0
Hopp til hovedinnhold

Langt igjen til likestilling på UiA

Det er langt fleire mannlege enn kvinnelege professorar på UiA, og dei mannlege professorane ser også ut til å få meir makt enn dei kvinnelege. Det seier May-Linda Magnussen, prosjektleiar for forskinga i UiAs Balanseprosjekt.

Bilde av balansebrett
Balanseprosjektet på UiA har arbeida med å betre kjønnsbalansen i toppstillingar og forskingsleiinga på UiA.

– Vårt materiale tyder på ein ubalanse i maktforholdet på UiA der mannlege faglege tilsette har større fagleg makt enn kvinner, seier Magnussen som også er seniorforskar ved NORCE og postdoktor på Institutt for sosiologi og sosialt arbeid.  

Studien er finansiert av UiA og Forskingsrådets Balanseprogram og varer i tre år frå 2015 til 2018. Balanseprosjektet på UiA skal arbeide med å betre kjønnsbalansen i toppstillingar og forskingsleiinga. Det er også sett i gang ulike tiltak for å få fleire kvinnelege professorar på UiA. 

May-Linda Magnussen

May-Linda Magnussen

– Meir vekt på framifrå forsking på UiA gjer kvinners veg mot professortittel endå lenger. Gjennom historia og framleis i dag er det først og fremst menn som har definert kva krava for å bli professor skal vere. Desse har ikkje alltid passa like godt for kvinner, seier Magnussen. 

I materialet blir det også tydeleg at krava ofte ikkje står i stil til kva kvinner gjer og kva dei ønsker å gjere som fagpersonar. 

Uformelle maktprosessar

I studien til Magnussen og kollegaer har dei blant anna intervjua kvinnelege førsteamanuensar om deira arbeidskvardagar og forskingskarrierar ved UiA.Mange opplever det utfordrande å oppnå ein professortittel på grunn av uformelle maktprosessar. Der blir kvinner ekskludert og kriteria som gjeld, gjer mykje av deira akademiske verksemd irrelevant. 

– Fleire opplever at menn i same stilling og med same talent som kvinner fort blir gjort meir synlege og får fleire sjansar. Respondentar fortel at det blir brukt lite synlege og subtile måtar for å få fram menn som andre menn opplever som flinke. Dette blir ikkje gjort i same grad for kvinner.Dei blir ofte ikkje snakka om like mykje eller framsnakka på den same måten som dei mannlege, seier Magnussen. 

Magnussen understrekar at utfordringar knytt til likestilling og kjønnsbalanse gjeld for heile UiA. Men utfordringane varierer veldig.

– Fakulteta og institutta på UiA må byrje med å utforske sine lokale utfordringar. Dei må forstå dei sosiale prosessane, korleis kjønn speler ei rolle og så utforske kva ein kan gjere for å jamne ut makt- og kjønnsbalansen og legge til rette for auka mangfald generelt, seier Magnussen. 

Viktig for universitetet

Karen-Lise Knudsen er prosjektleiar for Balanseprosjektet. Ho meiner det er viktig å leggje vekt på kjønnsbalanse ved UiA. 

– Vi ønsker å gi begge kjønn like sjansar til å nå toppen i sitt fag. Vi må halde fram med å styrke prosessane slik at fleire kvinner blir professor. Dette arbeidet er ikkje gjort på nokre få år. Det er eit langsiktig arbeid, seier Knudsen.

Karen-Lise Knudsen

Karen-Lise Knudsen

Framgang for kvinner

Da prosjektet starta i 2015 var det berre 19 prosent kvinnelege professorar på UiA; no er det 27. 

– Dette er eit steg i riktig retning. Vi har sett i gang mykje, men det er framleis arbeid som står att her på UiA. Vi skal halde fram med å jobbe med dette framover, seier Knudsen.  

Balanseprosjektet har sett i gang mange tiltak for at fleire kvinnelege førsteamanuensar skal bli professor. Mellom anna har kvinnene fått rettleiing i søknadsskriving for professoropprykk. Dei har også fått hjelp til å vurdere professorkompetansen sin i forkant av søknadsskrivinga. 

– Slike tiltak byggjer opp under målsettinga om å auke talet på kvinnelege professorar til 35 prosent. Dette er eit ambisiøst mål, men ikkje uoppnåeleg for UiA, seier Knutsen.  

Avsluttar før jul 

Balanseprosjektet blir nå avslutta med ein sluttkonferanse på UiA, 7. desember. Der vil Magnussen presentere fleire resultat frå forskings- og utviklingsprosjektet.  

Her er programmet for sluttkonferansen i Balanseprosjektet 7. desember.

Send studiet på mail