0
Hopp til hovedinnhold

Lanserer ny nettstad for matematikkhjelp

Tre matematikkstudentar frå UiA skal vere rettleiarar på MatRICs nye digitale matematikkforum. Dette inneber at alle UiA-studentar no har to stader å ta kontakt om dei treng hjelp med matematikk. 

Foto av tre studenter
Desse matematikkstudentane sit klare på den nye nettstaden der UiA-studentar kan få hjelp med matematikkutfordringar. Frå venstre: Hallvard Foss, Hege Baggethun og Martin Nordskog.

I tillegg til den nye nettstaden eksisterer også det fysiske drop-in-tilbodet framleis

– Vi er veldig glade for å endeleg få det digitale tilbodet på plass. 30 minutt etter at vi la ut informasjon om forumet i Canvas kom første spørsmål frå studentane. Vi trur det er eit behov der ute, seier Hege Baggethun. 

Ho er masterstudent i matematikk og skal vere rettleiar på nettstaden. Ho er også rettleiar på den fysiske drop-in-tenesta. 

– Koronasituasjonen har ført til at færre studentar er på campus og møter på fysisk drop in. Med eit digitalt tilbod er vi lettare tilgjengelege for studentane der dei er, seier Baggethun.

Det er Centre for Research, Innovation and Coordination of Mathematics Teaching (MatRIC) som er initiativtakar og ansvarleg for den digitale nettstaden, men studentane skal sjølv drifte sida.  

For alle studentar på UiA 

Nettstaden er utforma som eit interaktivt digitalt forum der studentane kan skrive inn spørsmål knytt til alle matematikkfag på UiA. Dette gjeld alle matematikkfag i matematikk-, biologi-, bioingeniør-, økonomi-, ingeniør-,  og lærarutdanninga. 

Slik ser det digitale matematikkforumet ut for studentane (Skjermdump).

Slik ser det digitale matematikkforumet ut for studentane (Skjermdump).

Studentane kan stille spørsmål som gjest eller logge inn med eit valfritt brukarnamn. Ein kan altså stille spørsmål anonymt om ein ønskjer det. 

Saman med Baggethun er også lektorstudentane Martin Nordskog og Hallvard Foss rettleiarar og moderatorar i forumet. 

– Vi skal forsøke å svare så raskt som mogleg og innan eit døgn. Foreløpig vil vi ikkje svare i helgene, men forumet er alltid open for å leggje inn spørsmål, seier Baggethun. 

Tilgang til ekspertpanel

Rettleiarane kan svare på mykje innan matematikk, men om spørsmåla blir for kompliserte har dei tilgang til eit ekspertpanel av faglærarar som kan hjelpe.  

– Vi skal ikkje vere ein fasitgenerator, men hjelpe studentane på vegen til svaret. Om vi ikkje klarar det, kan vi få råd hos faglærarane våre, seier Baggethun.

Ho understreker også at det ikkje berre er rettleiarane som kan svare på spørsmål. Forumet er også open for at studentar kan hjelpe einannan med spørsmål. 

På sikt ønskjer MatRIC at forumet skal bli brukt som eit digitalt oppslagsverk i alle emne innan matematikk på UiA.  

Moderatorar

Rettleiarane skal også ha ei rolle som moderatorar i forumet. Av erfaringar frå andre forum er det viktig å ha kontroll over innhaldet slik at besøkande har tillit til det som står i fanane i forumet. 

– Vi arbeider heile tida med å utarbeide kjørereglar for korleis ein stille spørsmål og korleis ein svarar kvarandre i forumet, seier Baggethun.