsefaget er verktøyet!