0
Hopp til hovedinnhold

Historieprofessor Dørum mest lesen

Ingen UiA-forskar er meir lesen enn historieprofessor Knut Dørum i Store norske leksikon. Berre det siste året er fagartiklane hans lesne over 400 000 gongar. 

Bilde av historieprofessor Knut Dørum er fagansvarleg for tre fagområde i Store norske leksikon og er mest lesen av alle bidragsytarane på UiA.
Historieprofessor Knut Dørum er fagansvarleg for tre fagområde i Store norske leksikon og er mest lesen av alle bidragsytarane på UiA.

– Store norske leksikon er ein fin nettstad å formidle enkelt og spennande om vanskelege tema og forsking. For studentane er det ikkje alltid like lett å forstå pensum og det foreleserane snakkar om. Då er det greitt å kunne slå opp tema og vanskelege ord i leksikonet, seier professor Knut Dørum ved UiAs Institutt for religion, filosofi og historie. 

Dørum er ein av 24 forskarar frå UiA som er fagansvarlege i Store norske leksikon. Av alle bidragsytarane frå UiA er det hans artiklar leserane klikkar mest på. Dørum er fagansvarlig for kategoriane Noregs historie generelt og Noregs historie frå 1814 til 1940. 

Historieprofessoren ønsker at studentar skal få tilgang til fagstoff på ein enkel og forståeleg måte. Ein annan gevinst ved å publisere i leksikonet er at ein får synleggjort fagkompetansen på UiA. 

– Samarbeidet synleggjer både UiA  og fagkompetansen til mange av våre forskarar. Samstundes markerar det oss nasjonalt, seier Dørum. 

Store norske leksikon (SNL) er Noregs største nettstad for forskingsformidling, og gjennom leksikonet er UiA med på ein stor formidlingsdugnad. Nettstaden snl.no har to millionar unike brukarar i månaden, og dei les rundt 250.000 artiklar kvar dag.

Det siste året er fagartiklane til UiA-forskarane lesne 1,8 millionar gongar. 

Ei stor digital kunnskapstekst

UiA er ein av dei 18 eigarane av SNL. Ved hjelp av fagfolk frå UiA kan heile Noreg lese seg opp på alt frå Europaparlamentet, kinesisk matematikk og transhumanisme til ereksjonsproblem, kløyvd infinitiv, feriepengar og brexit. 

Førsteamanuensis Frida Forsgren frå UiA bidrar med kunsthistorie i Store norske leksikon.

Førsteamanuensis Frida Forsgren frå UiA bidrar med kunsthistorie i Store norske leksikon.

Frida Forsgren er førsteamanuensis i kunsthistorie ved Institutt for visuelle og sceniske fag. Ho bidrar med kunsthistorie. For ho er det viktig å formidle fag og forsking.

– Leksikonet er ei stor digital kunnskapstekst som vi forskarar skapar saman. Alle bidrar med ein liten bit med det dei kan aller best. Eg kan bidra med kunsthistorie, mens andre fagpersonar bidrar med perspektiv frå sine fagfelt, seier Forsgren. 

For Forsgren er nettstaden ein fin plass å formidle kunnskap om fagfelt ho er ekspert på. 

Rekordår for Store norske leksikon

I 2019 har rekordmange lese artiklane i leksikonet. I den årlege sommarrapporten til leksikonet kjem det fram at nettstaden aldri før har hatt så stor trafikk.

Erik Bolstad er sjefredaktør i Store norske leksikon. Han skriv i rapporten at han må gni seg i auga kvar gong han ser på årets statistikk. I rapporten rosar han samarbeidet med UiA: 

«Med Universitetet i Agder på laget opplever Store norske leksikon stor vekst i lesertallene. I år satser vi på å nå over 100 millioner leste artikler. At lesertallene fortsetter å vokse så mye fra et allerede høyt nivå er utrolig inspirerende for oss i redaksjonen og for de mange fagansvarlige der ute på universitetene». 

24 prosent auke

Det siste året har lesartala auka med 24 prosent i følgje rapporten. I følge rapporten blei det i 2018 «lese til saman 80 millionar artiklar, og i 2019 kan det hende leksikonet rundar den magiske grensa på 100 millionar». 

«Dette er en bragd vi er stolte av å dele med medlemsorganisasjonene våre, deriblant UiA og alle de andre universitetene i hele Norge. Den store støtten fra universitetene og ikke minst bidragene fra dyktige fagfolk landet over, er nøkkelen til SNL sin suksess», skriv Bolstad i rapporten. 

Under er ein oversikt over dei enkelte artiklane frå UiA som er mest lesne:

Fakta om Store norske leksikon

  • Opptil 2,64 millionar unike brukarar i månaden
  • Opptil 440 000 leste artiklar kvar dag
  • 770 fagansvarlege (24 UiA)
  • Noregs største nettstad for forskingsformidling

Send studiet på mail