Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Lærarar skal lære akademisk e-sport

Til hausten kan lærarar i vidaregåande skule vidareutdanne seg i akademisk e-sport og spilldidaktikk ved Universitetet i Agder. 

Foto av kvinnelig gamer
UiA er første utdanningsinstitusjon i Noreg som tilbyr formell utdanning for lærarar i akademisk e-sport (Foto: UiA).

E-sport er eit av programfaga som elevar ved mange vidaregåande skular kan velje. Men få av lærarane har formell utdanning og kompetanse til å undervise i faget. No har Universitetet i Agder (UiA) oppretta eit eiget vidareutdanningstilbod for desse lærarane. 

– Det er veldig bra å få dette på plass. Det er stor etterspørsel frå lærarar om å få auka kompetanse og kunnskap innan e-sport, seier Rune Andersen, studieprogramleiar i akademisk e-sport på UiA. 

Andersen fortel at e-sport er ein av verdas raskast voksande næringar. Mange undervisarar har ikkje nok generell kunnskap og forståing for spel og e-sportens posisjon i samfunnet. Lærarar møter elevar  med ein bakgrunn dei ikkje kjenner til, og det kan gjere kommunikasjon på tvers av generasjonar vanskeleg.  

Rune Andersen er studieprogramleiar for akademisk e-sport på UiA.

Rune Andersen er studieprogramleiar for akademisk e-sport på UiA.

– Vi skal lære dei meir om spel og e-sport og avmystifisere gaming som fenomen. E-sport er komen for å bli og vi vil vise lærarane korleis dei kan bruke det som eit verktøy i undervisningssamanheng, seier Andersen. 

Spesialtilpassa opplegg

Lærarane som vel denne vidareutdanninga får eit spesialtilpassa innhald som dei kan knytte til undervisninga si. 

Utdanninga går over to semester og er på deltid for lærarar som er i jobb. Oppstart er hausten 2023. 

– Dei skal få innsikt i ulike verktøy og kunnskap dei kan bruke direkte i undervisinga. Det didaktiske fokuset er framheva i alle dei ulike fagemna, seier Andersen.  

Studiet gir ein grunnleggjande innføring i dei mest sentrale emna innan akademisk e-sport og skal gi ei breiare forståing kring bruken av spel som eit didaktisk verktøy. Studentane skal diskutere fenomenet spel og få innsikt i kvifor det er relevant å kjenne til og bruke i skulen.  

Studiet gir òg ei grunnleggjande opplæring i grunnleggjande treningslære og psykologi og etikk, i tillegg til at lærarane får prøve å spele sjølv.  

Dei får god innsikt i teknologi relatert til e-sport. Til dømes skal dei lære å lage eigne streamar, arbeide med digital lyd og bilete og få kompetanse innan bruk av digitale kanalar og platformar.  

Praksis på eigen arbeidsplass

Dei siste åra har ein sett at e-sport-spelarar tileignar seg ferdigheiter både fysisk og psykisk, i tillegg til ferdigheiter som direkte eller indirekte er overførbare i samfunnet generelt. Andersen peiker til dømes på språkkunnskapar og erfaring med prosjektstyring.  

– Lærarane skal få innsikt i praktiske verktøy som gjer at dei kan bruke ferdigheitene som elevane kanskje allereie har opparbeida seg gjennom e-sport, seier Andresen. 

Tre av fire emne er teori. Det fjerde er praksis. 

– Praksisen samtidig som dei studerer, er ein viktig del. Då får dei prøvd ut kompetansen og ferdigheitene dei har lært,  seier Andersen. 

Fakta om utdanninga

  • Vidareutdanning i akademisk e-sport for lærarar i vidaregåande skule startar opp ved UiA hausten 2023.
  • Studiet gir totalt 30 studiepoeng; to emne på til saman 15 studiepoeng i haustsemesteret og to emne med til saman 15 studiepoeng i vårsemesteret. 
  • Det blir to fysiske samlingar på to dagar kvart semester, i tillegg til digital undervising og praksis. 
  • Opptakskrav: fullført lærarutdanning og knytt til ei undervisningsstilling eller tilgang på ein relevant praksisarena for gjennomføring av undervisningsopplegg. 
  • Søknadsperiode 1. mars - 1. juni. Les meir på studieprogramsida her. 
  • Studiet er eit tverrfagleg samarbeid mellom Fakultet for teknologi og realfag, Fakultet for helse- og idrettsvitskap og Avdeling for lærarutdanning ved UiA. 
  • UiA har også bachelorutdanning i akademisk e-sport.