Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Klatremus skal læra ukrainarar norsk

Når filmar teksta på norsk og russisk no skal brukast i norske klasserom, er det UiA-forskar Lene Cherize Haugland Sirevåg som har tilpassa undervisingsopplegget.

Bilde fra filmen Dyrene i Hakkebakkeskogen
– I opplegget gir me råd om korleis læraren kan gå fram. Det kan vera å finna historier frå Ukraina som er kjende for ukrainske barn på same måte som Hakkebakkeskogen er det for norske barn, og bruka desse historiene aktivt i undervisninga, seier Lene Cherize Haugland Sirevåg.

På nettsida Det fleirspråklege filmrommet finn du no seks norske filmar for barn og unge. Dei skal brukast til tospråkleg opplæring i norsk og samfunnsfag, i tillegg til vaksenopplæring.

Filmane er teksta på ukrainsk og russisk. Kvar film har òg eit undervisningsopplegg som er tilpassa av Lene Cherize Haugland Sirevåg. Ho er stipendiat på Institutt for pedagogikk på Universitetet i Agder (UiA).

Foto av Lene Cherize Haugland Sirevåg

Stipendiat Lene Cherize Haugland Sirevåg

Krev tilpassing

– Me kunne ikkje berre omsetja undervisningsopplegget som allereie eksisterte rundt filmane. Læraren treng eit opplegg som gjer det lett å tilpasse undervisninga  også til elevar som har erfaringar frå krig, seier Sirevåg.

Filmane som er valde ut er ein kombinasjon av kort- og langfilmar. Dei har også svært ulike tema, frå vald i heimen til krig og kjønnsidentitet.

– Det er ikkje alltid me er bevisst på andre kulturar og verdssyn i klasserommet. Nokre av desse temaa kan vere krevjande for barn om dei ikkje blir tatt opp på ein sensitiv måte, seier Sirevåg.

Gir råd til lærarane

Medan forteljingar som Dyra i Hakkebakkeskogen er kjende og kjære for norske barn, har ikkje barn frå land som Ukraina eller Russland nødvendigvis det same forholdet til dei.

Dei faglege rettleiingane Sirevåg har laga gjer at alle lærarar som jobbar med fleirkulturell opplæring kan ta filmane i bruk.

– I opplegget gir me råd om korleis læraren kan gå fram. Det kan vera å finna historier frå Ukraina som er kjende for ukrainske barn på same måte som Hakkebakkeskogen er det for norske barn, og bruka desse historiene aktivt i undervisninga, seier Sirevåg.

Ein annan av filmane i Det fleirspråklege filmrommet, Bendik og monsteret, handlar om kjønn og kjønnsidentitet. I undervisningsopplegget rundt filmen gir Sirevåg råd om korleis læraren kan handtera ulike forventningar til kjønn i eit fleirkulturelt klasserom.

Eit godt samarbeid

Sjølve Filmrommet er laga av Norgesfilm med finansiering frå Utdanningsdirektoratet.

Anders Koppang-Grønn er leiar i Norgesfilm. Han er svært fornøgd med samarbeidet, som han seier har gitt tilgang til unik kompetanse og kunnskap innanfor fleirkulturell pedagogikk.

– UiA har tilført læremidla solide lærarrettleiingar og gode fleirkulturelle perspektiv. Dette har bidrege til å gjera Det fleirspråklege Filmrommet til ein svært nyttig og brukarvennleg læringsressurs. Det kjem barn som har flykta frå krigen i Ukraina til gode, seier han.

Også Sirevåg rosar samarbeidet.

– Det har vore veldig gøy og inspirerande å jobba med dette. Samarbeidet med Norgesfilm har vore svært godt heile vegen, seier ho.