Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Kyrkja og sjåvinistisk nasjonalisme speler ei lita rolle på 17. mai

Vårherre speler andrefiolin når folket samlar seg på nasjonaldagen. Det kjem fram i ein ny forskingsartikkel frå Universitetet i Agder.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kvinne i bunad hilser båt på 17. mai
– 17. mai feirar vi fridom og fellesskap og ei mild form for nasjonalisme, seier Pål Ketil Botvar.

– Nasjonaldagen er verken prega av ekstrem nasjonalisme eller kristendom. Eg vil heller seie at dagen har innslag av ei sunn eller mild form nasjonalisme og små dosar religion, seier Pål Ketil Botvar.

Han legg elles til at han ikkje kan svare for det Vårherre gjer og ikkje gjer 17. mai, men under den offisielle feiringa har ikkje folket gitt han noka hovudrolle.

Botvar er professor ved Universitetet i Agder (UiA), Institutt for religion, filosofi og historie.

I ein nyleg publisert forskingsartikkel summerer han opp erfaringar og innsikter frå fleire undersøkingar og delststudiar han har gjort om nasjonaldagen. Han er særleg ute etter å forstå om dagen er prega av sjølvgod nasjonalisme og kva for rolle kyrkje og kristendom har under feiringa.

Studien Civil Religon or Nationalism? The National Day Celebrations in Norway  er publisert i det digitale tidsskriftet Religions som alle kan laste ned gratis. Tidsskriftet er denne gongen redigert av professor Ida Marie Høeg ved UiA.

Portrett av Botvar

Religion speler i dag ei mindre rolle på nasjonaldagen enn tidlegare. Det kjem fram i ein ny studie frå professor Pål Ketil Botvar ved Universitetet i Agder.

Feirar fridom og fellesskap

– Nasjonaldagen har etter kvart vorte like mykje ei feiring av fridom, fellesskap og demokrati som av grunnlovsdagen og nasjonen Noreg, seier Botvar.

Ein hovudkonklusjon i studien hans er at religionen i dag speler ei mindre rolle på nasjonaldagen enn tidlegare. Men enkelte religiøse element er likevel til stades. Kristendommen viser seg til dømes i songane som vert sunge. Ikkje minst i nasjonalsongen til Bjørnstjerne Bjørnson, der Vårherre er med.

Det er òg gudstenester i mange kyrkjer denne dagen. Dei er rett nok lite besøkte i dei store byane, for der vert dei gjerne arrangerte samtidig med barnetoget.

Presten og viktige institusjonar

I små kommunar kan ennå presten ha ei sentral rolle som talar for dagen. Men ifølgje forskaren kjem det meir av at presten er vant til å tale enn at han skal snakke om Vårherre og nasjonen.

Eit anna typisk religiøst trekk ved dagen, er at barnetoget i mange små kommunar gjerne går frå skulen til eldreheimen og kyrkja.

– I små kommunar er skule, kyrkje og eldreheimen ennå dei viktigaste institusjonane i samfunnet, seier Botvar.

Samsvar med tidlegare studiar

Botvar går gjennom ein dansk og to svenske studiar om nasjonaldagen vår i artikkelen sin. Den første er frå 1990-åra og dei to siste frå tida etter 2010.

Forskarane frå nabolanda våre er imponerte over barnetoga og fråveret av militærparadar. Dei er òg imponerte av at såpass mange deltek på dei offisielle arrangementa.

Den første studien er kritisk til at vi ikkje er så inkluderanda og fargerike som vi gir uttrykk for i det offentlige ordskiftet. Kristne er synlege i borgartoget, men knapt ateistar og homofile, vert det peikt på i artikkelen frå 90-åra..

Dei to siste studia er meir i samsvar med funna frå dei undersøkingane Botvar sjølv har utført.

– Vi gjorde oss litt ferdige med debatten om innvandrarar skulle vere ein del av 17. mai i 1980-åra. Frå omkring år 2000 og fram til i dag, har vi grunnlag for å seie at nasjonaldagen er ei inkluderande feiring, seier Botvar.

Kultursjefar og folket samarbeider

Ein sentral del av studien er undersøkinga Botvar har gjort blant 205 kultursjefar i landet. Den viser at kommunen samarbeider med skular, lag og organisasjonar om å gjere nasjonaldagen til ein dag der ingen markerer særinteresser.

– Undersøkinga understrekar at alle partar er interesserte i at 17. mai vert ein inkluderande dag der alle kan delta. Ingen ønskjer å fremje eigne haldningar framfor dei felles verdiane om fridom og demokrati som dei fleste kan samle seg rundt denne dagen, seier Botvar.

Patriotisk nasjonalisme på nasjonaldagen

I drøftinga av nasjonalisme, skil forskaren mellom tre typar nasjonalistar:

  1. patriotane som er stolte av landet sitt
  2. sjåvinistane som både er stolte og meiner alle andre skulle ha vore som oss
  3. dei framandfiendtlege som meiner at Noreg er for nordmenn og nasjonaldagen for dei etnisk norske.

– Eg finn ein positiv samanheng mellom det å vere stolt av nasjonen Noreg og å delta på 17. mai-feiringa, mens det er ein negativ samanheng mellom det å vere framandfiendtleg og slutte opp om dagen, seier han.

Eit mindretall på 10 prosent meiner at innvandrarar ikkje bør delta på 17. mai-feiringa. 80 prosent meiner det er viktig at dei er med. Samanlikna med 1990-åra har det i dag blitt stadig færre som meiner at innvandrarar og nasjonale symbol ikkje høyrer saman.

– Dei som er mest negative til innvandrarar, deltek i mindre grad enn andre på 17. mai-feiringa. Ein sjåvinistisk og framandfiendtleg type nasjonalisme høyrer med andre ord ikkje til på nasjonaldagen vår, seier Botvar.