Det offisielle historieminnet i fleire europeiske land er under press, og kan føre til auka konfliktnivå både internt i enkeltland og i EU som heilskap. Det er eitt av funna i det treårige EU-prosjektet RePAST, som har digital sluttkonferanse på UiA i dag, fredag.
Konferansen, som er open for alle interesserte, blir halden i dag digitalt frå kl. 09.00 her!
I drygt tre år har 26 forskarar frå ni universitet i åtte europeiske land undersøkt korleis europeiske land handterer uroleg fortid i dag, gjennom analysar av konfliktdiskursar som er forankra i fortida. Landa dei har sett nærare på er Kypros, Tyskland, Polen, Hellas, Bosnia, Kosovo, Irland og Spania – alle land som er påverka av konfliktdiskursar som spring ut av fortida.
Hensikta har vore å auke kunnskapsgrunnlaget om korleis konfliktdiskursar med rot i fortida, påverkar utviklinga av land og regionar i Europa og også den europeiske integrasjonen i EU.
Sjå òg: Undersøker forteljinga si makt
- Vi ser det heile tida: Gamle konfliktar påverkar korleis vi ser på dagen i dag. Og framtida. Og samfunnsutviklinga. Det sementerer forskjellar og korleis vi ser på kvarandre. Utan at ein står opp mot dei, kan slike krefter føre til meir splitting og gjere samarbeid vanskeleg.
Det seier medie-dosent Kenneth Andresen ved UiA sitt Institutt for nordisk og mediestudiar, som saman med UiA-forskar Abit Hoxa hadde grunnideen til forskingsprosjektet RePAST – Revisiting the past – Anticipating the future. I dag, fredag, er han ein av konferansevertane når prosjektet skal oppsummerast. No ser han fram til resultata som blir framlagde.
- Vi vil legge fram dei viktigaste funna og kvar dei ulike ressursane frå prosjektet kan brukast, og kva som er dei neste utfordringane for dei ulike landa og for EU. Deretter samlar vi det vi er komne fram til i ein rapport til EU-kommisjonen, som blir levert i slutten av oktober, seier Andresen.
Forskarane har særleg sett nærare på fire område:
- Det store fellestrekket er at vedtekne sanningar er under press, både av enkelthistorier og «alternative» historier. Vi kjenner igjen dette i Noreg òg. Berre tenk på tv-serien Atlantic Crossing,
der kronprinsesse Märtas karakter vart framstilt på ein måte som skapte stor debatt - både om kva som var «sant» og om kvar stor fridom ein kunstnar kan ta seg med «sanninga», seier Andresen
- Andre døme er omgrep som «alternative history» og «fake history» som vi høyrer frå tid til annan, seier han.
UiAs hovudrolle i prosjektet har vore å kartlegge kva rolle journalistikk og sosiale medium når det gjeld å formidle forteljingar frå fortida, og kva det kan ha å seie for integrasjon i EU.
– Vi er gode på denne typen forsking, og det er her vi gjer ein forskjell og bidrar godt inn i det samla prosjektet, seier Kenneth Andresen.
- Også på dette området finn vi at hovudstraumen er til stades. I alle åtte land som er undersøkte, blir utfordra tradisjonell journalistikk basert på ideal om å vere uavhengig, upartisk og objektivt, av ikkjedokumenterte påstandar, falske nyheiter og tendensiøse forteljingar utan kjeldereferansar, seier han.
Urovekkande er det òg for Kenneth Andresen at dei mest kompromisslause når det gjeld konfliktane i Europa, ikkje er generasjonen som sjølv har opplevd årsaka, men generasjonen etter.
- Oppfatningane om gamle konfliktar er generelt sett mindre nyansert i andre og etterfølgande generasjonar. Dersom ei framstilling festar seg, er desse meir tilbøyelege til å sjå på den som ein «sanning», enn dei som var der då det skjedde. Også dette er ei utfordring for alle som arbeider med konfliktdiskursar, seier Kennet Andresen.
Konferansen, som er open for alle interesserte, blir halden i dag digitalt frå kl. 09.00 her!
EU-prosjekt utvikla på UiA