0
Hopp til hovedinnhold

– Kvar dag prøver nokon å skade og utnytte UiAs ressursar

Det seier Folke Haugland, instituttleiar for Institutt for informasjon og kommunikasjonsteknologi (IKT) på UiA. Instituttet forskar på digital sikkerheit og metodar for å trygge eigne data. 

Illustrasjon av noe IKT
– Det er eit stort behov for digital kompetanse og personvern blant bedrifter på Sørlandet, seier Øyvind Haugmoen, underdirektør i Skatteetaten. UiA og Skatteetaten arrangerer derfor Sikkerheitsdagen på UiA Campus Grimstad 28. oktober.

– Nokre angrep skjer gjennom lenker i eposter. Målet med angrepa er forskjellige. Nokon ønsker tilgang til våre brukernamn og passord for å stele informasjon, nokon for å krevje løysepengar ved å kryptere filar, mens andre ønsker å publisere noko på våre sider, seier Haugland

Forsøk på digitale innbrot er dei siste åra blitt ein del av kvardagen til UiA og mange bedrifter i private og offentlege verksemder på Sørlandet og elles i landet. På ein vanleg arbeidsdag på UiA blir organisasjonen forsøkt angripen over 50 000 gonger. Dei fleste angrepa kjem med epostar og blir fanga opp av søppelfilter og ender i søppelbøtta. 

Andre døme på angrep er dei som forsøker å utnytte våre superdatamaskiner. 

– På Campus Grimstad har vi fleire superdatamaskiner som våre forskarar innan kunstig intelligens brukar. Reknekrafta til ein av desse har 1000 millionar gonger meir reknekraft enn i ein vanleg Macbook Pro. Denne reknekrafta er verdifull å få tilgang til og utnytte, seier Haugland.

For å lære meir om digital sikkerheit inviterer UiA og Skatteetaten til Sikkerheitsdagen førstkommande måndag på UiA Campus Grimstad. Deltakarar kjem frå næringslivet i heile Agder og skal bli oppdaterte på dagens sikkerheitbilde og få gode råd og tips om best mogleg sikring av eigne data.

– Både UiA, Skatteetaten og andre bedrifter på Sørlandet har eit behov for å lære meir om digital sikkerheit slik at vi kan førebyggje hendingar. Kampen mot datakriminalitet er ein kontinuerleg kamp. Vi må halde oss oppdaterte med kunnskap om stadig nye kriminelle metodar. Utan kompetanse er vi veldig sårbare, seier Haugland. 

Nasjonal strategi for digital sikkerheit

Digitaliseringa fører til store endringar på mange område. Endringane gir betre, billigare og meir effektive løysingar på nokre felt, men fører også med seg ei sterkt aukande sårbarheit. 

Øyvind Haugmoen, underdirektør i Skatteetaten.

Øyvind Haugmoen, underdirektør i Skatteetaten.

Digital sikkerheit er eit av områda regjeringa prioriterer høgt. I vår kom dei med ei nasjonal strategi for digital sikkerhet. 

– I strategien ligg det at mellom anna at vi skal førebyggje digital sikkerheit, auke kompetansen, avdekke og handtere digitale angrep, overvinne data- og IKT-relatert kriminalitet og sikre digital sikkerheit i kritiske samfunnsfunksjonar, seier Øyvind Haugmoen, underdirektør i Skatteetaten.

I følgje Haugmoen har utdanningsinstitusjonar som UiA ei viktig rolle i dette. Frå denne hausten tilbyr UiA eit nytt masterstudie i cybersikkerheit. 

– UiA utdannar studentane på dette feltet og gjer dei klare for dei digitale utfordringane dei vil møte i arbeidslivet, seier Haugmoen.  

Masterstudiet vil bli ytterlegare presentert på Sikkerheitsdagen. 

Programmet

På Sikkerheitsdagen ønsker UiA og Skattetaten å gjere bedrifter og privatpersonar meir bevisste på haldningane dei har til digital sikkerheit. 

– Vi må skape betre haldningar til digital sikkerhet og auke kompetansen til bedrifter. Angrep kan skje alle, og vi er alle avhengig av god digital sikkerheit i alle systema, seier Haugmoen.

På Sikkerheitsdagen vil mellom anna DIFI, Forsvarets Høgskule, NTT Security, Forsvarets Etterrettningsskule, Syscom, Nasjonal sikkerhetsmyndigheit, Skatteetaten og UiA dele sine erfaringar med digital sikkerheit.  

Deltakarane på dagen vil mellom anna få presentert kva for forsvarsmekanismar bedrifter kan setje i verk for å hindre angrep og skader. 

– Alle med ein datamaskin har eit ansvar

– IT-sikkerheita er også avhengig av at den enkelte brukar tar sitt ansvar og ikkje trykker på kvar ei lenke som blir sendt per e-post. Kvar datamaskin vi har, både på arbeid og heime, er ei stor angrepsflate, seier Haugmoen.   

Sjå programmet for dagen her. 

Sikkerheitsdagen er fullteikna, men vil bli strøyma her.