0
Hopp til hovedinnhold

Inviterer 2100 lærarar til UiA

Fredag 19. oktober inviterer UiA over 2100 lærarar frå heile Agder til ein heil campus-dag  i Kristiansand med etterutdanning og nettverksbygging. Det er Sørlandsk lærarstemne.

Artikkelen er mer enn ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

VELKOMEN: Rådgjevar Ottar Michael Michaelsen ynskjer over 2000 lærarar og barnehagelærarar velkomen til ein dag fylt med etterutdanning og møte med gamle og nye kolleger.

VELKOMMEN: Rådgjevar Ottar Michael Michaelsen ynskjer over 2000 lærarar og barnehagelærarar velkomen til ein dag fylt med etterutdanning og møte med gamle og nye kolleger.

— Vi håper jo det blir bra. Programmet er i alle fall bra. Det bør være noko for kvar ein smak, seier sjefen over alle sjefar for den tradisjonsrike etterutdanningsdagen i Agder, Ottar Michael Michaelsen i Avdeling for lærarutdanning.

Han seier og at dei fleste skolane i Agder har gitt elevane fri denne dagen så lærarane skal få tid til fagleg påfyll. Kursbrosjyren til lærarstemnet byr på heile 62 kurs som spenner frå økonomiske utviklingstrekk i Norge via musikk i barnehagen til mobbing og tiltak i skolen – for å vise til noko.

Se full kursoversikt her!

Psykisk helse populært

· Det er vanskeleg å seie kva for kurs som er dei mest populære. Lerretet er breitt og påmeldingane mange og eigentleg ganske jamt spreidde. Men det kan sjå ut til at kurs om tema knytte til psykisk helse er særleg aktuelle i år. Det er jo eit viktig tema, generelt sett og, seier Ottar Michael Michaelsen.

Hovudforedrag om framtidsfrykt og framtidshåp 

Hovudforedraget på lærarstemnet i år står UiA-professor Paul Leer-Salvesen for. Temaet religion- og etikkprofessoren tek opp, er framtidsfrykt og framtidshåp.

— Vi veit jo at ikkje alle unge gler seg over framtida. Nokon fryktar krig og økologisk kollaps. Samstundes er jo ein skole ein stad der håpet bør være levande. Tankar rundt dette er det blant anna hovudforelesaren tek opp. For min del synest eg temaet er særs interessant og viktig, og det trur eg mange andre gjer og, seier Michaelsen.

Eiga læremiddelutstilling

I år som før inneheld Sørlandsk lærarstemne ei eiga læremiddelutstilling. Det er venta fleire titals læremiddel-tilbydarar med eigne standard i Wilhelm Krags hall.

— Dette er og med på å prege stemnet. Læremiddelutstillinga gjer at lærarane kan oppdatere seg på det siste innan læremiddel, samstundes som dei kan få ein prat med folka som utviklar og sel produkta. Det er bra for alle parter, seier Michaelsen.

Ber folk ta bussen

Arrangøren av Sørlandsk lærarstemne fortel at sjølv om mange av studentane ved UiA ikkje har undervisning denne dagen, vil tilstrøyminga av meir enn 2000 lærarar kunne føre til parkeringsproblem. Han rår derfor dei som har høve til det, til enten å ta bussen eller sykle til Campus Kristiansand.

— Det vil lette utfordringane med parkeringa merkbart. Og så er det jo og ganske så fornuftig, seier Ottar Michael Michaelsen.