0
Hopp til hovedinnhold

Langfredagsavtalen i Nord-Irland er ein politisk suksess

Fredsavtalen mellom katolikkar og protestantar i 1998 gjorde slutt på omfattande vald og terror i Nord-Irland. Tre UiA-forskarar lanserer ny bok om arven etter avtalen.

Redaktørane Jan Erik Mustad, David Herbert og Charles Armstrong gir ut bok i bokserien Palgrave Studies in Compromise after Conflict på det britiske forlaget Palgrave Macmillan.
Forsiden av boken The Legacy of the Good Friday Agreement

The Legacy of the Good Friday Agreement.

– Langfredagsavtalen i 1998 var på mange måtar ein ny fødsel for Nord-Irland. Han gjorde slutt på nærmare 30 år med omfattande vald og terror. Det har vore spreidd uro og valdshendingar etter avtalen også, men ikkje i det omfang som var før, sa Charles Armstrong da han presenterte den nye boka på Universitet i Agder tidleg i desember.

Armstrong er professor ved Universitetet i Agder (UiA) og saman med førstelektor Jan Erik Mustad og professor David Herbert, begge knytt til UiA, er han redaktør av boka The Legacy of the Good Friday Agreement (Arven etter Langfredagsavtalen). Boka kjem ut i ein serie av studiar om kompromiss etter konfliktar hos det britiske forlaget Palgrave Macmillan.

Litteratur og politikk

Boka er ein tverrfagleg studie der ulike forskarar innanfor politikk, sosiologi, historie, film og litteratur drøftar ulike syn på arven etter Langfredagsavtalen.

Charles Armstrong, foto

Charles Armstrong.

– Mangfaldet har vore ei utfordring under redigeringa av boka. Her skriv fleire forfattarar på ulike måtar og ut frå ulike perspektiv, men dei forskjellige stemmene står fram som ein styrke ved boka, sa Armstrong. 

Dei tre forskarane frå UiA har skrive forord og kvart sitt essay i boka. Charles Armstrong skriv om vilje til endring og vurderer korleis nord-irske forfattarar har vurdert avtalen.

Ulike syn på avtalen

– Det er ein lang tradisjon i den irske litteraturen for å skrive hyllingstekstar eller det motsette om politiske leiarar. Heller ikkje forfattarar av skjønnlitterære bøker er samde om kva Langfredagsavtalen i grunnen har betydd for provinsen. Nokon er positive og andre er negative til avtalen og utviklinga i etterkant, sa Armstrong under presentasjonen.

David Herbert, foto

David Herbert.

David Herbert skriv om framtid og fred, og presenterer eigne erfaringar frå den tida han budde i Nord-Irland etter fredsavtalen.

– Det er påfallande mange murar og stengslar nær sagt over alt i Belfast og Londonderry. Avtalen har på ingen måte ført katolikkar og protestantar nærare einannan, men har snarare sytt for at dei lever kvar for seg, sa Herbert.

Avtalen delte folket

Jan Erik Mustad skriv i sitt essay om partipolitiske endringar i Nord-Irland, og særleg endringane i Det demokratiske unionistpartiet (DUP) etter 1998.

Mustad stadfesta inntrykket Herbert hadde frå opphaldet i provinsen, og viste til at tanken bak avtalen var at partane ikkje kunne bu og fungere saman.

Jan Erik Mustad, foto

Jan Erik Mustad.

–  Dei måtte skiljast, og  det er rundt 50 mur-gjerde i Nord-Irland i dag som skil partane frå einannan. Dei lever i fred med einannan, men dei lever ikkje saman, sa Mustad.

Han understrekte at Langfredagsavtalen var og er ein segregeringsavtale. Partane er delt og bur i kvar sine område, og slik held dei seg frå einannan.

Suksessavtale

Likevel er avtalen ein siger. Langfredagsavtalen i 1998 var ein siger for kompromisset. Partane la vekk sine prioriterte ønskjer og gjekk inn for ei mellomløysing. Avtalen kom i stand på langfredag, men dei tre redaktørane peiker i forordet på at det kanskje hadde vore enda meir symbolsk korrekt om avtalen vart underteikna påskemorgon. Langfredagsavtalen var ein ny start for Nord-Irland.

Det har vore fred og delvis forsoning i Nord-Irland sidan avtalen i 1998 og fram til i dag, men det går stadig føre seg politiske og ideologiske kampar om fredsavtalen mellom protestantar og katolikkar.

– Langfredagsavtalen i 1998 er den største og viktigaste avtalen i Nord-Irland i nyare tid. Avtalen sette ein effektiv stoppar for den omfattande valden i Nord-Irland, sa Armstrong.  

Internasjonalt spel

Mustad minte også om at det var eit høgt spel om avtalen i Nord-Irland. President Clinton spelte ei viss rolle, men enda meir sentral var dåverande statsminister Tony Blair, frå det britiske arbeidarpartiet.

Statsministeren hadde ei nøkkelrolle. Avtalen vert rekna som ein av hans største politiske sigrar. Likevel har rolla til Blair vore omstridd og vert stadig diskutert. Også denne boka går nærmare inn på dei positive og negative sidene ved Blair og hans arbeid med avtalen. 

20 år med opp- og nedturar

– Det bur 1,8 millionar menneske i Nord-Irland, og dei har alle på eit eller anna vis vore involvert i vald, terror eller andre tvilsame handlingar, eller dei kjenner nokon som har det, sa Mustad.

Langfredagasavtalen gjekk til alle husstandar i Nord-Irland og vart stemt over. 70 prosent sa ja til avtalen, og sidan har det vore fred utan fordrageligheit. Det har nemleg vore opp- og nedturar, men sett under eitt vert avtalen rekna som ein suksess. 

– Avtalen er ein suksess særleg fordi han gjorde slutt på den 30 år lange perioden frå 1968–1998 som vert kalla The Troubles, og var prega av sterke motsetningar mellom katolikkar og protestantar og mykje vald og terror, sa Herbert under presentasjonen av den nye boka som i alt inneheld 15 essay.

Bokserien Palgrave Studies in Compromise after Conflict:

The Legacy of the Good Friday Agreement

Northern Irish Politics, Culture and Art after 1998

Charles I. Armstrong, David Herbert og Jan Erik Mustad (red.)

Palgrave Macmillan, 2018

Send studiet på mail