Les mer om hvordan UiA bruker informasjonskapsler på dette nettstedet og hvordan du kan deaktivere disse.
Valstyret ved Universitetet i Agder lyser no ut til val av rektor for universitetet for perioden 1. august 2019 – 31. juli 2023. Valet vert halde i februar.
– Rektorperioden i dag går ut til sommaren, og vi må velgje ny rektor, seier Anne Elizabeth Stie, leiar i valstyret ved universitetet.
Ho fortel at valet neste år sjåast på som særs spanande. Professor Frank Reichert, som har vore rektor ved UiA sidan 2016, har varsla at han ikkje stiller til val for ein ny periode. Universitetet får difor ein heilt ny rektor frå hausten av.
– Det eg håpar på no er at valet gjerast kjent slik at så mange gode kandidatar som mogleg kjem fram. Å vere rektor er ein særs viktig jobb for universitetet, og ein særs givande stilling for den som blir valt. Rektor er også særs viktig for kontakta vi har regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og for kor vi går som universitet i åra framover. Så valet er viktig for framtida, seier Anne Elizabeth Stie.
Sjølve utlysinga av valet vart gjort måndag denne veka. Neste skritt er å melde seg som kandidat. Det kan alle som er interessert og kvalifisert og fremma av 10 personar i valkretsen sin gjere i tida mellom 2. og 14. januar neste år. Sjølve valet haldast deretter i perioden 11. – 18. februar, med ei mogleg 2. valomgang i perioden 4. – 11. mars. Tilsette og studentar har røysterett.