Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Julemusikken er i utvikling

Det er minnane og assosiasjonene ein har til låtane som definerer ein julesang, meiner Kari Iveland og Askil Holm.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Askil Holm og Kari Iveland, faksimile
Askil Holm og Kari Iveland.

Det at ein kjem saman og gjør noko felles er like viktig som sjølve innhaldet i teksten. Det er viktig å halde fast på alle tradisjoner kor ein kjem saman, i et samfunn kor ein lever meir og meir digitalt, meiner dei.

Iveland og Holm er begge svært erfarne innen låtskriving og framføring. Kari Iveland er doktorgradsstipendiat på Rytmisk Musikk ved UiA med fleire utgivelser bak seg som artist/låtskriver og frilans sanger.

Askil Holm er ein norsk musiker, låtskriver og musikkprodusent, faglærer på Rytmisk Musikk ved UiA og har bakgrunn frå ulike band og som soloartist. Dei har begge skreve fleire julesanger.

Kva definerer ein julesang?

Det er fleire sanger som spilles i julen uten at innhaldet har ei direkte tilknyting til tradisjonelle julefortellinger og juleevangeliet.  Vi forbinder dem likevel med jul fordi dei vekkjer minner og formidler ei stemning vi knyt til høytid eller her i nord; snø og mørketid.

Iveland, som er oppvaksen i Bangladesh, har ikkje dei same minnene til norsk kvit jul frå sin eigen barndom.

Holm derimot, som er oppvaksen i Namsos, utpeiker Alf Prøysen som ein viktig bidragsyter til julemusikk i barndommen, og hugsar spesielt godt «Julekveldsvisa». Og han legger til at det ikkje blir ordentleg jul før han har høyrt «Deilig er jorden». Det bringer tilbake minner om da han gjekk i kyrkja i Vemundvik med mormor på julekvelden og holdt henne i handa.

Julesangane har utvikla seg

Tradisjonelt sett kan ein dele julemusikk inn i to, dei høgstemte og tradisjonelle sangane knyta opp til kristendommen og det kristne bodskapet, og dei meir feststemte som stammar frå den hedenske tradisjonen, meiner Holm.

– Så har dette repertoaret blitt utvida etter kvart, i tråd med at folk fekk platespelar på 50-talet. Ein såg då at trenden med juleplater oppstod og blei populær. Juleplatene fekk ei nedgang da mp3 spelarar og streaming blei populært, men fekk igjen ein liten opptur då DAB-radioen kom og mange ikkje hadde bytta ut radioen i bilen eller traktoren, seier han.

– I dag høyrer dei fleste på musikk på Spotify, kor det kvar dag i november/desember sleppes rundt 20 000 låter, fortel Holm.

Dei fleste av desse er julemusikk. Lyttarane blir dermed introdusert til ny julemusikk heile tida. Mange artister lagar sine eigne spelelister som lyttarane kan abonnere på, og kuraterer dermed kva julemusikk betyr for oss. Dette fører til at ein blir introdusert for ny musikk heile tida, seier Holm.

Julekonsertane bidreg til å utvide repertoaret

Dei meiner trenden med julekonsertar har ført til at publikum blir presentert for ny julemusikk, eller bli minnet på slagere ein ikkje har høyrt på en stund, meiner dei.

– Mange av julekonsertene byr også på allsang, noe som ser ut til å være i ferd med å forsvinne frå dagens samfunn. Så alle tradisjoner der folk kan kome saman og synge og ha det hyggelig, er jo veldig positivt, mener Iveland.

Fra Askil Holms julekonsert, foto

Fra Askil Holms julekonsert.

– Eg tykkjer det er spannande med julesanger som opprinnelig ikkje var skreve som julesanger, men som etter kvart har blitt teke inn i julesang-repertoaret vårt. Eit godt eksempel på dette er «Stjernesludd» av DumDum boys. Den blei ikkje rekna som julesang før Kurt Nilsen og Kringkastingsorkesteret gjorde den på ei juleplate i 2010, seier Holm.

Høyr Askil Holms julefavorittar på Spotify

Viktig å logge av og nyte augneblinken

Dei understreker samtidig at i dagens samfunn er det viktig å hugse å logge av og være tilstades i augneblinken.

– Julen er ei høgtid kor det å kome saman med familie og venner står i fokus. Alt for mange er tilstades via skjermen på mobilen, og ein skaper ein distanse når ein heile tida skal filme og ta bilder og dokumentere dette på sosiale medier. Nokon av de beste stundene i livet mitt har jeg ikkje dokumentert, seier Iveland.

Ho meiner samstundes at det selvsagt er fint å ta bilete men også huske å leggje vekk telefonen.

– Det er også viktig å huske at julen representerer ulike ting for oss mennesker. Fleire med ein anna kulturell bakgrunn har ikkje dei same tradisjonane vi i Norge forbinder med høgtida og ikkje alle har gode minner eller store forventninger knytta til jula. Nokon gruer seg. En bevissthet i forhold til dette er verdifull å ha med seg i møte med andre mennesker i dagene som kommer.

Høyr av Kari Iveland på Spotify: