0
Hopp til hovedinnhold

Kronikkskriving er ein del av jobben

Professor Ellen Katrine Nyhus ved Handelshøgskulen ved UiA skriv artiklar til Store Norske Leksikon og vart nyleg invitert som fast leverandør av kronikkar til eit norsk magasin og ei internasjonal nettside om privatøkonomi.

Ellen Katrine Nyhus, foto
Professor Ellen Katrine Nyhus prioriterer å skrive kronikkar om privatøkonomi for å opplyse den alminneleg interesserte lesaren om feltet. Ho er også fagansvarleg for temaet privatøkonomi i Store Norske Leksikon. Der skriv ho stadig oppdaterte artiklar for at det skal vere lett for folk å finne den informasjonen dei treng for å styre privatøkonomien sin.

– Eg har sagt ja til magasinet Dine penger og skal levere den første kronikken i juni. Når det gjeld nettsida Speaker´s corner er det ikkje heilt avklart enno. Nettsida satsar på eit internasjonalt publikum, så eg reknar med at dei vil har artiklar på engelsk, og eg seier nok ja til den oppgåva også, seier Nyhus.

– Kvifor prioriterer du å skrive kronikkar til eit breitt publikum?

– Kronikkskriving er ein del av jobben. Eg ser på det som ein av dei tre oppgåvene eg har som professor, nemleg å utdanne studentar, forske på fagfeltet mitt og formidle i det offentlege rom.

Utvidar fagleg nettverk

– Mange vitskapleg tilsette finn ikkje tid til slik formidling. Kvifor prioriterer du det?

– Det er givande å skrive kronikkar. Du får fleire lesarar enn du nokon gong får med vitskaplege artiklar. Eg synest det er viktig å formidle fagkunnskap til vanlege folk, sjølv om det kan innebere mindre fagskriving. Kronikken kan også gi vitskapleg ringverknader ved at andre forskarar les han, og vert merksame på din vitskaplege ståstad, finn fram til fagartiklane dine og inviterer deg til konferansar. På den måten får du også utvida det faglege nettverket ditt. Eg får energi av å delta på konferansar og bidra i den offentlege samtalen om privatøkonomi gjennom kronikkar.

– Er det lettare å skrive kronikkar enn vitskaplege studiar?

– Nei, det kan ta lang tid og det kan vere krevjande å få det til. Kronikken må ha eit poeng og han skal vere bygt på forsking, anten mi eiga forsking eller frå andre forskarar. Målet er å opplyse lesaren og formidle den kunnskapen forskingsfeltet har om privatøkonomi. Du vert fortare ferdig med ein kronikk, men han er ikkje nødvendigvis lettare å skrive enn eit kapittel i ein studie.

Aktuell og fagleg fundert

– Korleis skriv du kronikken ?

– Han må vere aktuell og relevant i tida. Da er han lettare å få på og fleire vil lese han. Sjå på kalenderen. For meg passar det godt å skrive om kjøpsåtferd når vi til dømes nærmar oss jul. Andre kan skrive om pedagogiske tenkjemåtar før skulestart til hausten. For meg er det viktig å vise korleis lesaren kan ta i bruk forskingsresultat.

– Får ikkje den vanlege borgaren nok informasjon om økonomi i banken?

– Bankar og finansinstitusjonar formidlar privatøkonomi på ein annan måte enn fagfolk. Dei har gjerne interesse av at folk skal kjøpe eit produkt eller investere i det dei snakkar om. Og dei færraste rår folk til å samanlikne banktenester på finansportalen.no. Som fagperson er eg ei uavhengig stemme, eg sel ikkje banktenester eller forsikringar. Eg er oppteken av at folk skal få kunnskap om privatøkonomi slik at dei kan ta informerte val om eigen økonomi.

– Kva er dei første og viktigaste råda om du vil gi til folk?

– Det er rimelegare å spare til det du skal kjøpe enn å kjøpe med lånte pengar. Og sjekk

finansportalen.no, slik at du vel ein bank med gode vilkår, seier Nyhus.

Fem nøkkelpunkt

Dette meiner professor Ellen Katrine Nyhus du må kunne om privatøkonomi:

  1. Å halde balansen mellom inntekt og utgifter
  2. Å halde oversikt over det som kjem inn på konto og prioritere det som skal ut av kontoen i riktig rekkefølgje
  3. Å planleggje framtidig økonomi heilt fram til pensjonsalder – minst
  4. Å følgje med i marknaden på rentenedringar, forsikringar, bustadprisar med meir, slik at ein ikkje betaler meir for banktenester enn nødvendig og får høgast mogleg avkasting på sparepengane
  5. Å følgje med og forstå korleis dei økonomiske nyheitene om oljepris, valutaprisar,  renteendringar og andre privatøkonomiske tema kan påverke din eigen økonomiske situasjon