Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Mange vil hjelpe ferske studentar med matematikk

 65 studentar var på kurs for å bli mentorar og læringsassistentar i matematikk. 

Bilde av restaurant på Skottevik camping
Det er femte året på rad at samlinga for læringsassistentar og mentorar blir halden på Skottevik camping.

10.-11. august var 65 læringsassistentar og FYSE-mentorar saman på Skottevik camping for å lære om kva det inneber å vere læringsassistent i ulike matematiske emne på UiA. Mentorar frå FYSE-ordninga (First Year Study Environment) har ansvar for eigne studentgrupper som dei skal følgje heile studieåret. Målet er å hjelpe førsteårsstudentar å oppleve meistring og lykkast som studentar ved universitetet.

Det er femte året på rad at samlinga for læringsassistentar og mentorar blir halden på Skottevik camping.

Fanny Trouvé går andre året på økonomi og administrasjon ved Handelshøgskulen på UiA, og er læringsassistent for første gang.

Opplæringa er i regi av MatRIC, Senter for framifrå undervising i matematikk ved UiA. Senteret arbeider med matematikk og forståelsen for korleis matematikk blir brukt som del av andre fagfelt enn reine matematikk-fag. 

Ein av dei nye læringsassistentane på samlinga var Fanny Trouvé. Ho går andre året på økonomi og administrasjon ved Handelshøgskulen på UiA.

– Eg har lyst til å hjelpe dei nye studentane. Eg er veldig glad i matematikk og det er godt å kjenne at nokon kan ha nytte av min matematikk-kunnskap, seier ho.

I haust skal ho vere læringsassistent i emnet Forkurs i matematikk med anvendelse i økonomi (ME-001-1). Som assistent skal ho, saman med faglærar og universitetslektor Ida Maria Landgärds, hjelpe til under gruppearbeid og vere eit viktig bindeledd mellom studentane og faglærar. Til saman er dei 8 assistentar i dette emnet som har 270 studentar.  

– Å vere læringsassistent er ein god måte å halde matematikk-kunnskapane ved like. Samstundes er det ein fin måte for meg å integrere meg på, seier Trouvé, som for nokre år tilbake flytta til Noreg frå Frankrike.

Erfarne studentar

Alle assistentar og mentorar er erfarne studentar og har allereie gått eitt eller fleire år på studiet dei skal hjelpe til i. 

Thomas Gjesteland er professor ved Institutt for matematiske fag på UiA og leiar av MatRIC.

Thomas Gjesteland er professor ved Institutt for matematiske fag på UiA og leiar av MatRIC.

– Vi har mange flinke studentar på samlinga. Desse ønsker vi å gjere betre rusta til å lære vekk matematikk på ein pedagogisk måte, seier Thomas Gjesteland, leiar av MatRIC, Senter for framifrå undervising i matematikk ved UiA.

På samlinga deltok studentar frå ingeniørstudia og økonomi- og administrasjonsfag på UiA. Mange nye studentar opplever utfordringar ved praktisk bruk av matematikk.

– Vi har god erfaring med læringsassistentar i undervisning og gruppearbeid. Dei er særleg med for å støtte medstudentane i gruppearbeid og hjelpe dei over kneika slik at vi får dei i mål, seier Gjesteland. 

Skape gode læringsmiljø

For femte året på rad blei samlinga heldt på Skottevik camping. Der får studentane vere saman med kvarandre og faglærarar i to dagar. 

– Målet er å gjere studentane trygge og gi dei ei grunnleggjande opplæring i kva dei skal gjere i rolla som mentor, seier Gjesteland. 

På programmet for dagane var det både ein sosial del og ein fagleg del. 

– Vi legg noko vekt på sjølve matematikkundervisinga, men framfor alt ønsker vi å lære studentane korleis ein bør møte medstudentar og snakke saman for å skape eit godt læringsmiljø. Når ein er trygg, lærer ein betre, seier Gjesteland. 

Eva Dønnestad er seniorrådgjevar ved UiA  og heldt ei innføring med dei nye assistentane om korleis ein møter andre menneske. Innføringa handla mellom anna om trene på å møte andre på måtar som gjer begge partar trygge og modige, og bygge inkluderande fellesskap som set pris på forskjellar. 

– Å samskape er ein viktig verdi for UiA, og skal vi samskape, må vi trene på å kople oss på kvarandre. Målet er ikkje å bli like, men å verdsette forskjellar, seier Dønnestad.

 

Eva Dønnestad snakka med studentane om korleis ein kan bygge inkluderande fellesskap.

Eva Dønnestad snakka med studentane om korleis ein kan bygge inkluderande fellesskap.

På programmet var det også foredrag om korleis hjernen er bygd opp og korleis han fungerer til dømes ved læring om ein opplever stress eller er utrygg.

På programmet var det også foredrag om korleis hjernen er bygd opp og korleis han fungerer til dømes ved læring om ein opplever stress eller er utrygg.