Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Lagspelaren

Ho har vore toppleiar på Sørlandet i 24 år. No tar ho over det største fakultetet ved Universitetet i Agder.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Jorunn Gislefossi mekatronikklaben, foto
Jorunn Gislefoss er ny fakultetsdirektør for Fakultet for teknologi og realfag og gleder seg til å arbeide saman med dei tilsette mot felles mål. Her er ho på besøk i mekatronikklabben på Campus Grimstad, ein av fleire labbar og fagfelt som ho no skal få betre kjennskap til i tida framover.

Jorunn Gislefoss blei tilsett som fakultetsdirektør 3. februar og får ansvaret for 400 tilsette på Fakultet for teknologi og realfag. Blant dei er det mellom anna matematikarar, naturvitarar, ingeniørar, forskarar innan kunstig intelligens og administrative tilsette. Saman med dekan Michael Rygaard Hansen skal ho få dei til å dra i same retning.

– Den viktigaste ressursen på ein kvar arbeidsplass er dei tilsette, seier Gislefoss.

Jorunn Gislefoss har styrt industribedrifter sidan ho disputerte til doktorgraden i fysikk ved NTH i 1994. Lengst har ho styrt i GE Healthcare Lindesnes der ho hadde leiarstillingar frå 1995 til 2017, dei siste 5 åra som fabrikkens øvste leiar. Ved REC Solar i Kristiansand var ho fabrikksjef frå 2017 til 2019 og ved NORCE har ho arbeidd som seniorrådgjevar frå hausten 2019 og fram til no.

Ho har ikkje skaffa seg nokon komplisert leiarfilosofi gjennom snart eit kvart hundreår som sjef. Gislefoss trur på dei enkle og grunnleggjande tinga.

– I gode dagar skal dei tilsette ha skryt, og på tøffare dagar må sjefen ta ansvar og vise veg, seier ho.

Forme framtida

Gislefoss liker å involvere seg i detaljane. Då ho arbeidde i GE Healthcare og REC Solar var ho stadig å sjå på fabrikkgolvet der ho diskuterte detaljar med operatørane.

Men så må sjefen tilbake igjen på kontoret og bestemme, og det er ikkje til å underslå at ho liker å sjefe også. Det er derfor ho er sjef. Ho liker å trekke seg tilbake, sjå over sakene ein gong til, sjå dei i samanheng med andre detaljar og diskutere med resten av leiargruppa. Ved å zoome inn på fordelar og ulemper får ho fram eit heilskapleg inntrykk av saka før ho bestemmer seg for neste trekk.

Ho blir motivert av å sette arbeidet inn i ein større samanheng. Og ho liker å styre etter ein visjon.

På GE Healthcare Lindesnes produserer dei kontrastvæske for røntgenfotografi, og gjennom produkta reddar dei liv kvar dag. Ved REC Solar lagar dei silisium til solcellepanel, og er dermed  med og løyser verdas energiutfordringar. Ved NORCE var dei lidenskapeleg opptekne av kunnskap og berekraft. Og no har Jorunn Gislefoss begynt å seie at ho og hennar nye kollegaer ved UiA formar framtidas samfunn.

– Det skal vere ei meining med det vi gjer som går utover det at vi kjem på jobb kvar dag. Samfunnsoppdraget til UiA er å drive med forsking, utdanning og formidling, og det opplever eg som meiningsfulle oppgåver, seier ho.

Miljø og berekraft

For augeblikket arbeider UiA med ein ny berekraftsanalyse og klima- og miljøplan for universitetet. Miljøarbeid er ikkje ukjent for Gislefoss. Då ho disputerte for doktorgraden i 1994 handla forskinga hennar nettopp om miljø- og klimafysikk. Ho studerte CO2-innhald og annan miljøpåverknad i havet.

– Berekraft var viktig den gongen, og er blitt endå meir aktuelt i dag. Til dømes må vi vere bevisste og ha gode rutinar for vår eigen daglege drift. Fagfolk ved vårt fakultetet bidrar med ny klimaforsking som mellom anna viser korleis fisk, dyr og fuglar blir påverka av klimaendringane, seier Gislefoss.

Ho peiker mellom anna på arbeidet som blir gjort ved toppforskingssenteret Senter for marin forsking.

Mangfald og samskaping

Erfaringar med mangfald og ulikheiter blant dei tilsette er noko av det viktigaste ho tar med seg frå industrien.

– Folk er ulike, og det er viktig å bruke forskjellane positivt. Ulike typar i ei arbeidsgruppe utfordrar einannan og då blir resultata betre, seier ho.

Ifølgje Gislefoss handlar rolla som fakultetsdirektør først og fremst om å leie menneske og legge til rette for at dei lykkast i arbeidet sitt.

Ei viktig oppgåve UiA har lykkast med gjennom fleire år er eit utstrekt samarbeid med næringsliv og industribedrifter på Sørlandet. Det arbeidet vil ho satse vidare på.

– Eg vil styrkje samhandlinga mellom universitetet og industrien, spesielt gjennom dei store klyngene Eyde og NODE. Saman kan vi utvikle regionen, seier Gislefoss.

Sjølv har ho aldri studert på UiA, men ho har vore styremedlem i universitetsstyre til UiA frå 2008-2012.

– UiA er ein spennande verksemd å bli ein del av. Samskaping av kunnskap er ein god visjon. Institusjonen er ein viktig leverandør av forsking og utdanning for regionen. Det å gjere studentar i stand til å gjere ein god jobb i arbeidslivet er ein viktig jobb for oss, seier Gislefoss.

Med si lange erfaring frå industrien har ho leia fleire samarbeidsprosjekt mellom industribedrifter og UiA. Det har mellom anna lært henne at praksisplassar og studentoppgåver er viktige verktøy både for UiA og bedriftene.

– I bedriftene eg har arbeidd i var studentsamarbeid nyttig fordi studentane kom med fersk kompetanse og verdifull forsking. I gjengjeld fekk studentane relevant arbeidserfaring å ta med seg vidare, seier Gislefoss.

Enkelpersonen og laget

Gislefoss er ein lagspelar, men så har ho også drive med handball i mange år, både som trenar og utøvar. Ho har tatt med seg samspelet frå lagidrettane over i arbeidslivet, og slik vil ho også ha det på UiA. Ho vil at tilsette og samarbeidspartnarar spelar på lag og gjer kvarandre gode. 

– For å nå mål, må vi gi tilsette den kompetansen dei treng for å utføre arbeidet sitt best mogleg. Eg er opptatt av dialog, og å få ut potensialet til alle tilsette, seier Gislefoss.

Dei som kjenner henne, meiner ho er ein blid og omsorgsfull sjef med ei spesiell evne til å sjå menneske og få tilsette til å kjenne at dei blir tatt på alvor. Samstundes set ho krav og forventar at alle går saman om å nå felles mål. Gislefoss gjer ikkje noko tilfeldig, seier dei. Ho er tydeleg på kva ho vil, og er opptatt av at samarbeid fører fram dit ein skal.  

No skal lagspelaren Jorunn Gislefoss ta UiAs Fakultet for teknologi og realfag vidare. Saman med sine nye kollegaer.