Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Lagar konferanse som bacheloroppgåve

Når den internasjonale kunstig intelligens-konferansen NORDTEK blir arrangert 8. juni, er det med tre bachelorstudentar bak spakane.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Foto av studentane i studio
Bachelorstudentane Nora Maria Becker (t.v.), Cecilia Kristansen, og Stian Hanssen Lande hadde allereie samarbeidd på fleire prosjekt då dei blei spurd om å produsere NORDTEK-konferansen.

NORDTEK-konferansen blir arrangert digitalt den 8. juni, med over hundre deltakarar frå 30 universitet i Norden og Baltikum.

– Det blir spennande å styre dette på direkten, men det er eit press fordi mange kjem til å  følgje med. Det er mykje nytt vi må lære oss, seier Cecilia Kristiansen.

Saman med studiekameratane Nora Maria Becker og Stian Hanssen Lande er ho i studio på Campus Grimstad for å sette seg inn i teknikken som trengst for å styre ein stor, internasjonal konferanse over nett.

Dei tre er bachelorstudentar i faget Multimedieteknologi og -design på Universitetet i Agder (UiA). Dei er ansvarlege for alt under konferansen, frå det visuelle uttrykket til den tekniske gjennomføringa. Konferansen er bacheloroppgåva deira.

– 8. juni skal vi styre alt her frå studio. Vi skal kontrollere lyd, kamera og skifte mellom direktesendingar frå zoom, opptak som er spelt inn tidlegare, og det som skal hende direkte i studio, seier Becker.

Prioritert område ved UiA

NORDTEK spring ut frå eit nettverk mellom nordiske og baltiske universitet som tilbyr høgare utdanning innan teknologi- og realfag. Kvart år samlar rektorar, dekanar, studentar og andre frå dei ulike institusjonane seg for eit arrangement over tre dagar. På grunn av pandemien er arrangementet i år éin dag, og blir arrangert virtuelt. Temaet er kunstig intelligens, som gjerne blir forkorta KI.

– Kunstig intelligens er eit av seks prioriterte forskingsområde på UiA, og vi er stolte over å invitere kollegaer, samarbeidspartnarar og venner for å snakke om KI som ein katalysator for samskaping og nyskaping, seier UiA-rektor Sunniva Whittaker.

Konferansen vil vere gratis og open for alle som ønskjer å delta. Den blir arrangert av Fakultet for teknologi og realfag.

– Eg ser fram til konferansen av fleire grunnar. Ikkje minst er eg nysgjerrig på kva skilnaden blir på ein konferanse produsert av UiA-studentar og alle dei andre virtuelle konferansane eg har delteke på dei siste tolv månadane, seier dekan på fakultetet, Michael Rygaard Hansen.

studentane i studio

Studentane prøver ut ulike løysingar for direktesending frå studio på Campus Grimstad. Alt skal vere klart til NORDTEK-konferansen den 8. juni.

Spennende program

– Norden og Baltikum har ei historie med samarbeid som går heilt tilbake til hansatida. Målet til NORDTEK er å leggje til rette for teknologiske framsteg gjennom samarbeid. Dette gjer vi ved å arbeide for utdanning, entreprenørskap, innovasjon og mobilitet.

Det seier Johan Tysk, viserektor på Uppsala universitet og den første talaren på årets NORDTEK-konferanse.

Leiar for fagkomiteen for konferansen på UiA, professor Christian Omlin, seier det blir ein imponerandre rekke av foredragshaldarar på konferansen.

Blant anna skal ein representant frå CERN snakke om KI i Big Science. Omlin lover òg eit lærerikt og spennende foredrag om KI og kreativitet frå ein av de leiande forskarane ved Universitetet i Helsinki.

– Den virtuelle NORDTEK-konferansen blir ein dag for utdanning, underhaldning og spenning, seier Omlin.

Første møte i år

Spenninga er også stor hos dei tre studentane i studioet på Campus Grimstad. Når dei treffast for å teste kamera og mikrofoner denne veka er det første gongen dei ser kvarandre fysisk i heile år.

– Vi har jobba mye over Zoom, og det har vore mange planleggingsmøte, seier Nora Maria Becker.

– Det er veldig lærerikt. Vi har fått prøvd ut ting vi har lært i studietida. Samstundes er det ei stor oppgåve, mykje større enn eit gruppeprosjekt. Det er spennande å arbeide med ein internasjonal konferanse, seier Cecilia Kristiansen.

Du kan melde deg på konferansen her.