Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Lærer historie med ChatGPT

Studentar på UiA les historie samtidig som dei lærer kritisk bruk av kunstig intelligens.

Foto av Iorest Gelu Enache
– Eg synest måten ChatGPT blir brukt på i dette studiet både er innovativ og veldig nyttig. Å bruke kunstig intelligens i læringsprosessen lærer oss å vere kritiske og førebur oss for framtida, seier Iorest Gelu Enache. (Foto: Maria van Schoor)

– Det er utfordrande og interessant på same tid. Gjennom å utforske ChatGPT har vi oppdaga nye perspektiv ved bruk av kunstig intelligens, seier Iorest Gelu Enache.

Han har komme til Universitetet i Agder (UiA) på utveksling frå Romania, og er  student på kurset «Introduction to historical consciousness». Der blir studentane oppmoda til å bruke ein spesialbygd versjon av ChatGPT mellom anna for å føre sokratiske dialogar, og for å førebu presentasjonar til klassen.

Eit eksperiment Enache og medstudentane hans gjorde, var å be ChatGPT om å skape eit bilde av definisjonen på historisk medvett.

– Resultatet var noko nytt og forbløffande som vi kunne gå vidare med og analysere ut frå perspektiva vi lærer om på kurset, seier Enache.

Lærer ved å korrigere teknologien

Foto av Apostolos Spanos

Professor Apostolos Spanos på Institutt for relgion, filosofi og historie ved Universitetet i Agder.

Foto av Hilde Inntjore

Hilde Inntjore, viserektor for utdanning på Universitetet i Agder.

Apostolos Spanos er professor på Institutt for religion, filosofi og historie på Universitetet i Agder (UiA). Han er ansvarleg for kurset, og seier at han i starten tenkte mykje på kva kjelder som ofte blir brukte av studentane.

Han meiner tekstane som blir genererte av ChatGPT generelt har vorte mykje betre enn dei var for eitt år sidan, då teknologien først vart allment tilgjengeleg.

– Nyleg analyserte studentane eit essay på 500 ord som var skrive av ChatGPT, og dei hadde mykje å seie om kva roboten er god og dårleg på. Og dét er noko av det viktigaste her: Når studentane korrigerer GPT, så lærer dei betre, seier Spanos.

Han har brukt mykje tid på å komme fram til gode kommandoar til ChatGPT, som ein på engelsk kallar prompts. Ofte må det 30-40 forsøk til før kommandoen sit godt og gir gode svar, seier han.

– Når du som underviser skal lage ein god kommando, må du tenkje kva du vil at studentane skal få ut av det. Av og til så liker eg feila som ChatGPT gjer, for det er feila som hjelper dei å forstå betre, seier Spanos.

Når studentane på kurset skal evaluere tekstar frå ChatGPT, tek dei alle utgangspunkt i den same teksten. På den måten sikrar Spanos at dei snakkar om det same.

Allsidige bruksområde

ChatGPT blir brukt som læringsressurs i seks modular av kurset. På ulike måtar skal desse hjelpe studentane å hugse, forstå, implementere, analysere, evaluere og skape noko nytt. Dette er knytta til taksonomien utvikla av Benjamin Bloom, som er ein velkjend læringsteori.

Slik blir ChatGPT brukt i undervisninga

  • Huske: Studenten klikkar på ein tittel om eit emne, og får ein tekst generert av ChatGPT.
  • Forstå: Ved å føre ein samtale med ChatGPT som er programmert til å svare som filosofen Sokrates, kan studentane sjekke kunnskapane sine.
  • Implementere: Ei gruppe studentar får i oppgåve å leie eit seminar for dei andre studentane, og bruker ChatGPT til å forme ut oppgåver og aktivitetar.
  • Analyse: Ved å analyse ein tekst skrive av ChatGPT, blir studentane kjende med sterke og svake sider ved han.
  • Evaluere: Studentane blir kjende med evalueringskriteria til emnets eksamen, og bruker desse til å sjå på struktur, språk og argumentasjon i eit svar frå ChatGPT, og deretter gi ein karakter ut frå dette.
  • Skape: Studentane får velje mellom to skriftlege og to munnlege eksamensformer[AS2] , og får forslag om tema frå ChatGPT. I samråd med læraren vel dei kva dei vil skrive eller snakke om.

Verktøyet er programmert i Sanity, men skal flyttast over til Wordpress i neste versjon. Prosjektet er ein pilot, og kan tas i bruk av alle.

Når kunstig intelligens blir brukt i undervisninga på denne måten, er det ein viktig del av læringa å forstå at teknologien må brukast både kritisk og forsiktig, meiner Spanos.

– Dei fleste oppdagar at når dei har ei kritisk tilnærming til teknologien, så ser dei at ChatGPT ofte har ein flat måte å leggje fram ein tekst og eit narrativ på. I staden for å skyve bort noko som ein trur er farleg, tek vi eit djupdykk i det for å lære å avsløre modellen, seier Spanos.

– Frykta styrer ikkje lenger

Hilde Inntjore er viserektor for utdanning ved UiA. Ho er imponert over korleis Spanos har bygd opp ein eigen KI-ressurs, og korleis han bruker teknologien gjennomgåande i emnet sitt og let studentane utforske det.

Ho beskriv korleis nærast alle kasta seg over den nye teknologien då ChatGPT vart lansert for rundt eitt år sidan. Deretter kom raskt frykta for korleis dette ville påverke eksamenen til studentane.

– Vi har kanskje oversett kva læringsverktøy som ligg i denne teknologien. Det som er spennande er at frykta ikkje lenger styrer, men at vi er meir merksame på fordelane med god didaktisk bruk av KI, seier ho 

Inntjore seier at eit universitet har ansvar for å både utdanne og danne studentane. Derfor er det viktig at studentane blir kjende med kva moglegheiter som ligg i verktøy som ChatGPT.

– Når dei kjem ut i arbeidslivet vil det vere forventa at kandidatane våre kjenner til og meistrar kunstig intelligens og veit korleis dei kan bruke dei nye verktøya på ein etisk medviten og konstruktiv måte, seier ho.