0
Hopp til hovedinnhold

Korleis skreiv dei nynorsk før 1901?

Det fanst inga offisiell rettskrivingsnorm for landsmålet på 1800-talet. Med doktoravhandlinga til Knut E. Karlsen har vi for første gong fått ei samla framstilling av språkbruken til dei som skreiv landsmål i pionertida 1870-1901.

Artikkelen er mer enn ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Knut E. Karlsen
Knut E. Karlsen har studert korleis folk faktisk skreiv nynorsk før 1901. Foto: Språkrådet.

Karlsen er tilsett som rådgjevar i Språkrådet og disputerte nyleg ved Universitetet i Agder med ei doktoravhandling om korleis landsmålet, som frå 1929 heiter nynorsk, såg ut før det vart innført ein standardisert skrivemåte i 1901. 

Ny datateknologi gjer at Karlsen vert den første til å gi ei samla framstilling av korleis landsmålet faktisk vart brukt idenne tida. Han har arbeidd med tekstar frå Nynorskkorpuset, ei digital samling nynorsktekstar frå 1870 og fram til i dag. Korpuset er utvikla av Eining for digital kommunikasjon ved Universitetet i Oslo, og Karlsen har konsentrert seg om perioden 1870-1901.

Forskaren har gjennomført det lingvistane kallar ein korpus-basert studie av usus. Korpus er latin og betyr i denne samanhengen samling; mens usus er latin for bruk eller sedvane.

— Frå 1870 og fram til 1901 fanst det ingen offisiell standard for rettskrivinga av landsmålet. Den første rettskrivingsstandarden kom med Hægstad-normalen og midlandsnormalen i 1901. Målet med doktorgradsarbeidet mitt har vore å kartleggje korleis landsmålet faktisk såg ut før 1901, seier Karlsen.

Språkleg mangfald

Karlsen har undersøkt morfologisk variasjon i landsmålet og analysert ei rekke ulike grammatiske kategoriar for å få eit klart bilete av korleis landsmålet vart skrive i bøker, blad og aviser i denne perioden. Han har kartlagt bøyingsmønster og gjort greie for bøyingsformer av substantiv, verb, adjektiv og pronomen. Og han har talt opp førekomsten av dei ulike bøyingsformene i bruk og samanlikna med Aasen-normalen, Hægstad-normalen og midlandsnormalen.

Aasen-normalen var rettesnor for mange, men Karlsen understrekar at Aasen-normalen aldri var ein offisiell standard. Han låg rett nok i botnen for det som vart skrive på landsmål frå 1860 og frametter, men først med Hægstad-normalen og midlandsnormalen i 1901 får vi ei offisiell rettskriving for landsmålet her i landet.

1901-normalen inneheld to forslag til rettskriving: Hægstad-normalen (som Marius Hægstad stilte seg bak) og midlandsnormalen (som Rasmus Flo og Arne Garborg stod for). Departementet valde å følgje framlegget frå Hægstad, mens framlegget frå Flo og Garborg vart godkjent til skolebruk.

Få las Aasens ordbok

Med Aasens ordbok og grammatikk fekk vi ein mal for landsmålet, nemleg Ivar Aasen og hans bøker. Men grammatikkboka og ordboka til Aasen hadde eit svært lågt opplag.

— Derimot var avisene viktige for å venje folk til å sjå og skrive landsmål. Tekstutvalet eg har arbeidd med, inneheld mange avistekstar, seier Karlsen.

Avisene inneheld lesarinnlegg frå vanlege folk, og dei gir døme på skrivemåten også til dei som ikkje levde av skrivinga.

Skrivemåtane og normalane

Doktoravhandlinga viser at Hægstad har teke omsyn til den faktiske språkbruken i utarbeidinga av den normalen som vert vedteken i 1901.

— Undersøkingane mine viser at tekstane ligg nærast Hægstad-normalen. Middelverdien for samsvar med Hægstad-normalen er på 70 prosent. Deretter følgjer Aasen-normalen med ein samsvarsprosent på 55. Midlandsnormalen svarar dårlegast til den faktiske bruken med ein middelverdi for samsvar på 50 prosent, seier Karlsen.

Hægstad modifiserte Aasen-normalen og gjorde nynorsken enklare. Mellom anna forenkla Hægstad bøyinga av adjektiv, og bøyingsmåten Hægstad foreslo, er i tråd med dagens adjektivbøying, seier Karlsen.

Han åtvarar mot einsidige frekvensstudiar.

— Korpus er gode verktøy for frekvensstudiar, men per i dag finst det ikkje balanserte og store nok korpus for bokmål eller nynorsk, seier han.

Han trur store tekstkorpus som inneheld tekst frå mange ulike sjangrar, vil vere eit godt verktøy for dei som skal normere språk i framtida.

— Du kjem ikkje utanom ei grundig vurdering av den faktiske språkbruken når språk skal normerast, og med korpusteknologien har vi fått eit godt hjelpemiddel, seier Karlsen.

Knut E. Karlsen: Mellom Aasen og Hægstad. Morfologisk variasjon i landsmålet før 1901. Doktorgradsavhandling ved Universitetet i Agder, 2017