Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Heldigitalt studentval i vår

Studentvala i år er heldigitale. Koronakrise til trass – heile 65 studentar kjempar no om 40 faste plassar i dei sju fakultetsstyra til universitetet og i Studentparlamentet.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Foto av studenter med stemmesedler i været
SER FRAMOVER: Årets studentval går no. Men valkampen blir halde digitalt på grunn av koronakrisa. (Arkivfoto)

– Vi er godt nøgde med kandidatane vi har fått, og med talet. Vi får no eit reelt val til alle faste plassar i fakultetsstyra, samtidig som alle fakulteta blir representerte i Studentparlamentet. Det er bra, seier leiar Benedicte Nordlie (bilete) i Studentorganisasjonen i Agder (STA).

Sjå alle kandidatane her!

Valkamp på facebook

Studentleiaren legg ikkje skjul på at det har vore krevjande å gjennomføre kandidatinnhenting og valkamp i år. Ikkje før var perioden for å fremme kandidatar i gang, før koronaviruset slo til. Campusane til UiA stengde, undervisninga vart flytta over til digitale plattformer, og studentane vart spreidd for alle vindar.

– Det gjorde at vi og måtte ta i bruk dei digitale kontaktvegane vi har mykje meir enn nokon gang før. Valkamp og merksemd kring studentvala har vi skapt via ei rekke kampanjar på Facebook, Instagram og andre sosiale medium, fortel Benedicte Nordlie.

– I det heile har dette gått overraskande bra. Vi ser at innlegg og presentasjonar har vore mykje delte studentane imellom. Det som no er spanande er sjølvsagt kor stor valoppslutninga vert. Eg oppfordrar difor alle studentar ved UiA til å nytte stemmeretten sin, og stemme!, seier ho.

– Stem før 29. april kl. 14.00!

Veka som no blir utslagsgivande. Sjølve valet blir halde elektronisk i perioden 22. april kl. 10.00 – 29. april kl. 14.00. Studentane kjem til stemmerommet via nettsidene til STA.

– Det er viktig å delta i studentdemokratiet og i studentpolitikken. Ei aktiv deltaking her er med på å sikre rettane til studentane og deira innverknad i universitetets og Studentorganisasjonens verksemd og mål, seier Benedicte Nordlie.