0
Hopp til hovedinnhold

Løgn og bedrag i engelen Gabriels namn

Professor Årstein Justnes ved Universitet i Agder (UiA) avslører manuskript som gir seg ut for å vere frå Jesu tid. 

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

 13.-15. april inviterer han til den internasjonale konferansen The Lying Pen of Scribes på UiA.

– Det er pengar i gamle manuskript og inskripsjonar. Dersom dei er ekte, kan dei vere verdt mange millionar kroner. Derfor er det mange som prøver å lage forfalskingar. Samtidig er forskarane opne for nye funn. Mange forskarar drøymer om å finne heilt ny kunnskap. Dersom eit manuskript er ekte, kan det korrigere gammal kunnskap og presentere ny innsikt til og med om Bibelen. Men vanlegvis er det ikkje slik, seier Justnes.

Særleg etter 2002 har det dukka opp mange nye inskripsjonar og fragment på antikvitetsmarknadene. Mange av desse er truleg forfalskingar. I 2007 vart steininskripsjonen Gabriels openberring publisert og fleire framståande forskarar gjekk god for manuskriptet. Tekniske undersøkingar av funnet, viste også at materialet var gamalt. Justnes meiner likevel det er ei forfalsking.

Godtruande forskarar

– Eg meiner forskarane har vore altfor godtruande når dei har tatt dette manuskriptet inn i varmen. Eg har studert teksten og er ikkje i tvil om at det er ei forfalsking. Vi må avsløre falske manuskript for å unngå at forskarar byrjar å vise til desse kjeldene som om dei var ekte. Når falsk informasjon byrjar å sirkulere i databasane, vert datasettet vårt øydelagt, seier Justnes.

Dan Brown gav ut romanen Da Vinci-koden i 2003. Justnes trur boka kan ha inspirert enkelte svindlarar.

– Boka kan ha motivert til dømes dei som produserte det såkalla Evangeliet etter Jesu kone som Harvard-professor Karen King gjorde kjent i 2012. Fragmentet er ei forfalsking, men det er skremmande at svindlarane klarte å lure professor King og hennar forskarhoff, seier Justnes.

Nytt forskingsprosjekt

Han vil leggje fram fleire av sine innvendingar mot Gabriels openberring på konferansen til veka. Konferansen er starten på det Justnes håper skal bli eit større forskingsprosjekt om forfalskingar. Saman med kollegaer frå inn- og utland førebur han i desse dagar ein søknad til Forskingsrådet om 10 millionar kroner til eit fireårig forskingsprosjekt om feltet.

– I prosjektet skal ein av forskarane mellom anna forsøke å lage ei forfalsking for å vise at det let seg gjere å framstille manuskript som står fram som så ekte at til og med vitskaplege prøver vil stadfeste at dei er frå gamal tid, seier Justnes.

Professoren understrekar at det også finst ekte funn frå Jesu tid, men Gabriels openberring er ikkje blant dei. Så får vi sjå på konferansen til veka kor mange av dei internasjonale forskarane som er samde med UiA-professoren i at Gabriels openberring er ei forfalsking. 

Konferanse på UiA:

The Lying Pen of Scribes (Jer. 8,8)

Ansvarleg arrangør: professor Årstein Justnes ved Institutt for religion, filosofi og historie

Tid og stad: 13.-15. april

  • rom A7 001 (onsdag)
  • rom E2 009 (torsdag og fredag)  

Tekst: Atle Christiansen