Han underviste på Holt i Tvedestrand til han vart 93 år gammal. Då hadde han vore lærar i 65 år og skrive ei rekkje fagbøker. No blir Andreas Martinus Feragen trekt fram på eit eige seminar ved Universitet i Agder.
Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Andreas Martinus Feragen. Måleriet hengjer hos Avdeling for lærarutdanning i Sigrid Undsets hus (Bygg 46), Campus Kristiansand.
Universitet i Agder (UiA) og Agder Vitskapsakademi held eit ope seminar om Andreas Martinus Feragen (1818-1912) på Campus Kristiansand 4. juni.
Feragen blir presentert av historikaren Bjørg Seland, pedagogen Ragnar Thygesen og læraren og teologen Jørn Varhaug, alle frå UiA. Forskarane skal snakke om grundtvigianisme, barnepedagogikk, lærarutdanning, praksisskular og dei historiske røtene til den pedagogikken Feragen stod for.
Jørn Varhaug er dekan ved lærarutdanninga ved UiA, og er full av lovord om pedagogen.
– Bøkene hans viser at han var ein svært klok og djupttenkande pedagog, seier Varhaug.
Han trekkjer særleg fram boka Hjem og Skole: Et Ord til Forældre om deres og Skolens fælles Gjerning, Børnenes Opdragelse og Undervisning.
Boka kom første gong ut i 1875 vart lesen av skuleinteresserte i mange år framover. Her presenterte Feragen sine tankar om kor viktig det er for barnet at skule og heim har eit felles mål.
– For Feragen var det grunnleggjande at ein skulle møte enkelteleven der han var i si utvikling, og samtidig få heile familien til å ta ansvar for utdanning og oppseding i samarbeid med skulen. Dette er tankar som er aktuelle den dag i dag. Feragen hadde store forventningar til heimen og samarbeidet mellom skule og heim, seier Varhaug.
Feragen gav også ut boka Regne-ABC i 1856. Boka kom i 15 opplag og selde meir enn 150 000 eksemplar.
– Feragen var ein framståande pedagog i si tid. Han var i fleire offentlege kommisjonar, mellom anna ein kommisjon som vurderte nye lærebøker, seier Varhaug.
Dekanen på lærarutdanninga håper seminaret, ny forsking og nye kronikkar kan bidra til å løfte fram denne pedagogiske pioneren i vår tids debatt om den gode skulen.
Feragen stod både i ein rasjonalistisk opplysningstradisjon og ein klassisk danningstradisjon.
– Han meinte at oppseding var den viktigaste gåva ein kunne gi til dei unge, seier Varhaug.
I tillegg til bokskriving og offentleg komitéarbeid, var Feragen lærar på Holt faste skule i Tvedestrand i perioden 1846-1911. Folkeskulen i Holt låg like ved Holt seminar, den tids lærarskule, også rekna som den spede starten på det som i dag er Universitetet i Agder.
Feragen var øvingslærar for lærarstudentane ved seminaret. Han arbeidde tett på studentane, var med dei i timane og rettleia dei i kunsten å undervise. Feragen trudde meir på demonstrasjonar enn forklaringar. Derfor tok han kvar veke med seg seminaristar til skulen og elevar med til seminaret.
UiA har heidra Feragen ved å kalle F-blokka på Campus Kristiansand for Andreas Feragens hus.