0
Hopp til hovedinnhold

KKG vann alle Eilert Sundt-prisane

Forskingsprisen Eilert Sundt-prisen for ungdom i vidaregåande skuler i Aust- og Vest-Agder er delt ut. Prisen skal inspirere og motivere for høgare utdanning innan samfunnsfag. Denne gonga vant KKG alle prisane.

Ernst Håkon Jahr, Knut Aasen, Sophia A. Wellmann, Clara E. Müller,  Helene Leraand, Maha Kahin, Sophie Weisshaar, Tønnes Eieland Dalane og Jonathan Stokke, foto
Bak fra venstre: Professor emeritus Ernst Håkon Jahr og rektor KKG Knut Aasen Foran fra venstre: 1. pris: Sophia A. Wellmann, Clara E. Müller, Helene Leraand 3. pris: Maha Kahin, Sophie Weisshaar 2.pris: Tønnes Eieland Dalane og Jonathan Stokke

I haust kom  det 700 elevar på elevdagen og det kom inn 50 oppgåver. No vann Kristiansand katedralskole Gimle (KKG) alle prisane.

Lærerikt å vere med

Clara E. Müller, Sophia A. Wellmann og Helene Leraand

Clara E. Müller, Sophia A. Wellmann og Helene Leraand skrev om kjønnsstereotypier i arbeidsmarkedet.

Helene Leraand, Clara E. Müller og Sophie A. Wellman vann førsteprisen med oppgåva Kjønnsstereotypier i arbeidsmarkedet. Dei går første år og tar samfunnsfag ved KKG.

– Vi valde kjønnsstereotypi fordi det angår oss som kvinner og er noko vi kan relatere til. Noreg er opptatt av å vere eit land med høg likestilling, men det er framleis ikkje det ideelle samfunnet som vi ønsker, seier dei tre jentene.

Elevane har gjort grundige intervju med fire personar i yrker som er utypisk for deira kjønn, og spurt om arbeidssituasjonen deira. Dei intervjua mellom anna ein kvinneleg lastebilsjåfør og ein helsebror. 

Vibeke Lauritsen, foto

Vibeke Lauritsen, rådgjevar KKG

– Eg synest elevane valde eit spanande tema og synest også det var interessant at dei valde å intervjue personane. Elevane måtte finne god statistikk på dette emnet, og dei har heldt på med oppgåva i to månader. Det er også ei ekstra utfordring for dei sidan dei går første år. Då har dei ikkje like mange timar i samfunnsfag som på andre og tredje året, seier elevanes lærer og rådgjever, Vibeke Lauritsen.

Jonas Rosenvold er lærar og rådgjevar for elevane som fekk andre og tredjepris for oppgåvene Fødselsdato og skoleprestasjon og Endring av hverdagslivet etter den økende terrortrusselen i Europa.

– Elevane har hatt ideane og har gjort jobben. Rådgjevarane har gitt tilbakemelding undervegs, hjelpt med å lage gode spørjeundersøkingar og finne gode kjelder, støtta og oppmuntra. Eg synest begge temaa til mine grupper er originale og gode, og viktige å byggje kunnskap om, seier han.

Jonas Rosenvold, foto

Jonas Rosenvold, rådgjevar KKG

Rosenvold hjelpte til med å sende ut spørjeundersøkingar for gruppene sine så elevane skulle få mange svar.

– Det aukar kvaliteten, men også motivasjonen. Når dei får 1500 svar, som ei av gruppene fekk, veit dei at resultata faktisk betyr noko og at det ikkje berre er ei øving, seier han. Begge gruppene syntest det tok mykje tid med spørjeundersøkingane. 

Elevane har lyst til å ta høgare utdanning og synest det har vore nyttig å vere med. No har dei lært å skrive oppgåve, og fått ein forsmak på korleis det er å studere.

Prisen skal auke interessa for samfunnsfag

UiA ønsker eit tettare samarbeid med dei vidaregåande skulane på Agder og vil ha:

  • Auka fokus på samfunnsfaglege problemstillingar i regionen
  • Auka kompetanseoverføring mellom dei ulike undervisningsinstitusjonane
  • Auka samfunnsengasjement blant ungdom
  • Auka fokus på forsking og høgare utdanning

– Eg synest Eilert Sundt-prisen er viktig for samfunnsfag og for å få opp interessa for samfunnsforsking. KKG har delteke ofte, seier rektor ved KKG Knut Aasen. 

Oppgåvene må handle om eit samfunnsfagleg område, og dei må ta utgangspunkt i læreplanmål som er knytt til faget. Dei skal også vere knytt til regionen.

Samarbeidsutvalet, som skal vurdere oppgåvene, er satt saman av representantar frå vidaregåande skular på Agder og UiA. Det delast ut første-, andre-, og  tredjepris på 10 000 kr, 5000 kr og 3000 kr.

Atle Oanes er hovudtillitsvalt i Utdanningsforbundet, tilsett ved Vågsbygd vidaregåande skule og med i samarbeidsutvalet for Eilert Sundt-prisen. Han synest elevane er dyktige til å presentere og har mange  kreative oppgåver.

– Dei har gjort eit godt forarbeid og jobba metodisk, seier han.

1. pris

Kjønnsstereotypier i arbeidsmarkedet
Helene Leraand, Clara E. Müller og Sophie A. Wellman
Samfunnsfag KKG. Veileder: Vibeke Lauritsen.

2. pris

Fødselsdato og skoleprestasjon
Tønnes Eieland Dalane og Jonathan Stokke
Sosiologi og sosialantropologi, KKG. Veileder: Jonas Rosenvold.

3. pris

Endring av hverdagslivet etter den økende terrortrusselen i Europa
Maha Kahin og Sophie Weisshaar.
Sosiologi og sosialantropologi, KKG. Veileder: Jonas Rosenvold.

Send studiet på mail