Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

– Jobben som rektor har vorte ein uriaspost

Nye rektorstillingar får i snitt éin søknad. Samtidig er gjennomtrekken stor. No skal forskarar frå Universitetet i Agder finna ut kvifor – og hjelpa å løysa problemet.

Foto av skolegård
Ansvaret til rektorane blir større, og arbeidsoppgåvene blir fleire. Samtidig møter dei mange paradoks i kvardagen, ifølgje forskarane. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)

– Rektorar sit i jobben kortare enn før. Sjukmeldingane aukar, og færre søkjer jobbane. Tidlegare jobba ein lenge som lærar før ein blei rektor. No blir søkjarane stadig yngre.

Slik samanfattar professor Morten Øgård nokre av problema som Skoleleiarforbundet har bede forskarar ved Universitetet i Agder (UiA) om å sjå på.

Saman med andre forskarar på Senter for anvend kommunalforsking (SAKOM) har Øgård tidlegare kartlagt leiarar ved skular og barnehagar i Kristiansand kommune. Då kom dei fram til at ein tredel av dei berre kunne kallast leiarar på papiret.

I det nye prosjektet skal forskarane ved SAKOM byggje vidare på dette arbeidet. Dei skal finna ut meir om arbeidssituasjonen til norske rektorar, og kva som gjer det vanskeleg å rekruttera og behalda dei. Prosjektet skal òg ta for seg styrarar i barnehagar.

Foto av Morten Øgård og Linda Hye

Professor Morten Øgård og forskar Linda Hye ved Senter for anvendt kommunalforskning. (Foto: Walter Wehus)

Stort press

Forskar Linda Hye fortel at problemet har tre delar:

  • Dei økonomiske ressursane til skulane søkk.
  • Rettane til elevane aukar.
  • Det blir stilt fleire krav til rektorane om resultat.

Hye viser til at jobben som rektor er definert som ei særleg uavhengig stilling. Det vil seia at dei er fritekne frå arbeidsmiljølova. Rektorane har ikkje, som andre arbeidstakarar, ein stillingsinstruks som regulerer oppgåvene i jobben.

Det gjer at ansvaret blir større, og arbeidsoppgåvene blir fleire. Samtidig møter rektorane mange paradoks i kvardagen.

– Om ein elev får tilkjent eit visst tal timar med spesialpedagog, kan det sprenga budsjettrammene. Skal rektoren då vera lojal mot eleven og det nasjonale lovverket, eller mot skuleeigaren? spør Øgård.

Paragraf 9A pressar rektorane ytterligare. Den seier at rektorar kan stå ansvarleg – og faktisk bli dømde – om ikkje mobbesaker blir løyste

Viktig for elevane

For å læra meir om arbeidssituasjonen til rektorane, skal forskarane gjera ei undersøking blant dei 3500 medlemmane i Skoleleiarforbundet. Dei har også gjort fokusgruppeintervju på førehand.

– All forsking seier at skuleleiing er ekstremt viktig. Ikkje berre for korleis skulane utviklar seg, men også for resultata for elevane. Om det er slik at få ønskjer å vera i skuleleiarstillinga, står kunnskaps-Noreg i fare, seier Hye.

Forskarane har tidlegare skrive ei bok om kommunale mellomleiarar. Der viser dei blant anna korleis meir press enn støtte fører til stillingar med mindre trivsel og måloppnåing.

– Me ønskjer å dykka djupare ned i desse problemstillingane i skulen. Ein viktig del av arbeidet er å komma med forslag som kan gjera situasjonen betre for rektorane, seier Hye.

Parallelt med dette vil Universitetet i Umeå sjå på situasjonen for skuleleiarar i Sverige. Dermed vil forskarane kunna samanlikna resultata i norske og svenska kommunar.

Forskarane skal levere resultata av kartlegginga i juni 2023. Den skal også vere tema under Arendalsuka.