0
Hopp til hovedinnhold

Løysingsorientert samskaping

Friske blikk frå studentar får fram nye perspektiv på kompliserte samfunnsutfordringar. Det er ein av lærdommane frå to masteremne med samskaping som metode.

Samskapingsstudenten Emelie Langemyr Eriksen tek begge masteremna og ser stor nytte av kunnskapen ho får i kursa. Her er ho i Grimstad rådhus etter ei vellukka framføring.

Samskapingsstudenten Emelie Langemyr Eriksen tek begge masteremna og ser stor nytte av kunnskapen ho får i kursa. Her er ho i Grimstad rådhus etter ei vellukka framføring.

I heile haust har studentgrupper frå UiA arbeidd tett med offentlege instansar for å finne nye løysingar på kompliserte problem.

I UiA Samskaping-Open lab er det masterstudentar frå ei rekkje fakultet. Oppdragsgjevarane er Lillesand kommune, Kristiansand kommune og Avdeling for barn og ungdoms psykiske helse ved Sørlandet sjukehus (ABUP). Dei arbeider alle med å involvere ungdom og forstå deira synspunkt.

Innovasjon i offentlig sektor er det studentar frå master i Industriell økonomi og teknologileiing og frå Innovasjon og kunnskapsutvikling som arbeider med universitetsbyplanen mellom Grimstad kommune og Universitetet i Agder.

Samskapingsstudenten

Emelie Langemyr Eriksen har vore med på begge masteremna gjennom hausten. Begge kursa har samskaping som fellesnemnar, men der Innovasjon i offentlig sektor har gått djupare inn i teorigrunnlaget for både samskaping og innovasjon i det offentlege, har UiA Samskaping-Open lab arbeidd praktisk med metodikken i designtenking.

 – Kursa har derfor ikkje overlappa kvarandre, men gjeve viktig erfaring eg kan nytta inn i arbeidslivet etter studiane, seier ho.

Tar lærdom

Nyleg kunne stolte studentar leggje fram resultat for spente oppdragsgjevarar. Kvar framføring var også eksamen på emna, og det var mange nøgde byråkratar som fekk mykje å tenkje på.

– Me vil ta lærdom av studentane sin metodikk i vårt arbeid frametter i Lillesand kommune, seier Geir Jenssen, assisterande rådmann i Lillesand kommune.

For å forstå ungdomane i Lillesand har fire studentar besøkt ei rekkje tiltak for ungdom, og har snakka med 120 ungdomar. Dei har jakta svar på korleis kommunen kan få fleire ungdom i tale i samband med demokratiske prosessar.

– Studentane sitt arbeid har vore ein augeopnar og ei bevisstgjering om kva som må til i ein involverande prosess, seier Jenssen.

ABUP-gruppab rukte ei ordsky som symbol på kva dei meiner ABUP må vektleggje i sin dialog. Frå venstre: Anne-Lene Semb - master i statsvitskap og leiing, Espen Bølviken - master i industriell økonomi og teknologileiing, Odd Magne Vatne - tar emnet som enkeltemne, men har bachelor i kommunikasjon, Larysa Strømstad - master i klinisk helsevitskap og Anne Cathrine Sørlie - master i folkehelsevitskap (sit foran dei andre).

Uklart mangfald

Samsen kulturhus i Kristiansand har fleire målgrupper. Det er ein samlingsstad for vanskelegstilte grupper, men og for alle ungdomar.  Det er ikkje alltid like enkelt for ungdomar å forstå  denne doble målgruppa.

Studentane som har vore tett på Samsen kulturhus utfordra dei på å bli tydelegare på kva slags inntrykk huset faktisk gjer på sine brukarar. Studentgruppa foreslår at kulturhuset tek ein skuleturné for å få dialog med elevane i målgruppa.

– Mangfald kan vera utydeleg. Så me takkar for utfordringa frå studentane og arbeider heile tida med å fortelje tydelegare kva Samsen faktisk er, seier avdelingsleiar på kulturhuset, Tor-Egil Vaule Andersen.

– Me føreslår at Samsen skal byggja ein boks og bruke den til å fortelje kva dei er, seier student på Master i music management, Tim-Erik Reichert som overleverte ein modell av Samsen-boksen til avdelingsleiar på kulturhuset, Tor-Egil Vaule Andersen.

Førebu planarbeidet

UiA og Grimstad kommune skal lage ein plan for universitetsbysamarbeidet. Studentane på Innovasjon i offentlig sektor har i haust gjort førebuingar til sjølve planarbeidet.

I november arrangerte dei ein workshop med deltakarar frå kommune, næringsliv, friviljug arbeid og studentar og leiing frå UiA. Så har det vore nokon travle veker der dei har gått i djupet i teori og brukt teorien på tre ulike problemstillingar som handlar om forholdet mellom universitet og vertskommune.

– Det har vore ein kjempenyttig prosess. Ikkje minst det at studentane peiker på alternative metodar me kan arbeide etter. Så håpar me at arbeidet har skapt ei oppleving for studentane av å høyre til her i Grimstad, seier næringssjef Bodil Slettebø i Grimstad kommune.

Heile gjengen på UiA Samskaping-Open lab.

Heile gjengen på UiA Samskaping-Open lab.

Send studiet på mail